Gå til innhold
Arkivverket

[#58863] Bjarne Danielsen, fødd i Bergen 1918


Gjest Kristine Holm Nilsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Kristine Holm Nilsen

Eg søkjer opplysningar om kor i Bergen Bjarne Danielsen vart fødd/døypt. Fødselsdatoen er 29.12.1918. Han døydde på Stord 15.06.1989, og er gravlagt der.Eg veit det er lite å gå etter, men det er alt eg har. Håpar det er mogleg å finne noko likevel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristine Holm Nilsen

Heisann!Takkar for hjelpa. Dette ser ut til å vere ein god kandidat. 100% sikker er eg ikkje, men vonar å finne ei stadfesting av faren sitt navn i vigsla mellom Bjarne og kona.Mvh, KHN

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Den Bjarne D. som er funnet og født i Bergen i 1918 var sønn av Mandius og Helene Marie Danielsen. Helene Marie Danielsen døde 16. august 1935, og etterlot seg enkemannen Mandius og ni barn. Bjarne D. var den sjuende i barneflokken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristine Holm Nilsen

Takk for informasjon!Totalt hadde vel Helene og Mandius då 10 born, der den eine døydde som liten, før Bjarne vart fødd. (jmf merknad ved innføring av Bjarne sin fødsel/dåp i fødselsregisteret)Når døydde Mandius?Sidan eg ikkje er heilt sikker på om det er rett Bjarne eg har funne, lurer eg på om det er mogleg å sjekke i kyrkjebøkene etter vigsla til han eg søkjer etter ? Eg reknar med han gifta seg på Stord. Kona skal heite Anna, fødd 20.06.1917, døypt 26.aug.1917 på Stord. Ho var dotter av Lars Nilsen Bjelland og hustru Brita. Bjarne og Anna, skal etter det eg kjenner til ha fått 6 born. Eg er usikker på når den eldste vart fødd, men dei fekk iallfall ei dotter fødd 13.sept.1947.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Ved fødselen i 1947 står det at foreldrene var gift i 1942. Jeg finner dem ikke på Stord, men det står at Bjarne var født 29. desember 1918, så det er knapt nok grunn til å tvile på at rett mann er funnet!Mandius Danielsen giftet seg igjen i 1940, og står i Adressebok for Bergen 1970, men ikke i 1975-utgaven. Jeg kan imidlertid ikke finne ham i registeret over døde. det er mulig han har flyttet fra Bergen i løpet av denne perioden. Jeg finner ikke gravsteinen hans i DIS-NORGE's oversikter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristine Holm Nilsen

Eg reknar med å ha funne Mandius død her; LenkeKven er hans etterlatne, og kvar held dei til?Angåande Bjarne Danielsen og kona Anna, - kan dei ha gifta seg i Bergen og kanskje fått dei eldste borna der? Det skal vere to døtre, og fire søner. Den yngste sonen er fødd desember 1957, truleg på Stord.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Da Mandius døde i 1974 nevnes enke og 11 barn. Fra hans første ekteskap var 7 i live, 2 var døde, men hadde etterlatt seg barn. Sønnen Bjarne står bosatt Leirvik, Stord.Bjarne Danielsen giftet seg med Anna Holmquist hos Byfogden i Bergen 1. august 1942. De flyttet til Hystad, Stord første gang 11. november 1944, men flyttet kort tid etter tilbake til Bergen, før de 1. januar 1946 på ny meldte flytting til Stord. Da hadde de med seg en sønn, født i Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristine Holm Nilsen

Takkar så mykje for oppklårande opplysningar!Eg er ikkje i tvil om at eg no har kome fram til rett Bjarne, men eg vart veldig usikker på Anna. Det er mogleg at den Anna eg fann som fødd på Stord 20.06.1917 er feil. Eg veit nemleg om dette Hol(m?)quist-navnet, og lurte på kor det 'vart av', sidan eg fann ein Lars Nielsen Bjelland som far til Anna, fødd på Stord.Dersom det er oppgjeve andre opplysningar om den Anna Holquist som gifta seg med Bjarne, er eg svært interessert i å få vite det. (Fødestad (dersom Bergen, kva sokn?) faren sitt namn og evt andre relevante opplysningar)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Ved vielsen i Bergen oppgav bruden å være født 20. juni 1917 på Stord av foreldre murer Ivan Holmquist og hustru Anna, født Eliassen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristine Holm Nilsen

