Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#59239] Christopher Budde Holck (1793-1830) - presteson og gardbrukar på Hestøy i Edøy?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Yngste barnet av sokneprest Søren Hagerup Holck til Edøy og kona Elisabeth Anna Margrethe Budde, var:Christopher Budde Holck, fødd i Edøy 12.9.1793, døydde 17.11.1830 då han miste livet på sjøen utanfor Skibnes i Aure. Dødsfallsregistreringi syner at han var gardbrukar på Hestøy i Edøy (Lenke)* Eg kan ikkje sjå at Christopher er nemnd som barnefar i Edøy 1821-1831, so truleg var han ugift..., men kan nokon stadfesta dette?* Sokneprest Søren Holck budde i Edøy frå 1787, men KVAR er huslyden i 1801? Søren hadde fleire døtrer som eg veit svært so lite om, som til dømes:- Martha Susanne Hagerup Holck, fødd på Venø, Ringøbing 4.3.1777, skal vera avlidi 25.9.1831, truleg ugift(?).- Christophora Helene Holck, fødd i Hafslo 7.9.1783, ukjend lagnad.- Anna Albertine Holck, fødd i Edøy 29.4.1788, ukjend lagnad.Om nokon kan kasta meir ljos over denne huslyden, ville eg vera svært takknemleg for det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Det silregner i Oslo og været er kanskje ikke bedre på Geilo heller? Mine to sønner på 10 og 12 besøker en kamerat og jeg sitter her og ser hva som 'rører' seg i brukerforumet.Denne har du sikkert sett: http://vestraat.net/iea-o/p487.htm Hilsen Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for ''fuktig'' innlegg!Opplysningane frå Erik Berntsens slektssider var truleg utgangspunktet for dei opplysningane eg alt sit inn med om Holck-ætti. No freister eg å komplettera ''lite vetta'', og so langt har eg lukkast svært so bra, men einskilde spørsmål vil vel alltid stå att.På Geilo er det opphaldsvêr, men overskya. Eg høyrer berre det ''sildrar'' av all snøen som smelter. Framleis ligg det ein meter framfør døri mi..., og inne er det godt og varmt! Du får ta deg ein tur, Grethe...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arild Hopland

Smøla Bygdebok II side 223 og 224, Edøy.Søren Hagerup Holck skriv i Edøy kyrkjebok straks etter han var komen til Smøla at han den 24. mars 1786 vart kalt av kong Cristian den 7. til sokneprest for Edøens menigheter etter at han hadde vore sokneprest for Venø menighet i Ribe stift i Danmark i 6 år og sokneprest i Hafslo menighet i 5 og et halvt år, medrekna nådens-året (fri-år).2. juni 1787 kom han med kone og 6 små barn til Edøy kall og Edøy gård som han hadde kjøpt og 10. juni innsette han seg sjølv i Edøy hovedkyrkje. Sokneprest Holck var født i Kristiansund 1744 og gift med Elisabeth Anna Magrethe Budde, dotter av prost Budde i Tingvoll.Borna til Holck som er nemt er:1. Martha Susamma Hagerup f. ca. 1777. Ho døydde på Edøy i 1831, 54 år gamal.2. Karen Magrethe f. 1778, gift i 1797 med Knut Seehus f. 1767. Han var handelsmann på Rørøy3. Wilhelmine Christina f. 1779, gift i 1815 med Gunder Swensen f. 1782. Han var skipsfører, seinare hamnefogd.4. Johan Christoper f. 1780, gift 1. i 1813 med Karen Tornquist og 2. med Margtethe Godwald. Han var kjøpmann i Trondheim.5. Christophera Helene f. ca. 1782.6. Aage f. 1784. Han døydde som student i 1807.7. Anna Albertina f. 1788.8. Søren Hagerup f. 1791. Han vart prest i Danmark.9. Christopher Budde f. 1793. Han vart gardbruker på Hestøya og budde der i 1830, 37 år gamal.Holck slutta som sokneprest i Edøy i 1812 men fortsatte å bu på Edøy til han døydde i 1823. Kona døydde året etter. Så vart det igjen halde auksjon på Edøy-garden, men to av døtrene til Holck, Anna og Helene som var ugift skulle ha kår og husrom på garden.Side 306, Hestøya:Som vi kan sjå under Edøy var det sokneprest Søren Hagerup Holck som åtte Edøygarden frå 1787 til han døydde i 1823 og Hestøya høyrde til Edøya på denne tida. Ein av sønene til Holck, Christoffer Budde Holck fekk skøyte på Hestøya i 1830, 37 år gamal. Hestøya vart selt på auksjon til kjøpmann Johan C. Holck i Trondheim i 1833. I 1835 fekk Haagen Lassesen bykselsetel på Hestøya frå kjøpmann Johan C. Holck, men Haagen var komen dit eit par år tidligare som forpaktar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Det står vel at Christoffer Budde f. 1793 var gardbrukar på Hestøya og at han døydde der i 1830, ikkje at han budde der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Holck

