Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#59224] Knut Sehuus, kjøpmann Kristiansund, f. 1767 - gift med Karen Margrethe Holck?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Knut Sehuus, kjøpmann, var fødd kring 1767 og gifte seg i Edøy på Nordmøre 10.7.1797 med Karen Margrethe Sørensdotter Holck, prestedotter frå Edøy, fødd på Venø i Ringkøbing amt 19.3.1778.I 1801 budde dette parfolket på Nordlandet i Kristiansund der Knut dreiv med ''småhandel'', og to born er nemnde:* Elisabeth, fødd 1798* Anna, fødd 1800Eg har notert at Karen Margrethe skal vera avlidi 5.8.1831, men eg finn ikkje dette dødsfallet i Kristiansund hovudsokn.Er det nokon som sit med kunnskap om denne ætti og som kan hjelpa meg finna svar på nokre av desse spørsmåli:* Dato og stad for fødsli til Knut Sehuus?* Kven var foreldri til Knut Sehuus?* Dato og stad for dødsfallet til Knut Sehuus?* Dødsstaden til Karen Margrethe?* Kor mange born fekk dette parfolket?* Seinare yrke og bustad for Knut og Karen Margrethe?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Kan han vere son til Hans Michael Seehus, f. 1734 i Hyllestad, men som vaks opp på Nordfjordeid? Han vart prest i Danmark, fyrst kapellan ved domkyrkja i Århus, seinare i Saksild og Nølev.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Hei LarsNorges Læger: Niels Rosing Seehus, søn af kjøbmand Knut Seehus og Karen Margrethe Holck, er født i Hiteren 27-11-1811, tog jan. 1845 preliminærexamen og 10-9-1849 medicinsk examen. Høsten 1833 fungerede han som choleralæge i Christiania ved Mangelsgaardens Lazareth og fra octbr.1835 til høsten 1843 som assistentlæge ved Stavanger Amtssygehus.Fra 1850 til octbr. 1855 practiserede han som privatlæge i Indviken i Nordfjord og derpaa til 1858 ligeledes i Stadsbygden, hvor han i 2de somre var constitueret som districtslæge i Nordre Fosen. 8 juni 1858 blev han udnævnt til distriktslæge i Søndre Fosen med bopæl paa Hiteren, fra hvilket embede han 25 juni 1866 erholdt afsked i naade. Han flyttede derefter til Farsund, hvor han døde 27 aug. 1868 af tabes dorsalis.Gift med Anne Marie Lund, f. i Vanse 9 juli 1819, døde i Farsund 4. juni 1871, datter af seilmager og eier af gaarden Kjørrefjord ved Farsund, Gabriel Gabrielsen Lund og Anne Margrethe Skougaard. - Ingen børn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Holck

Jeg har notert at ekteparet Seehus hadde 10 barn, uten at jeg for øyeblikket kan oppgi kilden for dette. Søk i FT 1865 (etternavn inneholder Seehu)gir imidlertid flere mulige kandidater; alle de følgende med angitt fødested Hitteren:Søren Holck Seehus, procurator, f. omkr. 1802 Søren (?) Seehus, fyrvokter, f. omkr. 1805 Christopher Seeehus, f. omkr. 1810 (bor i Aure) Niels Rossing Seehus, f. omkr. 1810 Caroline Seehus, ugift lærerinde,(bor i Mosjø), f. omkr. 1816 Knudt Seehus, f. omk. 1817 Johan Seehus, f. omk. 1818 (bor i Aure)Dessuten: Elisabet A. M. Seehus, f. omkr. 1797, g.m.Erik Mikkels.. Henne har du vel allerede.Kirkeboka for Hitra i den aktuelle perioden er ført kronologisk, og er ikke så lett å finne frem i.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Holck

Fant også dette: Den første utdanna jordmora på Hitra må ha vært Elisabet Anna Margrete Hægstad, født Seehuus. Hun var fra Rørøya i Kvennværet, datter av Karen Margrete og Knut Seehuus, som dreiv handel på Rørøya. Hun var søster til distriktslege Nils Rosing Seehuus. Sommeren 1826 gifta hun seg i Dolmkirka med Erik Mikkelsen Hægstad fra Leinstranda, og det var omkring denne tida hun begynte som jordmor på Hitra. Hun var jordmor her fram til omkring 1870 – i 45 år! Hemne fikk si første utdanna jordmor i 1842, og i mange år var disse to de eneste jordmødrene i søndre Fosen. (Lenke )

