Gå til innhold
Arkivverket

[#59400] Maren Pernille Olsdtr. Eikevik -- kor blei ho av?


Gjest Torodd Kinn
 Del

Recommended Posts

Gjest Torodd Kinn

Maren Pernille f. 24.3.1860 var dotter av Ole Andreas Andersson og Hille Margrete Abrahamsdotter Eikevik (i Kinn). Ved folketeljinga i 1875 ser det ut til at ho var gjetar på hovudgarden på Svanøya. Men etter dette forsvinn alle mine spor. Kjenner nokon til henne?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Kan det vere nr. 4283 Maren Olsdtr. (f. 1856), som var 'løsarbeiderske' i FT 1900 og budde på b.nr. 2 Kvien under Gnr. 94 Seterskar på Stavøya? Denne Maren var gift og hadde sønene Nils (1897) og Daniel (24/6 1900). Mannen til Maren er ikkje nevnd i FT.Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Nei, det er neppe henne. Ved dåpen til sonen Daniel er ho kalla Dybevig. Djupevika ligg under Tonheim, og i FT1865 bur det ei Maren Olsdtr. i rett alder der -- ei anna enn den eg ser etter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Eg trur sanneleg det er ho! Men det er tydeleg at alderen hennar er heilt ukjend. Her er ho i 1900:Lenke-- endå meir feil!Vi kan setje saman desse dataa om Maren Marås: Ho er frå Eikevika i Kinn, og faren heitte Ole Andersson. Eg trur ikkje det fanst andre Ole Andersson Eikevik enn faren til ho eg leiter etter. Eg må undersøkje det nærare, men eg trur vi har funne rette vedkommande. Tusen takk! Kjenner du meir til denne familien?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Her er ekteskapet i Manger 03.10.1882. Her står det at hun var født på Herdla, men født i 1860. Farens navn var Ole Andersen.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Tusen takk for all hjelp! Eg leitte fleire gonger forgjeves etter henne i FT1900, for heile landet. Feilen eg gjorde, var å rekne med at alderen ville vere nokolunde korrekt i teljinga. Men der hadde dei bomma med 14 år!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.