Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Annemor Frisli

[#57824] Alesm Lauritsdtr. Bratt g.m.Ole Mogensen Lehne

Recommended Posts

Gjest Annemor Frisli

Ales Lauritsdtr. Bratt var gift med en sønn av Mogens Lehne. Lenke leene&startnr=&antall=&spraak=&nr=2&antinnlegg=44#anker Hvor langt tilbake kan man stole på de opplysningene en finner om hennes anerekke i bygdebøker og private slektsbøker? Jeg har en kopi av Bratt-ættas anerekke, men seriøse forskere dømmer deler av disse opplysningene 'nord og ned'. Hva kan man stole på, og hva er ren bløff?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Frode Johansen

Opplysningene bør så langt en kan sammelignes med opplysninger fra Kirkebøker,skifte,og andre offentlige kilder.Dersom du ønsker det kan jeg sjekke opp Bratt-Ættas aneliste og se hva jeg kan finne.e-mail: janfjohansen@msn.commvh Jan Frode Johansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Ove Wangensteen

Bratt-ættas anerekke er i tidligere debatter diskutert, og satt et stooort spørsmålstegn med.Det eneste jeg kan tenke meg er at det kan kanskje kan finnes noen svar, eller i alle fall noen hypoteser i Spangens privatarkiv på SAH.Så vidt jeg vet var hans artikkel i NST 11 fra 1948, og han drev jo forskning til han døde på 70-tallet.Mvh Lars Ove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Ove Wangensteen

Spangens notater om Leene og Leene-ætten er å finne i privatarkiv nr 16 på SAH, boks 2 og boks 6Lars Ove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Annemor Frisli