Takkar så mykje for alle data om desse personane.Eg fann omsider Anna døypt, ikkje i 1917, men så seint som 1920. Ho og tre sysken vart døypt samme dag. Det var derimot SVEN Holmquist, og ikkje Ivan oppført som far.Det var oppgjeve vigselsår 1914 på Sven Holmquist og Anna Eliassen, men ikkje vigselsstad. Eg har leita i kb for Stord, men ikkje funne dei. Ved konfirmasjonen til sonen Charles, fødd 1915, står det at han er fødd i Romsdalen. Eg går då ut frå at kanskje Anna og Sven kan ha gifta seg der ? Er det mogleg å finne info om dei ved evt innflyttar-oversikt eller liknande?Eg har funne Sven Holmquist død og gravlagt på Stord. Han vart fødd 01.05.1889, døydde 20.09.1967 og vart gravlagt 25.09.1967 på Stord. Er det oppgjeve utfyllande informasjon i skifte etter han? (fødestad, vigselsdato/stad, fødselsdato/navn kone og andre etterlatne?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Han var født i 'Avestad, Sverige' 1. mai 1889. Navnet på hans kone står ikke i dødsmeldingen, og heller ikke på folkeregisterkortet hans. Han etterlot seg sønnen Charles og døtrene Anna Danielsen, Erna Landås og Ester Rønnvåg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristine Holm Nilsen

Hei igjen!Eg har no fått undersøkt litt rundtom. Det viser seg å vere vanskeleg å finne noko meir om Sven. Kontaktar i Sverige har ikkje funne nokon 'Sven, fødd 01.05.1889 i Avesta, Sverige.' Eg har leita mykje etter vigsla til Sven og Anna, men ikkje funne den endo.Eg har likevel nokre opplysningar som kanskje kan vere til hjelp. Anna Eliassen skreiv seg for Ane Holmquist. Ho vart fødd 04.07.1885 på Dønna i Nordland. (Ifølge kyrkjeboka for døypte og konfirmerte, har ho namnet Anna/Ane Kristine, og er fødd 02.07.1885, men både familie + gravstein seier 04.07.1885. Så ein av stadane er det ein feil!) Eg veit ikkje kvifor, men Ane er ikkje å finne i gravregisteret på Stord, sjølv om ho er gravlagt saman med mannen Sven. Er det likevel mogleg å finne skifte etter ho? Ho vart som sagt fødd anten 02. eller 04.07.1885, og døydde 11.08.1944 på Stord. Er interessert i å få vite alt som står av opplysningar i eit evt skifte. Opplysningar rundt vigselen er spesielt interessant.På førehand, hjartans takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Anna døde på Betanien i Bergen: LenkeDødsmeldingen ble sendt skifteretten i Sunnhordland. Der er fødselsdatoen oppgitt til 4. juli 1885. Fødestedet står et sted som Dønnes, et annet sted som Dombås! Som arvinger står enkemannen og fire barn. Det er ikke gitt opplysninger om vigselsdato eller sted.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristine Holm Nilsen

Takkar deg så mykje for alle opplysningar du kjem med. Det er til svært stor hjelp, og gjer granskinga litt enklare.Eg gir ikkje heilt slepp på familien Holmquist heilt endo. Eg lurer på om det kan stå noko i dødsmelding/skifte etter eine son til Sven og Anna. Sonen Harry Holmquist, fødd 12.08.1920 (Stord), døyr av lungebetennelse 31.01.1922 på Stord. Han vart gravlagt 07.02.1922. Det står opplyst at dødsfallet er meldt til skifteretten/lensmannen 31.01.1922 Er det mogleg å finne dette og få vite kva som står der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.