Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Bjørn Davidsen

[#59192] Etterkomarar etter Anders Christiansen og Elen Thomasdtr. Drotningsvik

Recommended Posts

Gjest Bjørn Davidsen

Dersom nokon her på Brukarforum er etterkomar etter det nemnde ektepar, eller veit om andre som er det, ynsjer eg kontakt for ei overrasking. Dei kan melda seg direkte til meg på epost: fndbred@online.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest erling t. endresen

Så spennende! finner en Anders Christiansen og Elen Thomasdatter gift på Askøy i 1790.... er det deres etterkommere du er på jakt etter, tro?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest erling t. endresen
LenkeHwer er de i 1801, i Drotningsviig, Bergen landdistrikt, med mange barn. Så etterkommere burde det antas at de har.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Ja, det er dei. Men eg er på jakt etter nolevande etterkomarar - difor ber eg om direktekontakt til eposten min. Og so langt han ingen meld seg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Av di det hadde vore morosamt å finna ein eller fleire etterkomarar etter desse folka snarast råd, lyfter eg temaet opp. Eg veit dei hadde svært mange etter seg i Bergens-området; eg har funne folk etter dei på Laksevåg heilt til etter siste krig.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjell-Arne Mellum

HeiDu får si hva overraskelsen er, så kanskje de dukker opp. :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det er nokon som ynskjer å ha folk frå den slekta (etter syskena til Lars Andersen) til stades ved 200-årsmarkeringa av 'Slaget ved Alvøen' som skal høgtidssamt markerast ved minnesteinen bak Korskyrkja i Bergen 17. mai kl. 08.15 i år. Men det kan like godt gjelda etterkomarar av slektningar til dei tre andre norske: Torbjørn Knudsen frå Luster, Guttorm Wincentsen Haugland frå Austevoll og Johan Larsen Bæum frå Hafslo - om slike finst.Så det var ikkje verre, men eg kunne ikkje godt be nolevande melda seg her på forumet, difor bad eg om at dei melde seg direkte til meg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjell-Arne Mellum

HeiJeg tenkte at en 'overraskning' muligens var litt for spennende til at noen ville melde seg.Håper du får respons.MvhKjell-Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Men, Bjørn, om vi kunne få noen hint om etterkommerne rundt 1900-1950, så kanskje noen av oss kjenner dem. Det er jo ikke alle som er på DF.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg har ikkje fått granska alle søskna til han Lars Andersen. Men dette er noko av det eg har funne:Broren Thomas Andersen gifta seg med Martha Johanna Nielsdtr. Nygård i 1816 og flutte etter kvart til Gravdal. Dottera til hans son, Niels Christian Thomass., Nilske Malene Nilsdtr. gifte seg 1876 i Laksevåg med Albrigt Joh. Johannessen. Dei fekk fleire born, m.a. Jakob Johan Albrigtsen f. 1877 som g. 1910 i Laksevåg med Emma Lorenze Stenvåg frå Lille Damsgård. JJA døyde kring 1940, mora 1943 og ein ug. bror under bombeåtaka 1944. Eg rekner med at det er etterslekt i alle høve etter JJA, som dreiv røykeri og fabrikk.Den andre eg har sett på, er Thomas A. sin eldste son, Anders, som vert g. 1840 m/Karen Marie Zacharisdtr. Nygårdsvik. Dei hadde 10 born, m.a. fiskar Nils Johan Andersen som vart g. 1879 m/Alette Mathilde Knudsdtr.. Dei fekk i alle høve Klara Marie 1880 og Elise 1883, fødde i Nygårdsvik.SÅ: Eldste systera til Lars A., Helge Kierstine A., ser ut til å verta g. m/Anders Andersen i Alvøen. Likeeins vert ei som truleg er yngste systera, Martha Lisbeth, g. m/Johs. Thorsen i Alvøen.Yngste bror til Lars A. Niels Christian A., ser ut til å verta gift med Elisabeth Eriksdtr. Ramsvik. Dei får borna Martines 1829 og Anna Karine 1831.Om dette kan vera til hjelp, er det fint.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Guttorm Wincentsen Haugland hadde ein bror Arne Wincentsen g. Birkeland i Austevoll. Der har eg følgt Austevollsboka og der finnes det heilt garantert etterkommere, da eg i boka kunne følge etterkommere like til født på 1940-talet. Her er Arne i 1865, Lars Steffensen var gift 1g. med Brithe Arnesdatter. Dette er ett ledd, men det finnes fleire. Eg kan jo sende ein e-post til kulturansvarlig i Austevoll. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Vona til dei som står bak dette, m.a. ein på Sjøkrigsskulen, er at ein eller fleire biologiske slektningar etter dei som fall, er til stades ved minnehøgtida kring minnesteinen bak Korskyrkja 17. mai kl. 8.15. Men det hadde vore ekstra gjevt å vita at nett ein eller fleire av slekta deira var der - NETT DÅ!Difor er det vi gjer ein freistnad på å få kontakt med dei. For eg veit dei finst - i hopetal. Og både du, Oddvar, og andre bør gjera det dykk kan for å skaffa oss kontakt med dei. I røynda handlar det om å få oppleva inne i byen, rett nok tidleg om morgonen, ei æresmarkering som vel neppe har vore dei siste hundre til to-hundre åra - og som vel knapt kjem att før om hundre år.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Du arbeider iherdig Bjørn, midt på natta i tillegg. Da har eg sendt e-post til kulturkontoret i Austevoll. Eg har snakka med etterkommere, sendt e-post til andre etterkommere etter Arne Wincentsen Haugland, bror til Guttorm Wincentsen. De er informert om denne linken, så får me håpe at dei tar kontakt med deg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Takk skal du ha - no midt på dagen òg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg lyfter dette opp for å halda saka varm.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det same ein gong til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.