Mine kilder er bl.a. Embret Haugens artikkel 'Litt om Bratt-ættens genealogi' i Hedmark Slektshistorielags skrifter bind 2, Anne Marie Søgaards slektsbok 'Med Tokstadblod i årene' utgitt i 1991 og Lars T. Platous bok 'Tokstad Veldre 1358 - 29.6 -1958' som ble utgitt i 1958. Den siste boka inneholder flere slektstavler, bl.a. en for Bratt-ætta. Jeg har også en kopi av en slektstavle for Bratt-ætta. Den siste synes jeg ser nokså 'konstruert' ut. Det er mulig at de førstnevnte kildene har hentet sine opplysninger fra denne slektstavla.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Når det gjelder Bratt vil du finne mye informasjon ved å søke på 'Bratt' her i dette forumet, bl.a. hva man kan se bort fra av linjer bakover.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I ein annan debatt her på forumet Lenke er kvinnenamnet Adalis drøfta. Her ser eg at det er nemnd ei Adalis/Ales Lauritsdotter Bratt g.m. Ole Mogensson Lehne.Er det nokon som kan seia noko om foreldra/forfedrane til denne Ales/Adalis Bratt. Om Ales Lauritsdotter verkeleg er ein Brattættling, så kan det gje grunnlag for visse refleksjonar om ei nyare tilknytning til andre kjende ætter der dette kvinnenamnet var vanleg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Etter at eg la inn siste innlegget mitt har eg fått lese litt av Jacup Skedsvolls artikkel om Bratt i Gudbrand 3/2008. Eg fekk då sjå at det var ein Per Bratt som hadde ei Marit Torsteinsdotter til kone og som etter at Per døydde vart gift med ein Knut Bagge. Eg kom da til å tenkja på Marit Torsteinsdotter i Aspa, som vi ikkje veit kven vart gift med. Etter å ha leita litt i E-boka til Lars Ove fann eg eit innlegg som viste at andre har vore inne på same tanken tidlegare. Det er ingen ringare enn Christian Spangen. Sjå innlegg (26) i debatt nr. 33873 LenkeEg ser at Spangen fører opp Adalis som ei sonedotter til son til Per og Marit. Kunne ho ikkje likegodt vera sonedotter?No er eg usikker på kor mykje Spangen visste om Aspaætta, og når han fører opp ei Mari(t) Torsteinsdotter, så kan det vera fordi han visste at Audun Torsteinsson i Aspa hadde ei syster med det namnet, eller det kan vera fordi han tenkte seg det slik. At Audun hadde ei syster som hette Marit er klårt ut frå skiftet etter foreldra, og dette er den einaste av dei tre systrene som vi ikkje kjenner ektemaken til. Dei to systrene hennar var gift med Jacob Småsvein og Jørgen Holst.Kor vidt det nyttar å koma lenger med dette er kanskje uvisst, men ei interessant hypotese er det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Ang. første avsnitt i (8) legger jeg inn en lenke til Nermos slektsside: http://www.nermo.org/slekt/d0040/g0000091.htmlVet ikke om en Bagge-forbindelse mellom Kvikne i Nord-Østerdalen og Kvikne i Gudbrandsdalen er bevist.Ved Kvikneverket finnes også en smelterslekt Bagge. Den begynner med Knut Iversen Bagge og Ingeborg Knutsdatter. Knut Iversen lever på samme tid som Knut Pedersen, som er verksfunksjonær. Det er vel litt tenkelig at de kan være i ikke særlig fjern slekt med hverandre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Odd Roar for lenka m.m.Eg har lite å tilføra om Bagge, men i følgje Skedsvoll, så vart Marit Torsteinsdotter gift ein tredje gong og då med Abraham Nilsson Stub. Eg siterer direkte frå artikkelen hans; 'I ei rettssak om Kroke som han i 1592 førde på vegne av stesonen Lars Bratt er det sagt at same Kluge nu vdj langsommelige tidt haffue leiget øde, jndtill Knudt Bagge som aate den Quinde som fome Abraham Stubb nu aager, same Ødeyord vdenn Loug och mynde jndheggnit och brugte, vnder denn gaardt Herringstad som forskre./foe Abraham nu paa boer,...Marit måtte kanskje byrja å verta noko gamal, så om det vart born i det siste ekteskapet er kanskje tvilsamt?Sidan Marit Torsteinsdotter i Aspa (Veien) er aktuell som kone på Heringstad, så må det sjølvsagt også spørjast korleis dette høver reint kronologisk. Eg er noko usikker på når sonen, Lars Bratt vart fødd, men det kunne kanskje vera først i 1560-åra? Truleg er det nokon her på forumet som kan seia meir om akkurat dette. Bror til Marit, Ouden Torsteinsson fekk truleg eldste sonen, Ivar omkring 1562 - 1567 (i følgje min eigen artikkel i Årbok for Nordmøre 1988). I tilfelle eg har gissa så nokolunde rett kva gjeld Lars Pedersson Bratt, så høver jo dette særs godt. Truleg var Marit Torsteinsdotter den yngste systra til Ouden Torsteinsson og ein god del yngre enn broren. Det høver da godt at ho kunne verta mor om lag samstundes med at broren vart far. Kvinnene stifta vanlegvis familie i noko yngre alder enn mennene på den tida.Det er med andre ord ingenting i vegen for at Marit Torsteinsdotter (Aspa) kan vera den samme som kona på Heringsstad om ein legg kronologien til grunn. På denne tida var vel Aspafolket og Brattætta om lag likestilte i rang og sosial status, så heller ikkje dette talar i mot ekteskap mellom Per Bratt og Marit. Dessutan er det tydeleg at det alt i lang tid må ha vore eit samband mellom dei to ættene, og eg tenkjer da på dei to rådmennene i Bergen som begge er inngifte i Aspaætta, men der ingen av dei nyttar Bratt-namnet. Men sønene til Olav Torbjørnsson ser alle ut til å ha nytta dette namnet av og til. No kan det godt vera at dette er ei anna Brattætt enn den på Bjølstad, men likevel kan det ha vore eit samband som er ukjend for oss i dag.Så har vi dette tilhøvet at det dukkar opp ei Adalis/Ales i Brattætta, eit kvinnenamn som vel er ukjend i denne ætta tidlegare. Det må då vera dette som har leia Spangen mot Aspaætta som muleg opphav til Marit Torsteinsdotter g. Bratt m.m. og det var det same som fekk meg til å tenkja på denne Marit som vi altså ikkje kjenner ektemannen til.Det eg da lurar på er om Adalis er kjend som kvinnenamn i andre greiner av denne Brattætta, eller om Adalis Larsdotter er den einaste. Korleis er det i yngre generasjonar,- vart namnet vanleg i ætta eller var dette den einaste Adalis/Ales/Alhed?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Bøhmer

