Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Tore Nordvik

[#57343] Ole Johannesson Haugarvoll n 1786, frå Fusa til Kausland i Sund, Hordaland?

Recommended Posts

Gjest Tore Nordvik

Johannes Lassesson Nerhovde f. 1692 var gift to gongar, første gong 1730 med Gunvor Johannesdotter Berlandstveit, og andre gong 1739 med Anna Olsdotter Åse. I første ekteskap hadde han borna Guro f. 1731, Johannes f. 1734 og Lasse f. 1738. I andre ekteskap hadde han Marita f. 1740, Nils f. kr. 1741, Lasse f. 1742, Lasse f. 1744 og Ole med ukjend fødselsår, men busatt på For i 1786. Alt dette er henta frå O. B. Skaathun: Soga om Fusa, Hålandsdal og Strandvik b. III s. 82.I tillegg kan me lesa at neste brukar på garden var Johannes Johannesson Haugarvoll f. 1734. Han vart gift med Marta Jonsdotter og fekk borna Gunvor, Jon, Ingeborg, Guri og Johannes. Dette ekteparet flytta frå Fusa til Eidesund i Sund prestegjeld. Der er det halde skifte etter dei, og det er referert her: [url="http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=arkiv&temanr=31175&sok=Tore+Nordvik&nr=17&antinnlegg=8#anker>Lenke Dessutan er dette teken opp i denne debatten: LenkeSpørsmålet er difor: Er Ole Johannesson Kausland som vert vigd med Eli Eliasdotter Lenke og som er 56 år på Kausland i 1801 Lenke og som vert gravlagd 25.12.1802, 59 år, den same som Ole Johannesson Haugarvoll nemnd busatt på garden For i Fusa i 1786?Når Marta Johannesdotter døydde på Eidesund hadde ho uteståande 3 riksdalar til Ole Johannesson Kausland, og når Johannes Johannesson Nerhovde døydde i 1798 på Eidesund, møtte den siste kona hans med Ole Johannesson Kausland som lagverge. Dessutan hadde Ole Johannesson Kausland Johannes Johannesson på Eidesund som fadder på eldste dottera Anna døypt 4. oktober 1795 Lenke, og son til Johannes Lassesson, Johannes Johannesson Kausland som fadder på sonen Johannes som vart døypt her LenkeNår og kvar er Ole Johannesson nemnd på For i 1786 fødd og døypt? Kva kjelde nytta Skaathun for å plassere Ole Johannesson på garden For i 1786?Johannes Lassesson sine born i andre ekteskap Nils f. kr. 1741 d. 1768 vart vigd 1764 med Kari Engelsdtr Øyjorda (Berlandstveit), Marita f. 1740 d. 1803 og gift 1772 med Sjur Pedersson Sævareid/Boge øvre, men busatt på Lunde i Os, Lasse f. 1744 busett Håkelsund, truleg det som er Håkonsund i Sund prestegjeld i dag.Dei sjømilitære rullane nemner Ole Johannesson Kausland som fødd på garden Lunde. Det er 16 Lundegardar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, dessutan ei rekkje andre gardar med Lund i namnet, men kan det vere Lunde i Os som her er meint sidan søstera Marita budde der? Sjå og

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.