Gå til innhold
Arkivverket

[#57130] Hemming Foss Jochumson Gjønnevåg i Solund (1789-1848) og dotteri Elen Marie?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Hemming Foss Jochumson (1789-1848) gifte seg i 1818 med Clara Thorsdotter frå Hafslo (1790-1865) og budde som plassfolk under Gjønnevåg nordre i Solund.So vidt eg kan sjå, fekk dei tre levandefødde born, sønene Thor og Ole, som båe var gifte og budde i Solund, og so dotteri:* Elen Marie Hemmingsdotter, fødd i Solund 21.12.1822.Er det nokon med lokal kunnskap i Solund som kan fortelja meg noko om lagnaden til denne jenta?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Det kan vel ikke være så mange med hennes navn. Jeg fant en i Tromsø, men jeg er i tvil pga. farens navn og at hun er vel et par år for gammel. Vielsen i Tromsø, nr.50: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit og Gisle for spennande nye innlegg. Eg hadde nok ein mistanke om at Elen Marie i Tromsø ikkje kunne vera ''vår'' Elen Marie, og du Gisle har stadfest dette.Men, kvar vart det so av Elen Marie frå Gjønnevåg...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Siren Eldøen

Elen Marie Hemmingsdatter døde 14-10-1895. Sogn og fjordane Solund/Hersvik Ministerialbok B1 1891-1901 Døde og begravede 1896 s.40Siren

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Flott! Dette burde jo eg ha visst :-)Men kvar er ho ved FT1865?Og så skulle eg gjerne ha visst kvar og når broren Ole (og kona hans) døde?Og når/kvar døde Hemming?MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Gisle, her er utdrag av manuskriptet mitt fir denne huslyden:Clara Thorsdotter (Moe), f. i Hafslo kring 1790, flytte i ung alder til Solund der ho 24.6.1818 gifte seg med Hemming Foss Jochumson frå Gjønnevåg nordre i Solund. Han var son av gardbrukar Jochum Aritzson på Gjønnevåg nordre, opphavleg frå Straumen, og kona Elen Marie Jansdotter frå Inderøya og vart døypt i Solund (Gulen) 25.6.1789. Hemming og Clara tok over ein del av heimebruket hans på Gjønnevåg nordre i Solund, men tok i 1828 kår og flytte til plassen Hilleren under Gjønnevåg nordre der Hemming d. som husmann 20.4.1848. Clara gifte seg 8.7.1849 att i Solund med Jan Ananiasson frå ein plass under Gjønnevåg nordre i Solund. Han var son av husmann Ananias Olson på ein plass under Gjønnevåg nordre og kona Johanna Thomasdotter frå Øyjorden og vart døypt i Solund 17.12.1807. Jan var fiskar, men flytte rimelegvis inn på Hilleren hjå Clara, og parfolket vart buande som strandsitjarar under Gjønnevåg nordre der Clara d. husmannskone 11.5.1865. Jan Ananiasson d. som enkjemann og innerst same staden 20.5.1878. Clara fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet:a. Elen Marie Hemmingsdotter, f. i Solund 21.12.1822, d. som legdelem på Urtegard i Solund 14.10.1895, ugift.b. Thor Hemmingson, f. i Solund 9.9.1825, d. som husmann på Nåra i Solund 7.3.1907. Thor gifte seg i Solund 16.5.1855 med Johanna Rasmusdotter frå Hagen i Solund. Ho vart i Solund 7.10.1815 og d. som husmanskone på Nåra 27.10.1898. Thor var fiskar, og han og Johanna budde på ein liten plass under Nåra i Solund. Dei fekk ei dotter i lag.c. Ole Hemmingson, f. i Solund 22.10.1828, d. som husmann på Tangenes i Solund 22.8.1882. Ole gifte seg i Solund 1.7.1861 med Synneva Thomasdotter frå Lien. Ho var f. i Solund 11.10.1833 og d. som husmannskone på Råke i Solund 12.8.1899. Ole var fiskar, men han og Synneva hadde dessutan ein liten plass under Tangenes, truleg i Sanviki. Som enkje gifte Synneva seg 14.1.1889 att i Solund med enkjemannen Peder Jacobson frå Stokkevågen, f. i Solund 26.2.1823. Han d. som enkjemann på Råke 2.12.1899. Peder hadde før vore husmann i Stokkevågen, men flytte inn på Tangenes hjå Synneva og sidan vidare til Råke. Synneva fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.Vonar dette kan vera til hjelp?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Mange takk Lars!a. Urtegard er ein plass under Engevik.c. Dette andre giftarmålet til Synneve hadde eg ikkje fått med meg.MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.