Navnet Ales er mye brukt i Veldre på kvinner som ætter til By, altså med slektsforbindelse til By. Faktisk er slektskapet for disse Ales til Bratt så vanlig at bygdeboka skriver at når navnet skrives Ales må hun vel være av Bratt-slekta, men det er i mange tilfeller å dra det litt for langt. Så beviste var nok ikke vanlige folk på den tiden at de gikk til Presten og sa at navnet skulle skrives slik eller slik. Men altså mye brukt hos etterkommere av Bratt på By.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Bøhmer

Og dermed også etterkommer av Laurits (Lars) Pedersøn Bratt nevnt ovenfor.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Tilleggskommentar om Bagge:Peder Knutsen Bagge i lenken i (9) får vel gjerne navnet etter morens avdøde mann, Per Bratt.Hvis Marit Torsteinsd. er av Aspaslekten, så vil Iver være et av de mest brukte navnene i hennes familie.Kan det tenkes at de samtidige verksfolkene Knut Pedersen Bagge og Knut Iversen Bagge er fettere og at sistnevnte er sønn av en hypotetisk 'Iver Knutsen Bagge', som ut fra fornavn kan være en bror av Peder Knutsen (hvis moren er av Aspaslekt)? I Innsetboka påstås disse Bagge'ne å komme fra Jemtland, men Gudbrandsdalen er vel like sannsynlig, siden Selsverket befinner seg der, ikke langt unna Fron.(Tar med at det på 1600-tallet også finnes en Knut Iversen Bagge i Hallingdal, men han er av samme generasjon som Iver Knutsen Bagge i Kvikne, som er sønn av Knut Iversen der. Utenom de nevnte er ikke Knut Bagge noe vanlig navn her i landet på den tiden.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Litt til:Både funksjonærslekten og smelterslekten Bagge i Innset / Kvikne skrives med dette etternavnet i generasjoner. Det tyder ikke på at det er noe kallenavn for en enkeltperson, men heller et navn av samme type som Bratt. I tillegg er altså bruken av fornavnet Knut felles for Bagge i Nord-Østerdalen og Gudbrandsdalen, men knapt noe annet sted.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Thor for svar (innlegg 11 og 12)Om eg har oppfatta rett, så var det ein Lars (Larsson?) Bratt som kom til By i Veldre, Ringsaker og vart busett der. Sidan denne ser ut til å verta kalla Lars Larsson, så er han vel rekna som son til Lars Persson Bratt. Er dette eit uomtvisteleg faktum, eller er patronymikonet skapt fordi ein meinte at generasjonen vart for lang? Eller kan det vera Lars Persson som hamna på By?Om eg har tolka Skedsvolls artikkel i Gudbrand rett, så hadde Per Bratt berre ein son, nemleg omtalte Lars Person Bratt. I følgje Skedsvoll så sat denne Lars med alt odelsgodset etter Per.Sp. 1. Ligg det føre opplysningar om Lars Person Bratt, - kor han budde og ev familie?Sp. 2. Om borna til den nemnde Lars (Larsson?) Bratt på By, kva var namna på desse borna og når om lag var dei født?Sp. 3. Ser det ut som alle kvinner i Ringsaker som har namnet Ales eller liknande har sitt opphav på By, eller er det også andre stadar i omegnen at namnet dukkar opp tidleg på 1600-talet?Takk også til Odd Roar for innspel om Bagge (innlegg 13 og 14).Dei tankane du kjem med her høyrest ikkje urimeleg ut. At Knut Bagge og Marit hadde ein son, Peder etter første mannen til Marit er jo i alle fall i tråd med det kan forventa etter det som seinare namnetradisjonar seier oss. At Marit, om det var henne frå Aspa, også kalla ein son som vart kalla Iver/Ivar finn eg også rimeleg, då ho hadde ein bror som bar dette namnet, ein bror som ser ut til å ha døydd tidleg, men likevel med avkom etter seg. Ivar er ikkje direkte nemnd i samband med skiftet etter foreldra, men det vert opplyst at broren, Audun tek arv både for seg sjølv og broren, noko som helst tyder at Audun var verge for Ivar sine born. At Knut Iversson Bagge og Knut Pedersson Bagge difor kan vera syskenborn verkar å vera ei truverdig løysing.Du som har granska på denne ættekrinsen, kan kanskje også seia noko om det dukkar opp nokon Ales/Adalis blant etterkomarane til desse Baggane?

