Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Aarland

[#57096] Hans Joakim Johansen f. 29.10.1873 i Ulftstein - Møre og Romsdal ?

Recommended Posts

Gjest Terje Aarland

Er det noen som kan gi meg info om søsken til Hans Joakim Johansen f. 29.10.1873 f. i Sundgot i Ulfsten i Møre og Romsdal. For meg ser det ut som om denne familien tilhørte en kirkesogn i Hareid på Sunnmøre eller i Ulstein og kom fra en gard som muligens heter Nørevartdal. Det er mulig at familien hadde røtter inn i mot Ørsta, men det er bare noe jeg har hørt, men har ingen opplysninger som kan føre i den retningen. Grunnen til at jeg nevner dette er at hans Joakim skal ha sagt at han var i slekt med Ivar Aasen, men jeg har ingen sikre holdepunkter for dette. Her er litt info om det jeg vet om denne familien. LenkeI dette tema som jeg her viser til etterlyser jeg info om datteren til Hans Joakim Johansen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Her er konfirmasjonen til Hans Joakim Johansen. Dere finner han på nr. 1 av gutter Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Er det nokon som kan tyde kva det står i kirkeboken under pkt. 7 her? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Først sorterer vi geografien; Sundgot ligg i Ulstein sokn, Ulstein prg. Nøre Vartdal ligg på Vartal (Vartdalsstranda), som før 1877 låg i Hareid sokn, Ulstein prestegjeld. Før 1820 låg Vartdal i Ørsta skipreide (lensmannsdistrikt). Sjå meir her: http://folk.ntnu.no/ivarse/grenser.htmlI bygdeboka for Ulstein og Hareid, b.4 s. 442 (Sundgot bnr.5) finn vi Hans Davidson Mork, Ørsta, 1834-1870, g. Berte Johanne Amundsd. Hovden, Ørsta, 1842-1918. Brukte garden frå om lag 1863. 3 born.Berte Johanne vart oppattg. 1873 (Karl) Johan Jakobson Ekremyr, Herøy, 1844 - 1912. Eitt barn, Hans Jakob 1873, g. Tomina Jakobsen, busett Stavanger.Det er nok desse du har funne.Lenkja i (4), par nr. 7: Juni 29 (1873); Ungkl. Carl Johan Jacobsen Klungsøir og Enke Berthe Johane Amundsd. Sundgot. F. Klungsøir, O. Sundgot. Hennar fødestad er retta til Hovde. Det som er stroke over (Ste....?) er vanskeleg å lese. Det er uklart om 'i Ørsten' er stroke over, eller om det skal stå. han er 29, ho er 32; fedre: Jacob Olsen, Amund Torgersen. forlovarar: Nils Nilsen og gerhard Ingebritsen Sundgot. (grannane på Sundgot). Lysing 1., 2. og 3. s. e. tr. merknad: 'Forevist Attest for Skifte..? d 12 Juni dette Aar'Opphavet til (Karl) Johan er litt uklart. Det var ein Jacob Olsen (Olsen som arva etternamn, faren heitte Sivert) som stod som eigar og brukar av Klungsøyr på 1830- og 40-talet (men budde først på Herøy). Men kona hans er for gammal til å vere foreldre til 'din' Karl Johan. Derimot har dei ein son, Jacob f. 1816, som sikkert også kalla seg Jacob Olsen. Men om honom er det ikkje sagt meir. (Herøyboka, Gardar og folk, b.2 s.435 (Herøy bnr.1) og b.3 s. 57 (Klungsøyr bnr.1). I prinsippet kan både den eldre og den yngre Jacob vere far; og då kunne ein tenkje seg at mora oppheldt seg på Nøre-Vartdal då Karl Johan vart fødd. Du lyt sjå etter i kyrkjeboka (Herøy, og Ulstein dersom han ikkje er der).Berte Johanne finn vi att i Ørstingar 1 (Dale, 1995), s. 610 (Ytre Hovden 0609), ho er fødd 1842, foreldre Amund Torgeirson Selbervik, 1803-82, g. 1828 Berte Johanne Jonsd. Hovden, ca. 1800 - 1870. I alt 7 born.Og tilknytinga til Ivar Aasen: Bror hans, Jon (f. 1803), var g.m. Synneve Torgeirsd. Selbervik (f. 1800), syster til Amund, far til Berte Johanne. (Men det kan vere andre samband også.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Eit tillegg, om Karl Johan: Han var fødd på Ekremyr v. Klungsøyr i Herøy (altså ikkje Nøre-Vartdal).Ekremyr var ein plass låg mellom Klungsøyr og Tjervåg. Jacob Olsen på Klungsøyr (jf. (5)) ga plass-setel til ein annan Jacob Olsen; Jakob Bendik Olson Langlo frå Stranda. Det var denne Jakob, og kona Pauline Margrete Pålsd. Raftenes, som var foreldra til Karl Johan. Plassen vart rekna til Klungsøyr, og folket der brukte dette som etternamn. Seinare vart plassen skyldsett som bruk under Tjervåg, bnr. 6 og står difor der i bygdeboka (b.2 s. 30).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Eg prøver å orientere meg i området og vil spørje om dette er det rette stedet. Lenke Det er mulig at eg finner feil kart, men det er eit forsøkt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det er Nøre Vartdal, ja.Flytt kartutsnittet slik at N.Vartal kjem i høgre kant, så har du Sundgot i venstre kant. Og litt til, så finn du Tjervåg (Tjørvåg). OM du zomar inn ved Tjervåg, finn du Klungsøyr og Ekremyr også.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Budde dette foreldra til Hans Jakob (f.1873) framleis i Vardal då Hans Joakim (Jakob) vart fødd i 1873 eller budde dei i Herøy eller på Herøy?Hadde foreldra hans fleire born og kvar budde dei?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Foreldra til Hans Joakim budde på Sundgot. Far (Karl) Johan var fødd på Ekremyr, Klungsøyr/Tjervåg, Herøy, og har ikkje noko tilknytning til Vartdal så langt eg kan sjå. (Bygdeboka fører eit namn i parentes når det er kjent at beraren ikkje brukte det i det daglege; dvs. at Karl Johan vart kalla Johan.)Eg veit ikkje kvar du har fått Vartdal frå (i (1)og (3)), men det er utvilsomt eit feilspor.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Når det gjelder Vartdal så er det nok litt tilfelding at det var nemnd. Det er vel, kanskje fordi dette namnet er nemnd i andre samanhengar som NøreVartdal o.l. Spørsmålet mitt var eigentleg om foreldra til Hans Joakim hadde andre barn fødd etter 1873?Hans Joakim var morfar til mi svigerinne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Eg finn som sagt ikkje noko samband til (Nøre) Vartdal. Det kan naturlegvis tenkjast at nokon (t.d. Johan eller Hans) har hatt teneste der på eit tidspunkt - det er trass alt ikkje så langt unna; men det 'gjeld' ikkje...Det er berre eitt barn på dette paret i bygdeboka, og det er lite grunn til å tru at det var fleire (bortsett kanskje frå dødfødde eller døde spedbarn, som av og til er utelatne). Mora hadde fire (ikkje tre som eg skreiv) frå første ekteskap. To døtre g. og busett Ålesund, ein son som d. 23 år gl, og ein son (David) som tok over garden og har etterkomarar i bygda.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Har du namn på dei to som busette seg i Ålesund? og evn. etterkomarar etter David?Namn på dei som lever i dag kan du evn. sende til:austevollslekt@gmail.com

