Gå til innhold
Arkivverket

[#58055] Lysning 10 måneder før bryllup?


Gjest Birger Forsmo
 Del

Recommended Posts

Gjest Birger Forsmo

Jeg finner lysning til ekteskap for Daniel Nilsen, Tjong, Rødøy og Elen Dorthea Eriksdatter 24.9.1848, men de ble gift 22.7.1849. Jeg er usikker på hva der står i siste linje etter kommaet. Mitt andre spørsmål er om lysningstiden var så lang tid før bryllup? Lenke Var det normalt?Med vennlig hilsenBirger Forsmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

'..., under ansvar efter Loven.'Kva som var 'vanleg' er eit spørsmål om statistikk, og det finn ein ut ved å telje... Først må ein klargjere kva du meiner med 'lysingstid'. Ekteskapet skulle lysast (kunngjerast) i kyrkja tre gudstenester før vigsla. I kyrkjeboka (skjema frå 1800-t) er det ei kolonne der datoane for dei tre lysingane er innførte. Det er ofte slik at den første er 3, kanskje 4-5 veker, før vigsla.Men denne innførsla gjeld vel eigentleg truloving og trulovar-fråsegner (om at ekteskapet er lovleg). Det kan formulerast slik at paret 'ber om lysing for ekteskap (og vigsel, dersom ingen har innvendingar)'. Sjølve lysinga må naturleg nok kome etterpå (kort eller lang tid). Tid mellom truloving og vigsel varierer mykje - 10 månader var neppe uvanleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det er ikkje kalla lysning. Statsarkivet har kalla det ein 'lysingsprotokoll'. Presten kalla det 'Protokoll for Kaution ved Tillysning til Ægteskab' Lenke Det er altså ein protokoll med trulovar- (eller kausjonist-) fråsegner.Sjølve trulovinga var ikkje lenger (etter 1798?) ei offentleg handling; men trulovarane (kausjonistan) måtte framleis gå god for at ekteskapet var lovleg. Ein del prestar har valt å føre dette i ein eigen protokoll. Dei fleste nøyer seg med å føre opp namna på trulovarane - underforstått at dei har gått gode for at ekteskapet er lovleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.