bilete9128.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Bøhmer

Nei, selvfølgelig stammer ikke alle Ahles el Ales i Veldre, Ringsaker eller Hedemarken fra Bratt selv om bygdebokforfatteren i Veldre i sin tid påsto det. Faktisk er det mange som tror at alle Ales i Veldre stammer fra Bratt fordi bb forfatteren i sin tid påsto det. Som vi har sett av disse debattene kunne man skrive navnet på mange måter. Det var nok en god del faktisk som stammet fra Bratt, men utover på plassene kalte de ofte barna sine det samme som borti garden.Kanskje kunne keg telle over, men det blir ikke før til høsten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Bøhmer

Jeg kan ikke rent umiddelbart se at det er noen Iver av etterkommerene på By, men Ivernavnet er i det hele tatt ikke mye utbredt på Hedemarken. Den siste uttalelsen kunne jeg sikkert ganske raskt arresteres for, men rent umiddelbart ser det slik ut. Når Iver-navnet dukker opp, sporer en det oftest til noen som har kommet fra Gudbrandsdalen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Ove Wangensteen

I 1528 var det ingen Ahles (eller varianter) men mange Iver på Hedmarken: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Bøhmer

Dersom jeg forstår systemet riktig da Lars Ove, så er det 1,2 Iver i hver bygd? Men selvfølgelig, heller ikke her er alle tellet. Ser det er heller ingen Knut i Furnes i 1528. Så oversikten er nok noe amputert.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Ove Wangensteen

ThorJa det var vel ca 9 Iver tilsammen, men jeg kan ikke gå god for at denne er 100%sann eller komplett, men jeg fant den i Spangens privatarkiv på SAHHva kilden ellers er vet jeg ikke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Arnolf Bjørndal

1528 sikter vel til 'Gjengjerden'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Til (15) siste linje:Vet ikke om det er bevist at Knut Bagge i Innset er en Pedersen, men han nevnes av flere som det.Har ikke sett noen Ales eller Alet hos Bagge'ne i Innset og Kvikne, men dette navnet er vel heller ikke særlig mye brukt i strøket der.Ellers har jeg observert et fåtall andre Aspaætlinger i verksmiljøet. Disse tilhører helst de litt øvre lag der, som prestestand eller verksskrivere.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jakup Skjedsvoll

