Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#59016] Hagar Svendsdotter Rustad, f. i Ås 1847 - kven var ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har fått opplyst at Westlye Andreasson Egeberg, fødd i Innvik 6.8.1838, skal ha utvandra til Amerika frå Frogn(?) i 1868 og gifte seg i Winneshiek Co., IA 15.9.1869 med Hagar Svendsdotter Rustad, fødd i Ås 27.5.1847. Ho skal òg ha utvandra til Amerika i 1868.Eg finn ikkje utvandringi til korkje Westlye Aars eller Hagar Rustad frå Frogn (Drøbak) 1867-1869, og heller ikkje finn eg fødsli til Hagar Rustad i Ås i 1846-1848.Kanskje er det nokon som har vore borti denne huslyden og som kan hjelpa meg:* Stadfesta utvandringi i 1868?* Stadfesta fødsli til Hagar Rustad og fortelja meg kven foreldri hennar var?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid for eit interessant innlegg. Det er ingen tvil om at dette er rett Hagar, for ho tente jo nettopp hjå mannen som ho sidan gifte seg med.MEN, eg finn ikkje denne Hagar døypt eller konfirmert korkje i Ås eller i Enebakk, og eg har leitt fleire år i kvar retning. Merkeleg!? Og gardsnamnet Rustad finst både i Ås og i Enebakk...Eg står soleis framleis ''bom fast''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Født 27-5-1843. Ser ut som det står Agar. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Dette var kjempemessigt! Hjarteleg takk, Carsten, for spennande innlegg. Jau, dette må vera Hagar, og no finn eg foreldri hennar i FT1865 som plassfolk på SVERIGE under Askim i Ås:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Johannes Svendsen Husfader g Husmand 1801 Krogstad Prgj.Magrethe Fredriksen hans Kone g 1799 Krogstad Prgj.Andreas Kristoffersen Husfader og Logerende g 1833 Næs Prgj.Gundhild Johannesen hans Kone g 1834 Aas Prgj.Emil Andreasen deres Søn ug 1859 Aas Prgj.Thorvald Pedersen ug Tjenestekarl 1840 Haabøl Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Og her er vigsli til foreldri i Ås 15.12.1828 (Lenke). Johannes Svendson Gry.... (ja, kva står det her??) og Margretha Fredriksdotter Skuterud (i Ås!).Men so var det utvandringi deira, då? Er det oppskrive nokon stad kva tid dei fór til Amerika?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Else B. Rustad

Johannes Svendson Grydeland.Mvh Else B.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jarleif Nordheim

Gårdshistorien for Ås nevner familien under plassen Sverige u Askjum. Agar her nevnt f 1843. Far Johannes Svensen f 1806, sønn av Sven Torersen Brevik N. i Enebakk, gift 1828 m Margrete f 1802, datter av Fredrik Svensen Sneis (i Ås). Intet notert om utvandring.Mvh Jarleif

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Else og Jarleif for oppklarande innlegg kring opphavet til denne ætti.Dette parfolket komm forresten attende frå Amerika kring 1900 og busette seg då på Slemdal i Vestre Aker der Westlye Egeberg døydde 29.8.1907. Dødsfallet til Hagar er ukjent.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×