Gå til innhold
Arkivverket

[#57172] Johannes Olson Dahl, fødd 1829 Vik, Sogn - til Skien 1855 - til Christiania 1857


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Olson Dahl, son av kopparsmed Ole Christenson Dahl og jordamor Cecilia Andersdotter, var fødd i Vik i Sogn 30.4.1829. I 1855 fekk han som snikkar flytteattest til SKIEN. I 1857 melde han seg ut av statskyrkja og flytte til Christiania (Oslo) som snikkarsvein.Eg ser ikkje noko meir til Johannes etter den tid. Fleire av søskeni hans utvandra til Amerika i 1860-åri, so kanskje ogso Johannes hamna der?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Ove Wangensteen

Hei LarsMulige dette er et fryktelig bomskudd, men jeg fant en enke i Oslo i FT 1875 men Dahl som navn og hun driver et snekkerverksted og er i tillegg dissenter. LenkeLars Ove

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars Ove for eit SVÆRT so spennande innlegg. Kombinasjonen av snikkarverkstad, dissentarar og ikkje minst namni Cecilie (oppkalling etter bestemori?) og Johannes Olai (oppkalling etter ein avliden barnefar?) synes vera gode ''indikasjonar''. MEN, kvar er denne huslyden i 1865? Og, er det mogeleg å finna kyrkjebokinnførsler i Christiania for denne dissentarhuslyden?Dette vert skikkeleg spennande, Lars Ove!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Som du kanskje har observert, Lars Ove, so har det synt seg at du fann den rette huslyden (sjå tema #57185). Og kyrkjebøkene for Trefoldighet (dissentarar) syner både vigsli til Johannes, dødsfallet hans, fødsel for 6 born og dødsfall for 2 av borni).Og so mellom ''utmelde frå statskyrkja'' finn eg ei Anna Olsdotter, som visstnok er fødd i Strøm (Odalen?) kring 1832 (26 år i 1858) (Lenke).No er utfordringi i første rekke å identifisera Anna Olsdotter, både opphavet hennar i Odalen og dødsfallet hennar i Christiania?Nok ein stor takk, Lars Ove, for framifrå ''teft''!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Dersom Cecilie Korette, eldste dotteri til johannes og Anna, er oppkalla etter bestemødrene, so er Anna kanskje identisk med denne jente:* Anna Olsdotter, fødd i Strøm 1.7.1832 som dotter av Ole Thorson Udgaard og Kari Halvorsdotter (Lenke)Kanskje bygdeboki for Odalen har noko å bidra med?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.