Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#57437] Helene Carstensdotter Møklebust, f. Fjaler 1822 - kven var foreldri hennar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Helene Carstensdotter var fødd i Fjaler (ytre Holmedal) 4.8.1822, dotter av Carsten Olson og Orlaug Christophersdotter å Møklebust. Yrkestitel er ikkje oppgjeve (Lenke)Er det nokon med lokal kunnskap i Fjaler, eller eventuelt med tilgjenge til ei bygdebo, som kan fortelja meg:* Kva yrkestitel hadde Carsten Olson, gardbrukar eller husmann eller kva?* Frå kva gard (i Fjaler) hadde Carsten Olson oppphavet sitt?* Frå kva gard (i Fjaler) hadde Orlaug Christophersdotter opphavet sitt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Orlaug C. ser ut til å vera dotter av Christopher Olson og Synneve Simonsdotter. Denne garden ligg, etter det eg veit, i Vassdalen i Dale sokn. Orlaug var då mest truleg syster til Simon C. som var slegen ihel i Aurevåg i Fjaler i 1814. (Sjå Bergensposten nr. 3/2006, side 3 - Drapet i Aurevåg). ft1801: Lenke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Her finn du Carsten i ft1801, heime hjå mora og stefaren: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørn for interessante funn om denne huslyden. Då ser opphavi til desse foreldri ut til å vera på plass, og utifrå dei ser det ut til at Carsten og Orlag har vore gardbrukarar, truleg på heimebruket hennar på Møklebust, men dette siste kunne det vore kjekt og fått ei stadfesting av...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Sæther

Gards- og ættesoga for Fjaler stadfestar at Carsten og Orlaug var brukarar på Møklebust. Dei sat med bruket i åra 1802-1826. Orlaug var dotter til dei forrige brukarane, Christopher Olsson og Synneve Simonsdotter. (Desse opplysningane er å finne i bind III s. 42.) Carsten var son til Ole Endresson, brukar på Jarstad (jf. bind II s. 331), men opphavleg frå garden Håland (jf. bind II s. 425.)Helsing Knut Sæther

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for stadfesting av yrket og bustaden til Carsten og Orlaug. Med dette er problemet heilt løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×