Ein interessant debatt som eg ikkje har sett tid til å ta del i før nå. Eg vil nemne at vi nå er to som samarbeider om ein gjennomgang av etterslekta til Per Bratt og ein revisjon av det som tidlegare har vore skrive om dette emnet og vi er glade for alle tankar og opplysningar om dette som kjem fram her.Det har, etter det eg har sett, vore sett fram to hypotesar om kvar kona til Per Bratt, Marit Torsteinsdotter, kom frå.1. Ho var syster til Tord (Tore?) Torsteinsson på Kvarberg i Vågå. Jordegodset hans tyder sterkt på at han var frå Fron, men ein liten eigedomspart i Skyberg i Ringsaker kan tyde på at han også hadde noko slektstilknyting der.2. Ho kunne vera den Marit Torsteinsdotter av Aspaslekta som Finn har nemnt ovanfor.Grunnlaget for hypotesane er i begge tilfelle berre namnet og same sosiale lag som Brattslekta på Bjølstad. Det har ikkje vore lagt fram noko anna som kunne styrke hypotesane, eller motbevise dei. Marit hadde høgst truleg med seg jordegods inn i ekteskapet, men det har vi ikkje hittil greitt å finne noko sikkert merke etter. Eg har tenkt som ei mogleg forklaring at det godset har vore pantsett eller selt for å løyse inn att delar av Brattgodest. Det går klårt fram av kjeldene at Per Bratt har hatt midlar til å hjelpe sysken(a) sine med dette.Det kunne her vera interessant å høyre om det er kjent kva jordegods Marit Torsteinsdotter av Aspaslekta i tilfelle fekk på skiftet der ho er nemnt.Eg har som nemnt i artikkelen i Gudbrand rekna med at Lars (Persson) Bratt var einaste sonen til Per Bratt fordi han seinare åtte Vik i Kvam, som heilt sikkert var gammalt Brattgods gjennom farmora Cesilie Petersdotter frå Skjåk, og Heringstad, som truleg var Brattgods i og med at det seinare vart makeskifta attende til Brattslekta på Bjølstad og fordi Per Bratt høgst truleg budde der. Vik og Heringstad ville også samla utgjera ein rimeleg brorlut i skiftet etter Eystein Guttormsson Bratt. Det kunne i og for seg også tenkjast at Heringastad var godset til Marit Torsteinsdotter, men da ville vel helst andre sonen, Per Knutsson (Bagge), overteke garden. Ymse opplysningar kan tyde på at Per Bratt og Marit Torsteinsdotter også hadde ei eller fleire døtre, men ingen har hittil funne noko sikkert om dei eller eventuell etterslekt.Marit Torsteinsdotter hadde to kjende barn med Knut Bagge, sonen Per Knutsson Bagge som kom til ein av Rolstadgardane på Fron og ei dotter som vi ikkje kjenner namnet til, men som var gift med ein Per 'Tynnzet' eller 'Tønnel' som i 1618 budde på 'Houll' i Romsdalen. Eg har ikkje fått undersøkt nærare kven denne Per kunne vera. Eg kjenner ikkje noko til hinder for at det kunne vera fleire barn. Det er ikkje kjent noko om Marit Torsteinsdotter hadde barn i ekteskapet med Abraham Stubb.Det er sikkert kjent at det var Lars Persson Bratt som kom som bygselsmann til By i Veldre, like etter 1600, i kraft av at By var tidlegare odelsgods til Brattætta. Det einaste sikre om alderen hans er at han må vera fødd før 1572 og at han må levt i alle fall til 1624. Han hadde fire kjende barn, Lars som overtok bygselen på By, Boel som kom til Skansgarden i Vinger, Kari som truleg var ugift, og Mari/Marit som kom fyrst til Skjerpi i Veldre og seinare til Spikdalen i Furnes. Det har vore nemnt fleire moglege barn, men vi som nå arbeider med dette, har i alle fall førebels kome til den konklusjonen at det knapt kan ha vore fleire. Etter aldersopplysningar da dei døydde skal Lars og Mari(t) vera fødde midt på 1590-talet. Ut frå ei førebels vurdering av etterslekta har eg førebels kome til at Boel må vera fødd noko ut på 1600-talet.Lars Larsson på By hadde heilt sikkert fire døtre, blant desse Ales Larsdotter på By. Ut frå jordeiga vi finn hos far og døtre, kan det knapt ha vore fleire barn som tok arv.Namnet Ales er ikkje kjent tidlegare i Brattslekta. Etter det eg kjenner til, er det heller ikkje kjent i morslekta hennar frå Tokstad i Veldre, men det kan sikkert andre her i debatten seia meir sikkert. Fars morslekt er vel etter det eg kjenner til, ikkje kjent lengre bakover.Som Finn nemner, må det ha vore ei viss tilknyting mellom Vestlandet og Brattane på Bjølstad også ut over at Tord Bratt, som var bror til Per Bratt, budde i Bergen som fogd for Rosenkrantz midt på 1500-talet. Eg har i artikkelen i Gudbrand nemnt folkeminnet om at det skulle vera ein adelsmann frå Vestlandet som kom til Bjølstad, og også drøfta det litt. I eit gammalt dokument på Bjølstad er det funne eit vitnemål, datert 1579, om at Eirik på Bjølstad på vegne av kona (som var Tore Eysteinsdotter, syster til Per Bratt) ikkje hadde fått anna arv etter salig Torbjørn Bratt som døydde i Trondheim enn nokre gamle klede. Dette er mest truleg arv etter den Torbjørn Bratt som er nemnt som medlem av Trondheim domkapitel i 1564, og må vise at det har vore slektskap mellom han og Brattane på Bjølstad. Eg kjenner ikkje slekta hans, men namnet viser vel at han helst har vore av Brattslekta på Vestlandet. Finn kan kanskje seia noko om det. Torbjørn-namnet er ikkje kjent brukt i Brattslekta på