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunnar, Carsten og Marianne for spennande og nyttige innlegg.Om eg tolkar dette rett, busette altso Knut Sehuus og Karen Margrethe Holck seg på Rørøya på Hitra, og då bør dei vel òg vera nemnde i ei lokal bygdebok? Kanskje denne vil ha svari på dei fleste spørsmåli mine (jmf. #1)?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Statsarkivar og bygdebokforfattar, Anders Todal har i 'Gardtales i Stemshaug' (1963) på s. 302 under garden Skipnes i Aure opplyst følgjande om Sehus-ætta.'Ein stamfar i ætta heitte Hans Sehusen. Han var kjøpmann i Slesvig og gift med Kristine Mortensdotter. Ein son av dei to heitte Morten, blei rådmann i Stavanger og var gift med Elisabet Sørensdotter. Desse to fekk sonen Hans, som blei prest i Helleland. Han fekk ei dotter som heitte Maren og som blei gift med ein Søren Michalsen, fut i Nordfjord. Hans son var ein Søren Michalsen (må vera feil. min kommentar). Han slo seg ned som handelsmann på Hitra, blei gift med ei Ane (?) og fekk med henne sonen Knut, far til Johan Kristoffer Holck Sehus på Skipnes. Kona til Knut heitte Karen Margrethe Holck. Desse Michalsen-ættlingane tok etternamnet åt mora (Sehus) i bruk.'Så langt Todal. Men som ein ser så har det oppstått ein feil, kanskje under setting av manus som ikkja har vorte oppdaga (Todal sjølv var død på det tidspunktet).Elles var det først ei Ane f. Sehus som kom til Skipnes i Aure. Ho var gift med Petter Andreas Kristoffersson Vinter og hadde 4 born, nemleg Johan, Knut, Karen Margrethe og Petra Kristine.Petter Vinter hadde ein bror, Johan Kristian. Denne Johan var gift med ei Johanne Sofie Kristoffersdotter Lossius. Så døydde både Petter og Johan Vinter og bror til Ane Sehus, Johan Kristoffer Holck Sehus vart den nye mannen til enkjefru Lossius.Alt dette er henta frå Todals framstilling, og eg har ikkje gjort noko for å kontrollera hans opplysningar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I Maurits Fuglsøy si bok; 'Hitra II Øya og folket' får vi veta litt meir om Sehusfolket. Fuglsøy opplyser der at Søren Seehuus heldt fram med handelen på Rørøya (etter Stockhof?). Søren var f. 1739 og døydde 1803. Kona hans, Anne Valle var født 1734 og døydde 1804. Fuglsøy skriv at Søren hadde 4 born, men nemner berre sonen Knut ved namn. Knut var vistnok ein drivande handelsmann, men i krigsåra 1807-08 vart jekta hans borda av eit engelsk kaperfarty, og etter den tid vart vist Knut ein 'slagen mann'.Av borna til Knut Seehuus nemner Fuglsøy berre dotra, Elisabeth Anna Margrethe Seehuus f. 1798 som var gift med Erik Mikkelsson Heggstad, sonen Johan Kristoffer som kom til Skipnes i Aure, samt sonen Knut som tok over Rørøya etter foreldra. Enkja etter Knut d.y. selde Rørøya til kjøpmann W. F. Christie i Kristiansund i 1869 og dermed kom Seehuus-ætta bort frå staden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Finn for nye spennande opplysningar om denne ætti.Eg har før fått oppplyst at Karen Margrethe Holck skal vera avlidi 5.9.1831, men eg finn ho ikkje i dødsfallslista for Hitra/Dolm for dette året. Dei andre soknene finn eg ikkje bøker for.Har ikkje bygdeboki årstal for fødsel og død for Knut Sehuus og kona Karen Margrethe (Holck)?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Nei, diverre kan eg ikkje sjå at Fuglsøy skriv noko om dette. Han nemner likevel at dei to sonane, Johan og Knut overtok Rørøya i 1838. Så vi må kanskje rekna med at begge foreldra er avlidne då?Elles må det seiast at denne boka så langt frå kan kallast ei bygdebok som er dekkjande for slektene på Hitra. Boka er på vel 400 sider og dekkjer heile den store øya og kommunen Hitra. Eg veit at det er utarbeidd ei ny bok for Sandstad sokn aust på øya, men eg kjenner ikkje til at det er kome nye bøker for resten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Rørøya tilhøyrde Kvenvær sokn på Hitra, men det ser ut som kykjebøker for dette området manglar for det tidsromet som er interessant her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Ansnes

Hele Hitra ( inkl. Kvenvær ) samt hele Frøya ble ført i kirkebøkene for Dolm, minst frem til ca 1860-tallet. Men jeg har sett at gravlagte ved enkelte kirkegårder i utkantgrendene noen ganger ble ført inn lang tid i etterkant, så sjekk gjerne hele 1831 og 1832.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Ole Sollie

Til (1):Se bok: 'Slektninger. Seehus- og Winther-slekta i 400 år samt sidegreiner av Seehuus ned til middelalderen' Kristiansund 1997. ISBN 82-993949-0-2. Forfatter: Johan Berge Dyrnes, Amundbergan 41, 6500 Kristiansund N.Forfatter beskriver Morten Hansen Seehusen fra Slesvig, borgerskap i Stavanger fra 1659 og ledda ned til oldebarnet Morten Seehusen f. 1767

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gine Olsen

Karen Margrethes dåp på Venø på utsnittet nedenfor. Kilde: Arkivalier Online, Skannede kirkebøger (danske), Venø, oppslag 8.Mvh. Gine

bilete4892.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Ansnes

Kom over dåpen til Johan Christopher Holck tilfeldigvis, i Dolms kirkebok 1818-1827:LenkeTror det står at han er døpt 8 august 1819 i Kvenværs kirke. Og født 12 juni ? Stemmer ganske bra med det som er oppgitt i innlegg ( 4 )Knut

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Steinar Hansen

Iflg. Erlandsens bok om geistligheten i Trondhjems stift, var Karen Margrethe Holck født 19.3.1778 og døde 5.8.1831. Her heter det også at hun giftet seg med Knut Sehus i juli 1797.Karen Margrethe var trolig født i Danmark (Ribe stift), hvor faren synes å vært prest til han kom til Hafslo i 1781.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×