Gå til innhold
Arkivverket

[#59174] Kjenningsmelodien til Vigra lokal


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Her utfordrar eg sunnmøringane som vankar her: Kva heitte kjenningsmelodien til gamle Vigra lokal? Eg ha kontakta NRK Møre og Romsdal, men dei bryr seg visst ikkje med å svare meg. Dette må då sortere under Arkivstoff - ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Aase R Sæther

Eit spørsmål til som eg gjerne skulle hatt svar på innan den 17.:Eg meiner å hugse at lokalsendinga - det er tidleg på 60-talet eg snakkar om - starta kl 14, men får det ikkje heilt til å stemme med det kjende 'sitatet' av Joachim Rønneberg: 'Mann druknet i Brosundet i dag, god middag!'Middagen var vel rundtom 12 på dei tider, også i byane?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Middag er midt på dagen, altså kl. 12 som Aase nemner. Så når folk ynskte kvarandre 'god middag' i tidlegare tider, hadde det med tidspunktet å gjere, ikkje at middagsmaten skulle smake godt, som det synest at tydinga har idag. NRK har seinare funne opp nye helsingar som 'god føremiddag' og 'god ettermiddag', det siste etter engelsk mønster, begge ukjende helsingar i tidlegare norsk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Men kunne Joachim Rønneberg seie 'god middag' etter klokka to? Eller er det eg som hugsar feil når det gjeld start-tida for lokalsendinga? Den har nok vore felles over heile landet, så her utfordrar eg andre enn sunnmøringane og. Vi snakkar som før nemnt om ca 1960-64.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Litt oppklarande: Seldingstidspunktet 14.00 har eit spesielt innhald i det eg skal føreta meg den 17. mai, så det hadde vore greit å vite om eg fer med historieforfalsking.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

finne ei avis med radioprogram (sendeskjema) frå den aktuelle tida? - lokalsendinga var vel på same tid over heile landet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Til dei som måtte vere interesserte: Programbladet for 14.juli 1961 viser at 'Lokale meldinger' starta klokka 14. Det var siste programpost før pausen som varte til 16.30.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.