Gå til innhold
Arkivverket

[#58510] Hjelp en venn til å starte med slektsgransking.


Gjest Kjetil Sigvart Eidskard
 Del

Recommended Posts

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

Å søke på egen slekt er vel det vanlege i denne hobbyen. Vi er vel i mindretall som legger inn rubbel og bit vi kjem over i vårt nærdistrikt. Sett at ein venn av deg vil starte opp - fyrst og fremst med egen slekt. Dersom du ønsker å gi han det du har av hans slekt. Ein måte å gjere dette på er å tegne eit tre for han bakover til f.eks oldeforeldre. Dersom ein også lar han få alle etterkommere du har av hans fire oldeforeldrepar .Ein må sjølsagt legge dette sammen i f.eks ei Gedcomfil. Kan tenke meg det er ein grei start for han. Andre tips ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Eg har gjort det på ein annan måte, eg satt sammen med ein kollega, søkte litt sammen på internett og fann fram til PAF slektsprogram som han syntes hørtes greit ut. Deretter la vi inn så mykje om slekta bakover og framover som hadde huska, men det flotte var at vi kom oss raskt til før år 1900, så då var det FT1900, FT1875, FT1865 og tilfeldige registrerte databasar på DA. I løpet av ganske kort tid hadde vi dekka 5 generasjoner baokver (inkl. min kollega). Dette var jo raskt og greit syntes han, men som eg sa, det er greit å nøste bakover ledd for ledd, men vanskelegare å få komplette familer med dertil høyrande ektefeller, barn og forfedre av inngifte.Det er sikkert mange måter å gjere dette på, det kjem an på kva vennen din er interessert i, i å lage ei anetavle eller skaffe komplette data (og gjerne også litt om liv og lagnad for dei enkelte).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

Takk til Gisle. Eg meinte bare som eit eksempel - min base inneheld nå 60000 personar - eg vil ikkje gje frå meg den -men ønsker å ta ut det nærmaste som vedkjem min venn - og dersom ein gjer som i mitt fyrste innlegg her - burde han ha eit bra startgrunnalag - og sjølv om mitt langtifrå ikkje er bygd bare på primærkilder - så gjer det det lettare for han å gå meir grundig inn i materien. Eg har tidlegare drive litt med programering - og er ikkje i tvil om at slektsprogram kunne utvidast til å gjere alt dette i ein operasjon. Men nå ønsker eg ikkje at programselgarar o. a. skal kome inn og fortele om program som NESTEN kan klare dette- . Dette er tidlegare debattert. Når ein gjer dette på rett måte får han (ho)alt som er notert om desse utvalgte personane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

*** Eg burde kanskje be omforlatelse - får skylde på at eg om nokre dagar fyller 73 - debatt nr 41185 - hadde eg nesten gløymt - men fann den igjen nettopp nå *** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.