Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#57160] Peder Sjurson Landro (1819-1891) - frå Hafslo til Fjell (Sotra) - huslyden hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Peder Sjurson, døypt i Hafslo 11.7.1819, voks opp i Sogndal, men gifte seg i Bergen 22.12.1844 med Anna Karine Johannesdotter, fødd i Bergen 25.12.1814. Dette parfolket busette seg på Landro i Fjell der Peder var smed og sidan landhandlar. Han døydde på Landro 3.4.1891 og er då kalla gardbrukar.* Kona Anna Karine skal vera avlidi mellom 1865 og 1875, men eg kan ikkje finna dødsfallet hennar! Er det augi mine som sviktar?* Eg kjenner til fire born etter dette parfolket: Marius Andreas (Bergen 1844), Karen Marie (Fjell 1848), Johannes (1850) og Nils (1851). Hadde dei fleire?* Mor til Peder Sjurson, Mari Andersdotter, vart døypt i Hafslo 12.11.1786 og forsvinn òg frå Sogn. Kanskje ho òg hamna i Fjell?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

WOOPS, ein ny kikk gjennom kyrkjebøkene frå Fjell har avslørt dødsfallet til Anna Karine Johannesdotter Landro 20.4.1869. So første spørsmålet mitt går ut...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore for nyttig inlegg. Då går eg ut ifrå at Peder Sjurson ikkje hadde fleire enn dei fire borni i ekteskapet og eitt som enkjemann.Men framleis er det eit mysterium kvar det vart av mori Mari Andersdotter...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Turøy

Hei LarsEg har heller ingen opplysningar om Mari Andersdotter, men kan fortelje litt om sonen, Peder Sjursen.Han var ein svært fargerik kar. Då han flytta til Fjell budde han dei første åra på Solsvik der han livnærte seg og familien som smed og fiskar. I 1851 flytta han med familien til Landro der dei flytta inn på ein husmannsplass i Avlaupet.I 1879 kjøpte Peder Sjursen tre bruk på Landro for kr. 2000,-. Korleis Peder hadde råd til dette var ei gåte både då og no, men rykta seier at han hadde funne pengeskrinet til eit skip som hadde forlist vest for Landro. Men det var det ingen som kunne prova. Svaret på det visste berre Peder og det tok han med seg i grava.I 1883 rekvirerte Peder Sjursen utskiftning på Landro. Dette var dei andre brukarane i mot då dei ikkje såg seg råd til det. Men Peder fekk viljen sin. At Peder var ein temperamentsfull person kan klippet frå utskiftingsprotokollen nedanfor tyde på:’Mellemtiden af Formanden ved Forhandlinger med Partene har været sagt bilagt, gjenoptages endnu en Gang til videre Gransking med det Resultat, at Peder Sjursen efter mange og lange Ventilasjoner og Diskussioner frafaldt sin Paastand om Eiendomsret til den omtvistede Strækning, hvorved altsaa den af hans Modpart paastaaende Skøytelinie bliver gjeldende’.Dersom det er av interesse har eg oversyn over etterkomarane til Peder. Det var berre Marius og Karen Maria vart gift. Men berre Marius fekk born. Ei dotter. Men til gjengjeld fekk ho tolv born.Beste helsingTore Turøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore for interessante opplysningar om Peder Sjurson. Han var tydeleg ein svært fargerik person. Kunne eg ha tala med han, ville eg likevel først spurt han kvar det vart av mori hans...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.