Gå til innhold
Arkivverket

[#58970] Tyding av dokument frå 1679


Gjest Ørjan Kvaløy
 Del

Recommended Posts

Gjest Ørjan Kvaløy

Eg held på å skrive ein artikkel om Leka gamle kyrkje (1633-1864) til ei lokal historisk årbok, og treng hjelp med å tyde delar av eit dokument frå 1679, som beskriver kyrkja.Spørsmål 1Følgjande forstår eg ikkje: 'Vaabenhuuset er til Kirchens vestre ende optømrit, hvor paa ichun 2de Nafner findes, de andre 2de ender er udi Stolper indgrøftede.'Det samme gjelder skriftehuset.Her er det vel snakk om et tømra tilbygg. Nafner er vel kanskje nover (hjørner)? Eg har tolka det slik at det her er snakk om de ytre novene, medan dei som er inn imot kyrkjeveggen, ikkje er lafta nover, men derimot innfelt (indgrøftet) i stolper? Dette med stolper i ei gamal kyrkje, kan jo lett setje fantasien i sving.Spørsmål 2Våpenhuset er i vest, og skriftehuset er i nord. Korleis er da sjølve langkyrkja orientert i landskapet? Det normale er vel alter mot aust, og dermed våpenhuset i vest? Men kva da med skriftehuset i nord? Kor utbredt er vest-aust orienteringa av kyrkjer? Finst det unntak frå regelen?Spørsmål 3Dokumentet avsluttast med noko latin: 'Actum Huuseby Anno Die et Loco ud Supra' Kva tydar det?ØK

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ørjan Kvaløy

Tja, det eg lurar på, er jo at det kan vera restar av ei stavkyrkje? Den gamle kyrkja (før 1633) stod på Leknes, og ho vart riven. Denne kyrkja var frå mellomalderen. Ein skulle da kanskje tru at dei resirkulerte delar av denne kyrkja, f.eks våpenhuset, og brukte det i nykyrkja? Ikkje nokon dårleg ide, når dei budde på ei trelaus øy.Huuseby er Husby, der kor kyrkja vart bygd i 1633.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristian Hunskaar

3: Jeg skal ikke mene å oversette ordrett, men det betyr noe slikt som at brevet er skrevet på Huseby, tid og sted som før nevnt (brevet er sikker datert i innledninga?).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ørjan Kvaløy

Takk for den! Ja, brevet er datert den 14. oktober, 1679, og omhandlar eit ettersyn av kyrkja, gjennomført av seks lokale lagrettemenn.Eg har berre ei avskrift, så eg kan ikkje byrje å tyde skrift.Når det gjeld skriftehuset i nord, har eg sett for meg at det er i forlenginga av koret, bla. fordi det påpekes at skriftehuset mangler knefall, og det er vel noe ein finn i samband med alteret? Men det skulle vel tyde på at kyrkja er orientert nord-sør, med alter i nord.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.