Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Harald L. Bakke

[#57682] Kva for ei kyrkje i Bergen ?

Recommended Posts

Gjest Harald L. Bakke

Bak denne vigsla Lenke. i Bergen står det AA for sokn, betyr det Aarstad ?Er det i tilfelle nokon som har tilgang på orginalkjelda som kan fortelle meg om det står namn på far til brudgomen eller kvar han er fødd ?Mvh Harald.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Må rette meg sjølv. Istaden for fødd skulle det sjølvsagt vere døypt. Der strår jo ved vigsla at han er fødd i Bergen.Harald.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Det ser ikke ut for at fars navn er nevnt verken i Klokkerboken eller i ministerialboken. Forlovererklæringen mangler for 1835.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Mange takk Arnfrid, det var eit raskt og viktig skritt vidare !Harald.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Reed namnet kan tyde på at han kansje ættar frå Breim i Gloppen . Kansje far hans var derfrå sidan det er oppgjett at Lars var f. i Bergen.Harald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Eg ser og at ein av forloverane er Jacob larsen Bogstad også eit Breimsnamn.Harald.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Ikkje teikn til nokon son Lars der i 1815 (Jakob døydde i 1814) - så det er vel eit blindspor.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Kanskje han ikkje er fødd i Bergen. Eg har ein Lars Jakobson Reed i Gloppen, fødd 1807, som ikkje er nemnd i Gloppen etter 1821. Mor hans er frå Bogstad..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Hei Aase !Eg sat ei stund med bygdeboka for Breim i ettermiddag før eg gjekk på jobb og utabeidde meg ein TEORI:Lars Jakobson Reed KAN vere son tilJakob Akselson Førde og Brite Andersdtr. f. Bogstad på Revollen i Breim. (Reiknar med at det er han du siktar til i innlegg 10) Om han var reist til Bergen, kvar vel meir naturleg enn at han tok ein annan Breimning som forlovar når han gifte seg i By'n ?Jakob Larsson Bogstad som var hans forlovar KAN det vere denne karen ? :Lars Andersson Bogstad (son til Anders Rasmusson Førde og Magdeli Larsdtr. Førde som var busette på Bogstad br.nr.4) gm. Anna Jakobsdtr. Bjørnarheim var i Gloppen 1801 men sonen deira var konfirmert på Bjørnarheim i 1812. Kunne dei t.d. vere busett i Bergen og at sonen deira var i Breim hos slektningar på Bjørnarheim då han var konfirmert og reiste sidan attende til Bergen og brukte Bogstad som etternamn, og i 1835 var denne Jacob larsson Bogstad som var forlovar til Lars Jacobson ?Har studert mykje på denne teorien med eg var på jobb i kveld.Kansje ei vrien nøtt, men forhåpentligvis kan den enten verifiserast eller forkastast. Mvh Harald.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Må rette meg sjølv her ser eg:Lars Andersson Bogstad gm. Anna Jakobsdtr. Bjørnarheim var IKKJE BUSETT i Gloppen 1801 skulle det stå !Harald.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Dette er i alle fall Lars Andersson Bogstad i 1801 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Gløymde å ta med beviset for påstanden i (13) - LenkeUndersøkelseskommisjonen er ei veldig flott kjelde fordi gardsnamnet er med på dei fleste.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Og då gjenstår det å finne ut om min Lars Jacobson Reed er den eg TRUR han kan vere. Denne må iallefall vere feiltolka for BRU endog så tydelig det står REED Lenke Det er det som har forvirra meg og der det har stått fast lenge heilt til eg fekk sjå orginalkjelda. Eg ser du Aase har sendt inn forslag om retting.Dette er min tipptippoldefar så det betyr ein god del for meg å få klarhet i saka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Reed er feiltolka i utruleg mange variantar, enn så enkelt det er. Så ha vid horisont!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Ja det er tydelig at ein av og til må vere kreative i tankegangen.No er vel kansje neste steg å få innblikk i skifta etter Brite Andersdtr. d.1830 og Jakob Akselson d.1833 på Revollen for å finne ut om der kan stå noko om 'min' Lars Jacobson i Bergen er sonen deira.Når eg i tillegg ved hjelp av bygdeboka for Breim rekkjer slekta deira (Lars og Jacob) tilbake ser eg at far til Jacob og mor til Lars er sysken så er desse to karane syskenbarn. Eg har stor tru på at saka held på å flaske seg no.Men no har eg ikkje samvittighet til å sitje inne i dette flotte veiret vi har idag, må jo ut i hagen og dyrke den andre hobbyen min og !!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Ja, ein vårdag i Ekornbakken må nytast! Vil du gå snarvegar vidare, kan du kontakte meg på aasers@c2i.net så skal du få det eg har av forfedre til Lars Jakobson - så kan du ha det i bakhand til du finn det endelege beviset. Veit du forresten når han døydde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Nei eg ikkje kva tid han døydde heller ikkje kona Anne Marie Henriksdtr. sitt dødsår veit eg. Det ser heller ikkje ut til at nokon av dei bur i Bergen ved FT 1865.I 1837 då dattera Larsine var fødd budde dei i Rode 11-205. Ho vart gift med Anders Jakobson Sunde, Askrova i Kinn 31.10 1865 i Eikefjord kyrkje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.