Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#57262] Peder Arneson Strømsnæs og Gjertrud - frå Sogn - til Kinn - til Trondheim 1870?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1900 for Sandgata 71 i Trondheim syner dette parfolket:~~~~~~~~~~~~~~~~~~Peder Strømsnæs hf g Losseskjau 1837 Stromnæs SognJertrud Strømsnæs hm g Husbestyrerinde 1856 Hofsta Pr Sogn~~~~~~~~~~~~~~~~~~Peder Arneson Strømsnæs var fødd på Strømsnes i Leikanger 11.11.1838, men flytte i 1853 til Fjaler og sidan til Eikefjorden i Kinn der han 8.4.1866 gifte seg med Gjertrud Torstensdotter Moe, fødd i Hafslo 30.3.1843. Dei fekk to born på Reksten i Eikefjorden, Kinn og sidan minst ein son i Trondheim, men huslyden er elles ukjend:* Rakel Bertine, fødd i Kinn 17.4.1866* Anna Cathrine, fødd i Kinn 7.7.1868* Thomas, fødd i Trondheim (Vor Frue) 13.10.1877Er det nokon der ute som har høyrt gjete denne huslyden? Eg er på leiting etter dødsfalli til Peder og Gjertrud og likeins opplysningar om lagnadane til borni deira.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Dette kan være Rakel selv om det står f. TrondhjemLenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Ein Thomas Strømsnes vert gravlag i 1966 i Trondheim, ref. DIS-Norge/ Gravminner. Kan dette vere rett kar?817038 Thomas Strømsnes 1966 2605 1966 13 F 15 Stavne Trondheim Ilen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Jeg så det sto Ragnsø ved dåpen til Rakel. Her står det Rangsø på denne Rakel. Finner ikke resten av fam. i 1875.Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

berre til informasjon, så ligg ikkje øya Reksta (med opprinneleg 2 gardar) i sjølve Eikefjorden, men er eit av mange øyar vest for Florø. Den ligg for så vidt vest for innløpet til Eikefjorden, men eit godt stykke lenger vest.helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Her er dåpen til Rachel Bertine i krk.bok frå Kinn LenkeDet står Rognsø-Rexten på oppholdssted. Rognsøya er skilt frå Reksta med eit smalt sund, og låg ved garden ytre Reksta. Idag er øya knytt til Reksta med bru, og er ein del av bygda Rognaldsvågen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, Gisle og Torbjørn for kjempeflotte innlegg om denne huslyden. Eg har no hatt god tid til å gå gjennom opplysningane, og med litt ekstra leiting i kyrkjebøkene for Kinn har eg no sett opp følgjande ''status'' der ¤¤¤¤¤-teikni markerer opne spørsmål (eg tek utgangspunkt i Gjertrud, som var fødd i Hafslo):~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Gjertrud Torstensdotter (Moe), f. i Hafslo 30.3.1843, flytte i ung alder til Kinn der ho 8.4.1866 gifte seg med Peder Arneson Strømsnes frå Rongsøy i Kinn. Han var son av murar Arne Ellingson på Kinn i Kinn, opphavleg frå Strømsnes i Leikanger, og kona Anna Olsdotter frå Frønningen og f. i Leikanger 11.11.1838, men flytte i 1853 med foreldri til Fjaler og derifrå vidare til Kinn. Peder og Gjertrud vart buande nokre år som innerstfolk på Rongsøy (Reksten) i Kinn, men flytte kring 1876 til Trondheim, der Peder livnærte seg som bryggjesjauar. Han d. på sjukehuset i Trondheim 26.2.1918, medan Gjertrud Strømsnes d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1918!)Me kjenner til seks born etter dei:a. Rakel Bertine Pedersdotter Strømsnes, f. i Kinn 17.4.1866,¤¤¤¤¤ (lagnad?)b. Anna Cathrine Pedersdotter Strømsnes, f. i Kinn 7.7.1868,¤¤¤¤¤ (lagnad?)c. Albertina Severine Pedersdotter Strømsnes, f. i Kinn 23.2.1871,¤¤¤¤¤ (1900: ugift syerske i Christiania! - lagnad?)d. Thomas Pederson Strømsnes, f. i Kinn 7.9.1873, d. i Kinn 9.9.1873.e. Johanna Christine Pedersdotter Strømsnes, f. i Kinn 24.7.1875,¤¤¤¤¤ (1900: ugift tenestejente i Christiania! - lagnad?)f. Thomas Pederson Strømsnes, f. i Trondheim 13.10.1877,¤¤¤¤¤ (lagnad? – ?d. Trondheim ca. 20.5.1966, i so fall gift med Gurine Amalie, d. ca. 20.6.1944)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Her er fleire fine tråder som går an å følgja opp, særleg dødsfalli til:* Peder Strømsnes i Trondheim 26.2.1918* Thomas Strømsnes i Trondheim ca. 20.5.1966Eg har sendt av stad eit spørsmål om dødsmeldigane til desse personane og vonar at Statsarkivet i Trondheim kan hjelpa med det. Elles vert det vel ikkje so enkelt å finna ut meir om dei fire jentene i denne huslyden...?Nok ein gong ein stor takk for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Dersom du ser i 1865-tellinga for Kinn, vil du finne Peder som losjerande fiskar hos enkja Sara Nilsdtr. på Ytre Reksta. Du finn óg Lasse Arnesen (broren?) som losjerande fiskar og Gjertrud Torsteinsdtr. som losjerande dagarbeider i same huslyden.Iflg. denne tellinga vart Peder og Lasse fødd i Leikanger pr.gj., og Gjertrud i Hafslo pr.gj..Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Haugros

Hei!Mon tro om ikke dropsfabrikkarbeiderske Skjoldvor Strømsnes som gifter seg med Egil Marius Øyangen 17. september 1927 i Ila kirke, er datter til Thomas Strømsnes f. 1877? Permanent sidelenke: LenkeMvh. Randi Haugros

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Haugros

Hei!Her er trolig en datter til: Gerd Guri Magda Strømsnes: Permanent sidelenke: Lenke Mvh Randi Haugros

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Haugros

Hei! Her er dåpen til Skjoldvor, Vår Frue kirke 1907, nr. 1: Permanent sidelenke: Lenke Mbh Randi Haugros

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Haugros

Hei!Her er en sønn, Torbjørn Albert Strømsnes f. 9. juni 1908 i Vår Frue, konfirmert i Ila kirke 1923, nr. 19: Permanent sidelenke: LenkeDa vil jeg tro du finner flere barn ved å lese gjennom konfirmerte i Ila fra 1923 eller døpte i Vår Frue fra 1908. Mvh. Randi Haugros

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn, Carsten og Randi for nye spennande innlegg, innlegg som i prinsippet bør gjera det mogeleg å finna tak i nolevande etterkomarar. Eg ser Gerd With døydde so seint som i 1993 (ifølgje gravferdsregisteret). So dette er heilt fantastisk!Nok ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×