Gå til innhold
Arkivverket

[#57320] Enklare å finna alle opplysningar om ein person


Gjest Jan Oldervoll
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Du har kanskje lagt merke til at det er kome eit forstørrelsesglas bak ein del personar. Trykkjer du på det vil systemet leita gjennom alle databaser for å finna nokon som har identisk likt førenamn og etternamn og er fødd frå tre år før til tre år etter fødselsåret oppgjeve der du finn glaset.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Her må det vera noko gale. Eg nytta han Henrik'en min denne gongen òg; eit par gonger som far i Bergen. Men då søkte systemet etter ein kar i åra mellom 1500 og 3! og fann sjølvsagt ingen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg leita meg fram til Henrik Davidsen som far i Bergen, han vart det fleire gonger frå 1848 og frametter. Eg opna fyrst dåpen til sonen David i 1848 og klikka på forstørringsglaset bak Henrik. Så såg det ut som det vart søkt tre gonger etter kvarandre med resultat 0. Men det stod då at søket var etter ein person mellom år 1500 og 3. Gjekk eg så inn i valfeltet kor 3 stod, kom det opp ei rekkje tal frå 3 mot null og minus og deretter stigande årstal fram mot 2008.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Kan du ikkje berre gje meg lenka til den personen du finn forstørrelsesglaset på, så sparer eg for det første tid og for det andre, og viktigaste, er eg sikker på at eg ser på rett person.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Bjørn: Takk skal du ha. Eg har nok vore litt slepphendt med glasa mine. Føresetnaden for at eg skal kunna gjera søket er at eg viet så nokolunde kva tid ein person er fødd. Det er ikkja alltid like lett, fordi det har vore vist stor fantasi i måtar å registrera alder og fødeår på.Arnfrid: Småkakene må nok vera på plass. Kvar er det blitt av husmoræra di, Arnfrid. Eg trudde du høyrdet til den generasjonen kvinner som alltid hadde ei sareptas småkakekrukke på lur?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Der fekk eg meg ein, ja.Nei, eg har tillete informasjonskapslar, som det heiter hos meg, så det var nok ikkje det denne gongen. Det at eg har tillete dei gjeld alt innan da2.uib.no fann eg ut. Skal prøva på Mac'en. om det går bra der så må det vera eit Linux-problem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Hos meg virket det fint, trykket pâ glasset og fikk opp 10 svar med samme navn.Dette er veldig bra-:)mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Nei, no skjønar eg problemet hjå meg. Den nye globale søket avslørte kva som eigentleg er problemet. Eg må nemleg logga meg på debattforumet på nytt, og på DA elles, kvar gong eg har laga eit innlegg. Eg veit ikkje av kva grunn.På Macen er eg framleis pålogga etter nytt innlegg. På basemaskina mi må eg dessutan logga meg på ekstra for å gjere globale søk og søk i indekserte KB. Dette må eg sjølv om eg er pålogga DA elles og DF.Dette har vore slik heile tida. Noko som fører til at ved globalt søk må eg først inn der og logga meg på, så gå attende til ein aktuell database og så klikke på 'aukeglaset' (som morfar sa det).Eg veit ikkje om dette er noko du Jan kan rettleie meg i, og får vel helst be jr koma heim og sjå på det ein dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

no la eg inn tillat inf.kapslar både for da2.uib.no og digitalarkivet.no men nei.prøver utan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

utan fekk eg ikkje logga meg på. har det nå som før, tillatt for de2.uib.no og digitalarkivet.nomen må logga meg på kvar gong eg har skrive eit innlegg + på eigen pålogging for globale søk og indekserte KB.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Halvorsen

Det har dukket opp noen uforklarlige fødselsår=1900 i flere forskjellige områder jeg har gjort søk det siste døgnet. Kan dette ha sammenheng med introduksjon av forstørrelsesglasset ?For ordens skyld har jeg sjekket mot Registreringssentral for historiske data og der vises riktig fødselsårEksempel: DA - [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=f00231&gardpostnr=833&personpostnr=6787&merk=6787#ovre>Lenke Rhd -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Arnfrid: Sidan det framleis synest vera berre du som har problemet må det så vidt som eg kan frostå vera cookie-innstillingar hos deg som er problemet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Aase, har du Linux?No får eg opp eit vindu om at eg må tillata informasjonskapslar for å bruke søkesystemet til DA. Det er nytt.Men, eg har no prøvd det meste, og eg må framleis logga meg på DF, globale søk og indekserte KB, kvar og ein. Her er innnstillingane min:

bilete4351.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Slik eg les dette har du no blokkert alle cookies frå Digitalarkivet. På venstre skjerm har du sagt at du skal tillata informasjonskapslar. I den høgre gjev du unntaka, da2.uib.no og digitalarkivet.uib.no. Med andre ord, desse vil du ikkje godta. Alle andre servarar enn digitalarkivet.no og da2.uib.no vil få lova å leggja cookies på maskinen din. Fjernar du dei frå lista vil alt gå bra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

No har eg vinauge 1 som vist ovanfor. Vindu 2 har eg fjerna nettstadane, slik at der er det tomt. No skal eg sjå om eg må logga meg på att, og i tilfelle kvar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

eg måtte logga meg på alle tre stadane, akkurat som før. Men det er ikkje noko stort problem for meg. ikkje stress meir med det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Når eg går inn på Brukarforum, loggar eg meg gjerne på for å sjå i korga mi. Vil eg så svare på dette i Arkivforum får eg melding om at eg ikkje er pålogga, og gjer det. Viss eg går inn på lenka til 'tverrsnitts-søket' må eg logge meg på igjen. Er det ikkje alle som har det slik, altså? Eg tykkjer det er forferdeleg tungvint og vil helst ikkje ha det slik. Eg brukar IE, men det har ikkje gjort nokon skilnad om eg flyttar glidebrytaren mot mindre sikkert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.