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Regine ('Gina') 1861-1952; Anne Berte f. 1863.Det vil føre for langt å skrive ned etterkomarane etter David (9 barn -dei fleste med barn, barnebarn osv.). Du får heller låne boka (b. 4 og 3; http://folk.ntnu.no/ivarse/bygdebok.html ) på biblioteket og sjå.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Kan eg få namnet på bygdeboka (ene) som eg treng for å finne ut det eg treng av ingo?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Dersom søstrene i innlegg 14 vart gifte, er det mulig å få etternamnet deira og eller namna på mennene deira?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Regine g. Hans Kylling; Anne Berte g. Nikolai Kvamme. Ingen årstal eller opphav for nokon av dei. Kylling er eit stykke opp i Romsdalen (Kors sokn, Grytten); Kvamme kan vere fleire stadar, m.a. i Sande (Kvamsøya). Om du finn dei i FT1900, står det kanskje fødestad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Eg har gjort mange søk for om mulig å finne desse søstrene, då særleg Anne Berte, men finner dei ikkje i 1900. Er det nokon som kan hjelpe meg å finne dei?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Johannessen

Her er et par i Ålesund i 1900: Nikolai og Anne Berte Kvam, med fire barn. Anne Bertes fødselsår er trolig feilført i folketellingen. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Takk for infoen så langt. Jeg har søkt litt i kirkebøkene for Ålesund etter 1900 for å se om det kom flere barn etter FT, men har foreløbig ikke funnet noen. Jeg kunne tenke meg å få fødselsdato til de barna som er reg i ft for 1900. Jeg kan søke i Kirkebøken for å se om jeg finner dem.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Var det barnet som ble født i 1898 dotter til den første eller andre kona til Nikolai?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Guten, Laurits, var son til den første; som du ser, døydde ho av barselfeber.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×