Bjølstad.Knut Bagge kom truleg til Fron på 1550-talet i offentleg ombod; eg kjenner han fyrste gong nemnt der i 1557. Engebret Hougen har lagt til grunn at han var Hallvardsson, men eg kjenner ikkje grunnlaget for det. Eg veit ellers ikkje noko om slekta hans ut over det som er nemnt ovanfor.Til slutt: Dette skriv eg utan å ha alle kjelder og notat for handa, det kan derfor vera somt som er litt ufullstendig eller unøyaktig, særleg av årstal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Eg vart diverre utan internett i går kveld, men det har heldigvis vorte ordna i løpet av føremiddagen i dag.Først må eg få takka dei som har kome med innspel i debatten, slik som til dømes den namnelista som Lars Ove legg inn lenke til i innlegg (18). Interessant å sjå kva mannsnamn som var mest populære på Hedemarken i 1528. Kvinnenamn er det vel såpass få at dei ikkje seier så mykje.Så over til Jakup Skjedsvolls svært så informative innlegg. Her var det mykje nytt for meg, ikkje minst denne Torbjørn Bratt som vert medlem av Domkapitlet i Trondheim i 1560. Dette måtte sjølvsagt vera ein annan enn superintendanten, Torbjørn Olavsson Bratt f. ca 1502 på Andenes og døydde i 1548 (Ringsaker?). For å seia litt om den siste for dei som ikkje er oppdatert på hans slekt. Dei fleste reknar med at denne sistnemnde Torbjørn er identisk med den Torbjørn Olavsson som er oppført på Aspatavla som son til Marin Jorunnsdotter. Den Jorunn som er nemnd som Marins mor er av m.a. underskrivne rekna som den Jorunn på Trondenes som saman med mannen, Engelbregt og brørne hans var i Roma på avlatsreise ca 1500. Engelbregt og Jorunn er rekna som foreldra til den siste erkebiskopen, Olav Engelbregtsson. I tilfelle dette er rett, så vert erkebiskopen morbror til superintendant, Torbjørn Olavsson Bratt. Sidan Jorunn Ivarsdotter etter alt å døma er syster til erkebiskop Gaute Ivarsson, så vert Olav Engebregtsson systerson til erkebiskop Gaute.Gaute og Jorunn hadde også ei syster, Sunniva som førte ætta vidare på Nordmøre, Og den Marit Torsteinsdotter som vi har drøfta her er Sunnivas sonedotter. (Eg kan jo nemna at eg i ein eller annan debatt har lansert tanken om at Jorunn kan ha vore gift med ein Bratt før ho vart kona til denne Engelbregt, men dette er det vanskeleg å koma nokon veg med, og er for så vidt denne debatten uvedkomande).Jakup spør om Marit fekk tildelt noko jordegods ved skiftet etter foreldra. Det gjorde ho, men alt jordegodset ho fekk låg på Nordmøre, - tilsaman noko over 4 spann. Det kan sjå ut som om godset hennar har vorte seld ganske snart etter skiftet. Det vi ikkje veit noko om er heimegåva hennar. Eg vil tru at ho også må ha fått ei brukbar heimegåve, og kvar det godset låg er det vel knapt nokon som veit.Når dt gjeld namnet Ales i denne samanhengen, så er det jo litt spanande at det dukkar opp i ei grein av Bratt-ætta akkurat på same tid som det nærast vert eit motenamn i Aspaætta. Det er jo lett å tru at det kan ha sitt utspring i same ætta. Til dømes kan Marit å syskena hennar ha hatt ei syster som var kalla Ales/Adalis, men som døydde ung og slik ikkje er nemnd i skiftet etter Torstein Eriksson og Guren i Aspa. Om eg ikkje hugsar feil så viser Spangen si hypotese at han ser for seg at Per Bratt og Marit også kunne ha ei dotter med dette namnet. Adalis er eit gamalt kvinnenamn i Aspaætta, i og med at ætta stammar frå Adalis Erlingsdotter, m.a. g.m. riddar og riksråd Hr. Toralde Sigurdsson.Elles var det fint at Jacup kunne orientera om kva som er det nyaste om etterslekta til Per og Marit. Det var avklarande kva gjeld kronologi, og som eg rekna med, så er det ingenting i vegen for at Marit frå Aspa kan vera kona til Per Bratt om ein legg kronologien til grunn.Eg lurar på om det vart noko av dette annonserte seminaret og om nokon av desse spørsmåla har fått si avklaring/er følgd opp:'Bratt-seminaret, Øyer gjestegård 3/2 2007: Spørsmål og oppgaver for gruppearbeidet:1. Lag en fortegnelse over webdebatter for slekten Bratt, bl a de som er i DA Brukerforumet.2. Lag en fortegnelse over diplomer som stammer fra gårdsarkivet på Bjølstad.3. Hva vet vi om de eldste ledd på mannssiden i slekten Bratt (før 1430) ?4. Sett opp én slektstavle der samtlige personer i de 4 Grytting-diplomene 1529–33 er med (trykt i G Schönings reisebeskrivelse 1775, Tapir forlags utg s. 108–110).5. Sett opp en slektstavle for Skiåker-ætten.6. Hva vet vi om Erik Bratt og Christen Bratt ?7. Torbjørn Bratt i 1570-årene: hvordan kan han plasseres inn i ætten ?8. Hvilken tilknytning hadde superintendenten Torbjørn Bratt († 1548) til Ringsaker?9. Hvilke gårder eide slekten Bratt i Ringsaker før ca 1500 ?10. Hvem var den Guttorm Bratt som i 1553 startet studiene ved Universitetet i Rostock (Bartram Benes regnskapsbok.)11. Drøft forholdet mellom slekten Bratt og folket på Tynnøl.'Lista er sett opp av Tore Vigerust og er presentert i ein webdebatt på DIS.Ikkje alle desse spørmåla høver i denne debatten, men til dømes sp. 7 er jo ei aktuell problemstilling.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Bøhmer

