Gå til innhold
Arkivverket

[#58900] Endre Erikson (1777-1825) - frå Venjum i Hafslo til Skarnagel og Eide i Solund?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nok ein huslyden med rot i Hafslo flytte til Solund. Her er opplysningane som eg so langt har samla i hop:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Endre Erikson {Wenjum}, døypt {i Hafslo} 26.10.1777, flytte i svært ung alder til Solund, Gulen der han 15.11.1801 gifte seg første gongen med enkja Anna Nilsdotter, opphavleg fr?¤¤¤ (Råke i Solund?)Ho var dotter av¤¤¤¤¤ (foreldri med yrkestitel og opphav?)og vart døypt¤¤¤¤¤ (dato og stad for dåpen?)Anna gifte seg første gongen i Gulen 24.8.1788 med Rasmus Anfindson frå Krakken i Askvoll. Han var son av gardbrukar Anfind Rasmusson på Krakken og kona Synneva Hansdotter frå Sellevold og vart døypt i Askvoll 14.2.1740. Rasmus og Anna slo seg ned som plassfolk på Skarnagelnes under Skarnagel i Solund, Gulen der Rasmus d. kring 1800. Endre flytte visstnok inn på Skarnagelnes under Skarnagel då han gifte seg hit i 1801, men so d. Anna alt kring 1802, og Endre gifte seg 29.1.1808 att med ei ny enkje, Inga Monsdotter, opphavleg frå Vaulen i Solund.¤¤¤¤¤ (sjekka om ho var derifrå!?)Ho var dotter av¤¤¤¤¤ (namn på foreldri med yrkestitel og opphav?)og vart døypt¤¤¤¤¤ (dato og stad for dåpen hennar?)Inga hadde vore gift to gongar før, først med husmann Johannes Olson på ein plass under Eide i Solund (¤¤¤¤¤ (fødselsåret hans?)-1799) og sidan med husmann Johannes Andersson, òg på ein plass under Eide i Solund (1775-1806), opphavleg husmannsson frå Nauststodi under Hillestad i Hafslo (for båe ekteskapi, sjå under Hillestad). Endre tok over som husmann under Eide i Solund frå 1808, men livnærte seg òg som skysskaffar. Han d. som husmann på Eide 27.3.1825, medan Inga Monsdotter d. som enkje same staden 8.8.1827. Endre fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men første kona Anna hadde¤¤¤¤¤ (kor mange born? – minst to!)born frå første ekteskapet sitt.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Endre Erikson hadde òg to brør som forsvinn frå Hafslo; kanskje ein eller båe ogso hamna i Solund?* Ole Erikson, døypt i Hafslo 5.11.1875* Erik Erikson, døypt i Hafslo 18.4.1792Eg takkar so mykje på førehand for alle tilleggsopplysningar som kan skaffast fram om denne huslyden.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Har ikkje mykje opplysningar om denne huslyden enno. Kan berre slå fast at Anna Nilsdtr. ikkje var frå Råke, der fanst ingen Nils på den tid. Det var skifte etter Rasmus Anfinnson og Anna Nilsdtr. 6/11 1802. Berre sonen Nils, 7 år, levde då.Ein Erik Erikson vert gift 26/12 1819 i Stokkevåg med Brite Larsdtr. Strand. Han fødd 1789, ho 1790 etter alderen ved giftarmålet. Busett på Lundøy under Ytrøy som husmann.Denne Erik Erikson døyr 21/1 1827. Han har to søner, Ola f. 30/12 1819 og Lars f. 23/1 1823.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alf og Gisle for nye innlegg her. Det var ein aldri so liten ''tabbe'' at eg ikkje fann att dei tidlegare temai kring denne huslyden, men med so mange ''ballar i lufti'' på same tid, vonar eg på tilgjeving...Elles fann eg tema #56794 svært so spennande med omsyn til broren Erik Erikson, fødd 1792.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ang. Kornelius Olsson så står det følgande i BB for Solund, s. 555 i Bind 2:'Kva år Kornelius bygslar går ikkje nøye fram. Men det er noko rettelse med ei tingsak i 1771, kor ein gut frå Lyster vitnar at han hadde vore dreng hos Kornelius i 8 år, so det er vel rimelegast at han har teke over jorda ikkje så lenge etter han gife seg.' (Han gifte seg I i 1761 med Marte Olsdtr. Færøen, g. II i 1797 med enke Sesilia Sørensdtr. Herland).