Helene Christophora dør 18.desember 1862 på prestgården i Stadsbygd, og begraves 6. januar (LenkeI artiklen 'Prestgården på Smøla' i NST XIII s. 55 av Elisa Tandberg, gjengis et bilag Søren Hagerup Holck la ved sin avskjedsansøkning i 1812. Her beskrives alle problemene han hadde i forhold til sin embedsgård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arild Hopland

Takk Finn. Fint du retta meg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Holck

Ad(6): I 1865 bor bl.a. disse på Alfshoug Præstegard i Stadsbygd: N. Steen Husfader Sognepræst Gaardbruger 57 år født i Trondheim og hans Hustru Fru Agathe Steen 52. Dette må være Agathe Johanne Holck f. 1814, datter av kjøpmann Johan Christopher Holck og Karen Christiane Tornqvist. Hun var gift med presten Nathan Surland Steen. Helene Christophora tilbragte antagelig sine siste år hos niesen med familie.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arild, Finn og Marianne for nye spennande innlegg! No byrjar brikkene skikkeleg å falla på plass!Utanom detaljopplysningar om Karen Margrethe og Knut Sehuus er det no berre dødsfallet til Anna Albertine Holck som manglar! Ho levde framleis då foreldri døydde i 1820-åri, men har vart det sidan av ho...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gine Olsen

Hei!Jf. innlegg 1. Underlig at ikke det går an å finne Søren Holck m. familie i 1801-tellingen! Jeg syns til og med at jeg husker å ha sett det i de tidlige tidene med FT på nettet, hvor det visst også var nevnt at presten var nesten døv.Det siste er iallfall riktig.Dette nedenfor har jeg ikke funnet igjen kilden på, desverre:16/3-1763 sogneprest til Venø i Limfjorden, ordinert 22/9.28/6-1781 til Hafslo i Bergens Stift, hvor han fandt det 'vanskeligt at begaae sig for en Fremmed, der ikke er af de indfødtes Slægt'.24/3-1786 sogneprest til Edø: 'efter Samtidiges Dom en from, ordentlig og meget samvittighedsfuld Mand.13/11-1812 entlediget, i sine siste leveår nesten døv.Jeg har flg. fra div hjemmesider om Venø Kirke og Søren Hagerup Holck:'Præsterne paa Wenøe. Præstekaldstavlen: (originalbeskrivelse)Fra Anno 1750, da Venøe blev frit Kald med Forflyttelses Rettighed efter 6 Aars Forløb. 1. Hr. Adam Frederik Grib, 1750 til Sognepræst paa Venø, 1756 til Sognepræst i Rudkøbing på Langeland. 2. Hr. Frederik Wilhelm Wind, Kaldet 1756 til Sognepræst paa Venø, 1766 til sognepræst i Skive. 3. Hr. Jakob Buchart, Kaldet 1766 til Sognepræst paa Venø, 1774 til Sognepræst i Toftlund, i Ribe Stift. 4. Hr. Søren Hagerup Holk, født 1744 i november, i Christianssund, i Trondhjem Stift. Kaldet 1775 til Sognepræst paa Venø. Var her paa Øen i 6 Aar, blev velsignet med 5 Børn, gjorde en Rejse til København, og blev kaldet d. 27 Juni 1781 til Sognepræst for Hasloe Præstegields 4de Kirke Sogne i Bergens Stift.' ([url="http://www.sitecenter.dk/cind/venkirkeigennemtiderne/>Lenke)Han var også i Enkekassen;

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Holck

Noen utfyllende opplysninger om Søren Hagerup Holck hentet fra Ostermann, H.:'Nordmenn ordinert på Fyen og Jylland - utdrag av vita-protokollene', Norsk Slektshistorisk Tidsskrift V 1936:Foreldrene døde tidlig og 'ob negligentiam magistraruum' mistet han en stor del av sin arv. Sattes 10 år gl. i Kathedralskolen i Trondhjem og kom 12 år gl. til København, blev 16/12 1761 student, entok året etter filosoficum med laud, og kort etter baccalaurgraden, men måtte på grunn av pengemangel ta attestas på 15 måneder, blev kandidat 13/3 1763 med non, men fikk laud. til dimis. Derefter nesten 10 år huslærer i Norge, 1772 atter Kjøbenhavn og blev 3/4 1775 sogneprest på Venø (ved Limfjorden), ord. 22/9 (Dat. 22/9 1775).Sønnen Aage Kaasbøl Holck døde under angrepet på København 2.sept 1807: ' blev på Kiøbenhavns Volde dræbt af en fiendtlig bombe; det første og formodentlig det eneste Offer blandt Studenterne af Trondhiems Stift for Kongestadens Forsvar'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.