Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Arne Farestveit

[#57867] Påskenøtt! Kven var Peder Pederson Alme i Hafslo?

Recommended Posts

Gjest Arne Farestveit

2.4.1846 gifter Anna Pedersdtr. Alme seg med Johannes Endresen Hillestad i Hafslo, som ein seinare finn som husmann under Moe. Som far til brura vert ført ein Peder Pedersen Alme. Kven var denne mannen, og kven var han gift med? Er takksam for all hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg veit ikkje om det kvalifiserer til premie for løyst påskenøtt(!), men Anna Pedersdotter (1817-1858) var so langt eg kan sjå, dotter av husmann Peder LARSSON og kona Martha Johannesdotter, busette i Løengi (Smedegard) under Alme i Hafslo. Her har nok presten skrive feil ved vigsli, men kanskje visste dei ikkje betre, for far hennar var avliden mange år før.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Farestveit

Takk, Lars! For deg var nok ikkje dette ei nøtt, men eg har stått heilt fast. Ikkje minst fordi det frå 1817 til 1821 er fødd 5 Anna Pedersdtr. i Hafslo. Gjennom eliminasjonsmedoden har også eg landa på Peder Løengen og Marta. Men feilskrivinga til presten har gjort det ekstra vanskeleg for meg. Har nett skaffa meg band 7 av ættesoga di, og ser fram til utgjevinga av dei siste banda om Hafslo og Solvorn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.