Jeg forholder meg først og fremst til Furnes og Veldre (Ringsaker) og er enig ia at Lars Bratt på By neppe har hatt mere enn 4 barn. Han var gift med Ingeborg Ollufsdatter Tokstad og hennes mor kunne nok være av adelsfamilie og hadde med seg gods til Tokstad.I mitt register har jeg ca 10 000 etterkommere eller denne Lars og Ingeborg på By. Som tidligere nevnt er Veldre bb et farlig oppslagsverk å bruke. Ringsaker kirkebok kjenner vi i dag bare fra 1731. Evt eldre versjoner har da forsvunnet. Det finnes jo selvsagt andre kilder som en da må bruke. Noe av dette er skifter og skatteregistere.For forfedrene på Tokstad og den mest umiddelbare slekta til Mons på Leine kjenner jeg ikke til navnet Ales. Det er jo ukjent hvor Mons på Leine var fra. En del senere forbindelser kan tyde på at slekta hadde gode forbindelser mot Oslofjorden. Det har vært diskutert om Mons på Leine kunne være fra Hurum, men det finnes ikke fnugg av bevis for det.Som et kurosium kan jeg nevne at Tokstad i år feiret at garden hadde vært i slekta i 650 år. Det riktige er vel at gården ikke har vært på salg på 650 år. Det har forekommet at enka på garden giftet seg igjen og at barn av den nye brukeren tok over drifta. Selv om det også i slike tilfeller kan være Tokstad-blod i den nye brukeren, så er gården ute av den umiddelbare slekt ved en slik eiendomsoverdragelse. (det siste avsnittet hører jo ikke hjemme her, men sier noe om at en kjenner slekta på Tokstad i lang tid tilbake uten at navnet Ales så langt er kjent!)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.