Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#57225] Ole Martin Jensen, fødd Opsand store i Kråkstad 1855 - sidan i Vestby? - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Martin Jensen, fødd på Opsand store i Kråkstad 8.3.1855 som son av gardbrukar Jens Thoresen og kona Maria Ellefsdotter (Lenke), er i 1865 ein del av denne huslyden på Opsand store i Kråkstad:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Hans Toreresen ug Eier Gaardbr. Smed 1830 Kraakstad Prgj.Malia Toreresen hans Søster ug styrer Huset 1839 Kraakstad Prgj.Ole Jensen ug Lægdsbarn 1855 Kraakstad Prgj.Martin Nilsen ug Tjener 1835 Kraakstad Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Det kan sjå ut som foreldri Jens og Maria kanskje var avlidne og at Hans og Malia var søsken til faren Jens...?Ole Martin Jensen var i 1911 sagt å vera gardsarbeidar på Kjensli i Vestby då han 28.1.1911 gifte seg i Christiania med Kari Johannesdotter Moe, fødd i Hafslo i Sogn 9.3.1867.Det vert i Sogn fortalt at Ole Martin og Kari busette seg i Christiania (Oslo), men for nokon i Sogn kan vel Vestby like gjerne vera det same som Oslo...!?Eg er på leiting etter opplysningar om lagnaden til Ole Martin og Kari, og vonar at einkvan med tilgjenge til ei bygdebok for Kråkstad eller andre lokale kjelder kan bidra med opplysningar, som til dømes dødsdatoar?Eg er ogso på leiting etter opphavi til Jens Thoresen og kona Maria Ellefsdotter, som ikkje ser ut til å vera vigde i Kråkstad...?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Det siste stemmer nok, for Hans og Malina (eller Mathea f. 1839) som er i huslyden til Ole M. i 1865 er søsken til faren hans.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Harald Fjellheim

Hei!Hvis du går inn på hjemmesiden Ski Slektshistorielag som er:http://www.skislekt.no/så finner du både Kråkstad bygdebok samt opptegnelser fra slektshistoriker Trygve Vik om 1700 talls slekter i Kråkstad. Veldig nyttig.Lykke til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle og Per Harald for interessante og spennande innlegg. Eg freista nettopp å gå inn for å studera bygdeboki for Kråkstad, men fann ikkje nokon ''link''...Uansett har Gisle prova opphavet til Jens Thoreson frå Opsand store. Det som tydeleg er vanskeleg, er å finna opphavet til (Anna) Maria Ellefsdotter, kona hans. Eg vil tru det står noko om dette i bygdeboki...Elles vonar eg det let seg gjera å finna ut meir om lagnaden til Ole Martin og kona Kari...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for nytt, men akk so skuffande innlegg. Denne bygdeboki har tydeleg ikkje stor interesse av damene...Eg finn ikkje vigsli til Jens Thoreson og (Anna) Maria Ellefsdotter i Kråkstad, og då kan dei jo ha gift seg kvar som helst...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for kjempeflott innlegg! Korleis fann du ut av dette?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Søkte på FS etter Anne Ellefsdtr. f. 1825 +/- 10 år og så på de som hadde mellomnavn Marie i nærheten av Kråkstad og da fant jeg dette med litt flaks også da.Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg freista faktisk det same, men gjekk ikkje lenger attende enn til 1820...! Velvel; hovudsaki er jo at problemet vart løyst, og eg er svært takknemleg for den framifrå hjelpi di, Carsten!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×