Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Torodd Kinn

[#59482] Ananias Jonsson Skorpa (Kinn) - kven var han?

Recommended Posts

Gjest Torodd Kinn

Ananias Jonsson (d. 1843) gifta seg med enkja Gjertrud Pålsdotter 15.09.1799. Begge er då skrivne 'Skorpen'. Ved FT1801 er alderen 30, dvs. fødsel ca. 1772. Kjenner nokon til opphavet hans? Ein Ananias Jonsson Barekstad vart konfirmert i 1790 (if. Joleik) -- kan det vere han? (Litt gammal konfirmant, men alderen i 1801 kan vere for høg.) Eg kjenner ingen annan Jon Barekstad frå denne tida enn Jon Edvardsson, og ved skiftet etter han i 1794 var det (if. Joleik) ingen Ananias mellom barna.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Hei Torodd!Fant dette på FS: Ananias Jonsson,døpt 11 mai 1773,Bremanger.Faren heter Joen Edvartsen: Lenke Mvh Ann-Mary

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Moren til Ananias er antagelig Sara Andersdatter Dumben.Fant henne i Vigde i Kinn(Digitalarkivet).Hun ble trulovet 25 jan 1772,og giftet seg 8 april 1773 med enkemannen Joen Edvartsen Nærøen: LenkeMvh Ann-Mary

