Gå til innhold
Arkivverket

[#57708] Etterlatne etter Alfred Soltvedt


Gjest Kristine Holm Nilsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Kristine Holm Nilsen

Ønskjer å få vite kva som står skrive om denne personen: (datoar, adresser, etterlatne osv..)Alfred Soltvedt "]Lenke Lenke[/url]Dersom eg har funne rett mann, skal han vere fødd 07.07.1877 i Bergen, son av Anders Olsen Soltvedt og hustru Kari. Men i kva kirkebok finn eg dåpen hans? Somme av borna til Anders og Kari vart fødd og døypt i Bøe sokn, Manger. Men eg har ikkje funne Alfred der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Han var født 7. juli 1877 og etterlot seg enken Agnes, men barna var fra tidligere ekteskap: Edvin, Agnes Mydland, Tromsø, Margit Olsen, Tromsø, Sverre Soltvedt, Alfred Soltvedt var død, men hadde etterlatt seg fire barn, og Ørnulf Gran, Laksevåg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristine Holm Nilsen

Takk for opplysningar. Då hadde eg funne rett person.(Manglar berre å finne dåpen hans :))Du nevner ei ekkje, ved navn Agnes. Dette er interessant, og eg vil gjerne vite meir om ho. Eg har funne tre 'kandidatar' i liste over 'Døde i Bergen 1912-1972'.1. [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=bedo1912&gardpostnr=66757&merk=66757#ovre>Lenke 2.Lenke 3.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Nordvik

Hei Kristine.Er du slekt i Anders Olsen Soltvedt? Eg er slekt i kona Kari Josefsdtr, så eg har mykje om hennar familie om du er interessert. Eg har funne sju born etter dei, tre døypt i Manger og fire i Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristine Holm Nilsen

Hei Tore!Anders Olsen Soltvedt og Kari Josefsdatter er mine tipptippoldeforeldre. Alfred er såleis min tippoldefar. Er du etterkomar frå ein av Kari sine sysken? Har i mine papirer 9 sysken, der Kari var den yngste.Eg er interessert i å få vite om du har same barneflokken oppført på Anders og Kari som eg har. Så langt, har eg funne Olai, Synneve og Ingeborg døypt i Manger, og Alfred døypt i Bergen. Det gjenstår å finne Magdalena, Andrea og Carl Johan. Den nevnte Synneve/Synnøve, skal ha gifta seg med Peter Jebsen, Direktør ved Dale fabrikker. Eg antek at dette er dei same som skipsreiar-slekta. (Svigerfar til Synneve heitte òg Peter Jebsen...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Nordvik

Hei KristinJa, då må me vere seksmenningar, for bror til Kari, Ole Josefsen Øvretveit er min tipptippoldefar. Eg har mykje om alle desse, så me kan utveksla informasjon via e-mail. Ta kontakt med meg på tnordvik@hotmail.com.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Agnes Soltvedt, født 1. august 1882, døde 15. juni 1970, og var enke etter Alfred Soltvedt, død 25. august 1956. Hun hadde ikke barn, og ble arvet av sin søster Rebekka Bjørnestads barn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.