- Kjenner du Lars til kven denne guten frå Lyster kan vere?MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Den Anna Nilsdotter på Buskøy som du Gisle nemner i innlegg #6, kan vel vanskeleg vera ''vår'' Anna, for ho var jo enkje på den tidi og hadde i alle fall desse borni:* Anfind Rasmussoon, fødd på Krakken i Askvoll og døypt der 27.2.1789 ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8597&idx_id=8597&uid=ny&idx_side=-82>Lenke)* Nils Rasmusson, fødd på Krakken i Askvoll og døypt der 20.11.1791 (Lenke).* Nils Rasmusson, fødd på Skarnagel (i Solund) og døypt i Askvoll 25.4.1795 (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Til (8): Alle disse barna er nevnt i Askvollboken bind IIb s. 654, men lagnaden til alle er ukjent der.Til (9): Krakken i Askvoll (også kjent som Enstad) er i den delen av prestegjeldet som senere ble en del av Solund og ligger et par kilometer nord for Skarnagel. Disse områdene er derfor ikke omtalt i bygdeboken for Askvoll.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Til (9): Nei eg veit nok ikkje om fleire born. Den Nils f. 1791 trur eg ikkje er nemnd i BB for Solund. Eg veit heller ikkje kvar Anne Nilsdtr. er i 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Bygdebokforfattar Alf Steinsøy meinte at folketeljinga 1801 hadde fare litt lett over Austrefjorden og Dumbefjorden i Solund. Han meinte at eit par bustader der det hadde budd folk før 1801 og der det budde folk seinare, ikkje er komne med. Såleis kan det godt henda at Anna Nilsdtr. og sonen bur på ein husmannsplass under Skarnagel eller Engevik i 1801. Me veit dei budde der før og at Endre Erikson busette seg der. Han finn me på Hop i 1801. Anna Nilsdtr. har eg ikkje vore god til å finna blant dei døypte i kyrkjebøkene for Eivindvik. Ho kan utmerka godt vore komen tilflyttande, kanskje frå Indre Sogn?Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje, Gisle og Alf for nye innlegg om dette probemet.Eg har kikka litt meir på kyrkeboki for Askvoll, og eg ser at Rasmus Anfindson Krakken vart gravlagd i Øen sokn 4.5.1800, og blar eg litt vidare, so finn eg ei Anne Krakken (64) som vart gravlagd i Øen sokn, Askvoll 26.6.1802 (Lenke). Dette høyrest ikkje rett ut; alderen på 64 høver i alle fall dårleg, men kan jo vera feilskrive for 46(!).Eller kva meiner de som er lokalkjende? Er me eit steg nærare...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Eg vil tru det er den rette Anne, men alder virker ikkje heilt korrekt.Så lenge vi ikkje kan bruke FT1801 som rettesnor på alderen (ho finnes ikkje der) - finnes det då andre kjelder (f.eks. sjeleregister?) som kan gi svar på hennar alder ?Har du Alf forresten funne ut når (og frå kvar) Nils Rasmussen f. 1795 (levde i 1802) vart konfirmert? Evt. når/kvar døde han?MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Eg har ikkje funne han i konfirmantlistene enno, heller ikkje i dødslistene. Eg vil tru at i skiftet etter foreldra vil det stå kven som er sett til verge for Nils Rasmusson. Kanskje det kan vera ein stad å begynna når ein skal røkja etter kvar det vart av han?Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Og svaret fra SAB kom raskt:'Dato 6. nov. 1802. Eneste arving sønnen Niels, som fikk Niels Nielsen Busch i Engevigen som verge'.Så kanskje Nils vart konfirmert frå Engevik, eller kanskje døde der som ung?MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Eg har no funne at ein Nils Rasmusson døyr som dreng i Pollen 19. april 1811, 14 år gammal. Han høyrer ikkje heime der på garden, og det kan vera Nils Rasmusson frå Skarnagel/Krakken, sjølv om ikkje alderen passar heilt.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Alf,Dette kan nok stemme.Eg ser forresten av notata mine, uten at eg klarer å finne bakgrunnen for dette, at eg har skrive 'Identisk med N.R. Norheim?'. Men klarer ikkje å finne ut kvifor eg har skrive dette.MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.