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Hei!Denne Jon Edvardsson Nærøy er nok den same som Jon Edvardsson Barekstad. Det var skifte etter han til enkja Sara Andersdtr. og barna i 1794, men if. bygdeboka heitte barna Edvard, Birte og Massi, altså ingen Ananias.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Eg óg har kome til at Jon og Sara flytta frå Nærøya til Barekstad. Borna: Ananias (1773-1843), Berte (f. ca 1776), Massi (1780-1846) og Edvard (1787-1803).Jon Edvardson var svært truleg son til Edvard Jensson og Brite Olavsdtr. Solheim (Brandsøy). Edvard Jensson på si side var fødd i Barekstad 1693, men vart gift og busett på Solheim.Sjå s. 181 i 'Soga om Flora' (Joleik). I skiftet etter Edvard og (2.) kona Brite Olavsdtr. Solheim (Brandsøy) står det at Jon Edvardson då oppheldt seg i Holmesundet.S. 178 i same boka står skiftet etter Nele Rikkardsdtr., fyrste kona til Edvart (Evert).Men kven var Jon Edvardson gift med i sitt 1. ekteskap?Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Men ifølgje Joleik s. 61 hadde ikkje Jon Edvardsson nokon son som heitte Ananias då han døydde? Det kan sjølvsagt tenkjast at Joleik har utelate ein arving. Har du sjekka skifteprotokollen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Kan dette vere første giftet til Jon? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Skiftet etter Jon Edvardsen Bareksten er datert 12. mai 1794 og nevner enken Zara Andersdatter, sønnen Edvard, 8 år, og Berthe, 18, og Madsie, 11. (Yngve Nedrebø, SAB / DA)**********Skiftet etter Edvard Jensen Soleim og kone Brite Olsdatter er datert 25. august 1763 og hadde formue og gjeld som gikk opp. Arvinger er ikke nevnt, men på listen over personer med penger til gode står Joen Edvardsen Holmesund for innestående morsarv, Siri Edvardsdatter, for morsarv og bryllupsgjerd, og Nille Edvardsdatter, for morsarv og bryllupsgjerd. Jeg antar at de tre er barn av Edvard Jensen fra et tidligere ekteskap. (Yngve Nedrebø, SAB / DA)**********MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Altså kan vi konkludere med at Ananias Jonsson Skorpa ikkje var son av Jon Edvardsson Barekstad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Eg trur nok at Ananias høyrer til Jon Edvardson Nærøen, seinare Barekstad:1105 Ananias m Joen Edvartsen Nærøen 1105 17730810 Bennte f Joen Edvartsen Nærøen 0810 17752011 Massie f Joen Edvartsen Barrexten 2011 1780MEN, sidan han ikkje er nemnd i skiftet, kan han vere uektefødd?MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Eg trur vi kan utelukke at den Ananias som vi kjenner dåpen til, var son av Jon Edvardsson og ei anna kvinne enn kona Sara Andersdtr. Dersom det hadde vore tilfellet, ville vel presten ha nemnt mora? Uekte barn er jo vanlegvis meir detaljert førte enn ekte.Jon Edvardsson Nærøy og Sara Andersdtr. Dumba vart trulova i februar og vigde i april 1773. Så er Ananias døypt i mai 1773. Han er i det minste unnfanga for tidleg. Det er ikkje heilt utenkjeleg at han vart fødd før vigselen, men neppe før trulovinga.Er det nokon som kjenner arveretten frå 1700-talet godt nok til å avgjere om noko av desse alternativa ville føre til at han ikkje fekk arv?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Eg har oppretta ein ny tråd for dette med arverett og uekte barn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Iflg. Digitalarkivet vart Ananias døypt 11/5 1773 som son av Jon Edvardson Nærøy.Men kan det vere at Jon og Ananias gjorde opp seg i mellom før Jon døydde? Synes å hugse at i eit anna tema vart dette diskutert som ein muligheit.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Er det nokon som veit kor Holmesundet ligg? Ligg det mellom Stavøya og Veiesundøya? Eller mellom Veiesundøya og Veiesundholmen? Eller ein heilt annan plass?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Holmesundet ser ut til å liggje utanfor Høyvika. Gå inn på www.kvasir.no/kart og søk på Høyvik. Finn Flora-Høyvik. Zoom litt ut, så ser du Holmesundet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Ja, Holmesundet ligg altså i Høydalsfjorden, i nærleiken av Steinhovden. Det kan vel tenkjast at Jon Edvardson budde i Holmesundet rundt 1763, og flytta seinare til Nærøya,og så Barekstad.Eg veit lite om skifte, men kunne det ikkje vere slik at dersom formue og gjeld gjekk opp i opp, vart ikkje alltid arvingane nevnde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Eg er heller ingen ekspert på skifte. Men dersom Ananias Jonsson Skorpa var den sonen av Jon Edvardsson Nærøy/Barekstad som vart døypt i 1773, hadde han iallfall arverett, jf. arverettstråden.Dersom Ananias ev. hadde fått arv før, eller av annan grunn ikkje fekk arv i 1794, reknar eg med at det iallfall må vere nemnt i skifteprotokollen. Vi må visst gå til protokollen og finlese.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Eg har gått igjennom fadrane til barna til Ananias Jonsson Skorpa, for å sjå om dei kunne gje spor. Dei fleste er frå Skorpa, mange av kona Gjertrud si slekt.Men éin interessant fadder fann eg: Då Jon Ananiasson vart døypt, er ein av fadrane Martins Larson Hovdetræden (??) -- iallfall noko på Hovde-, og det er finst ein plass som heiter Træet. Martin(us) er den andre mannen til Jon Edvardsson si enkje Sara Andersdtr., og dei budde nettopp i Hovdetræet.Har ikkje lagt inn lenkje her før, men prøver:Framhald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Eit landsomfattande søk i 1801-tellinga viser at i heile landet var det på den tida 4 ved navn Ananias Jo(h)nson; 2 i Sogn og Fjordane og 2 i Hordaland. Dei to frå S.&Fj. budde begge i Kinn pr.gj.. Det er i alle høve svært sannsynleg at Ananias Jonson er son til Jon Edvardson, teke i betraktning at kombinasjonen Ananias og Jo(h)nson er svært uvanleg, og at det stemmer så bra med alderen til den A.J. som vart døypt 11/5 1773. No skal ein ikkje basere slektsgransking på sannsynlegheitsrekning, men allikevel...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Martinus, frå Gulestø, busette seg på Langøya under Batalden. Han fekk ein son Jon f. ca 1830. Eg sit ved ein annan pc enn den eg normalt brukar, så eg har ikkje tilgang på slektsdataene mine. Hugsar ikkje meir i farten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Gløymde å seie at Martinus busette seg på Store Langøya i sitt 2. ekteskap med Berte Ellingsdtr.. I sitt 1. ekteskap budde han som du seier i Hovdetreet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Vel -- eg har begynt å tru på Jon Edvardsson og Sara Andersdtr. som foreldra til Ananias på Skorpa. Dåpsdatoen og alderen i 1801 passar godt saman, og det at Sara sin neste mann er fadder for Jon Ananiasson i 1805, tyder på ein relasjon mellom han og barnet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×