Gå til innhold
Arkivverket

[#59254] Karen Sophie Edvardsdotter Christie, fødd i Sogndal 1795 - kvar vart ho av?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Karen Sophie Edvardsdotter Christie, dotter av handelsmann Edvard Henrikson Christie og Birgitta Andreasdotter Lind, vart døypt i Sogndal 26.2.1795 og er nemnd hjå mor og stefaren i 1801 på Hofslund i Sogndal.Men er det nokon som kjenner lagnaden til denne jenta? Kvar vart ho av?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Dåpen i Sogndal viser at hun ble døpt MAREN Sophie Jacobine Sunde Christie - Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 7 (1782-1795), Kronologisk liste 1795, side 179. Lenke. Hun står som Maren Sophie i f.t. 1801 også. Moren kalles da Birgitte Lind, gift for 3. gang.Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ottar Solberg

Eg har Maren Sophie Edvardsdtr. Sunde i slektsbasen min. Der har eg notert at ho døydde ugift i Bergen i juli 1865. Kjelde: 'Slekten Christie i Norge', s. 35.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Marens stefar, Peter Elias Alm døde i allefall i Sogndal i 12.1.1816. Han omkom på sjøen ved ”ulykkelig Hændelse” - Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 9 (1809-1821), Kronologisk liste 1816, side 78. [url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515670292.jpg>Lenke. Maren var da i konfirmasjonsalderen.Det ble holdt skifte etter Bergithe Alm på Hofslund i Sogndal i 1829

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ottar Solberg

Det er truleg gravferda til Maren Sophia vi finn her:I basen 'Gravlagde i Bergen 1816-1886 finn eg truleg Maren Sophie her:39019 1865 1507 1107 Jomfru Marie Christie 3-9 71 Aar K Vattersot Nykirken

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ottar Solberg

I innlegget mitt (5) vart det diverre to setningar med omlag same innhald.Kan namnet Sophie Jacobsen i skiftet frå 1829 vera feil tolkning av namnet Sophie Jacobine, eller kan det vera samanblanding med 1. ektefellen til Birgitte Lind som var Jacob Christopher Foss? Birgitte Lind var gift med han frå 1789. Han døydde 1793 og Birgitte vart gift 1794 med Edvard Henrichson Christie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Ottar for kjempebra og oppklarande opplysningar. Problemet er heilt løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.