Gå til innhold
Arkivverket

[#59973] Pernille Olsdotter (Klingenberg) Indre Reksta -- opphav?


Gjest Torodd Kinn
 Del

Recommended Posts

Gjest Torodd Kinn

Kjenner nokon til kor ho kom frå? Ut frå alderen då ho døydde, skal ho vere fødd rundt 1739.Ho er ikkje i registeret over konfirmerte i Kinn 1742-80.Ho vart gift med klokkar Tomas Bjørnsson Klingenberg i 1764 (namnet Klingenberg er frå hans slekt): [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=KINNVI&gardpostnr=1041&merk=1041#ovre>Lenke Han var if. FT1801 i sitt 77. år då, dvs. fødd ca. 1725.Dei budde på Indre Reksta.Barna deira: - 1764: Mads Henrik, g.m. Brite Bendiksdtr. Kinn, busett på Indre Reksta. - 1766: Birte Katrine, g.m. Kolbein Bendiksson Kinn, busett på Kinn. 1769: Bjørn, g.m. (1) Andrea Olsdtr. Valvik, (2) Malene Andersdtr. Seterskar, busett på Indre Reksta. 1774: Maren Susanne, lagnad ukjendPernille døydde i 1798 (høgre side, like under konfirmantlista):

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Da de gifta seg i 1764, står Johan Henric Batallen og Henric Olsen Kindesund som sponsorer: Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 2 (1729-1785), Kronologisk liste 1764, side 324. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11532&idx_id=11532&uid=ny&idx_side=-309>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Han må være død i 1801, mulig det er enka og sønnen som er her: LenkeFinner ikke dette paret gift i Kinn, det er da mulig at de kom fra et annet sted i S & F.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Eg har òg lurt på det, og det er ikkje heilt usannsynleg.Henrik Olsson var frå garden Naustdal (prgj. Førde). Foreldra var Ole Monsson Naustdal og Brite Madsdotter Hafstad. Henrik var fødd i 1732, og han hadde ei syster Pernille som var fødd i 1738. Dette finn eg i Naustdal bygdebok, bd. 1, s. 759.Men det står ingenting meir om Pernille enn fødselsåret. Faren døydde i 1741, mora ca. 1755 (framleis if. bygdeboka). Dvs. at om det finst skifte etter foreldra, så var dei før ekteskapet til Pernille. Dei ville ev. kunne vise at ho var død, eller kor ho budde.Dersom dette er rett Pernille, heiter foreldra til ekteparet Tomas og Pernille følgjande:Bjørn Jensson, Maren Sørensdotter, Ole Monsson, Brite/Birte MadsdotterBarna heitte: MADS Henrik, BRITE/BIRTE Katrine, BJØRN, MAREN Susanne. Dvs. at alle har namn etter beste- eller oldeforeldre.Det verkar ikkje heilt urimeleg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jeg tror det at du har funnet rett person, hvorfor skulle han ellers være sponsor? De fleste hadde jo familiemedlemmer til det. Siden foreldra døde så pass tidlig, er det og store muligeter for at broren som var eldre har tatt seg av henne. Hun var jo bare 17 år da faren døde. Dertil har du navneoppkallinga, Henrik kan jo være etter hennes bror.Mads er jo heller ikke et så forferdelig vanlig navn. Nei, dette virker mer enn rimlig-:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Jaja. Anetavla mi får meir og meir hakk i plata. Ole og Brite i Naustdal var allereie på fire ulike plassar, og no kom dei inn på to plassar til.Takk for innspela! Utruleg nyttig med dette forumet med så mange folk som bruker tid på å hjelpe kvarandre! Og ser ting med litt andre auge. Pernille Olsdotter har stått der som ei gåte i mange år, men no har eg tru på at mysteriet er løyst.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Ja, når en har folk fra samme steder, blir det ofte slik. Har selv oppdaget det fra Gulen hvor jeg har samme ektepar opp til 6 ganger som tipper!!En idé er og å sjekke fadderne på barna: Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 2 (1729-1785), Kronologisk liste 1764, side 328. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11532&idx_id=11532&uid=ny&idx_side=-313>Lenke Permanent bildelenke: LenkeHer er Absolon og Dirick Indre Rexten, Diderius Absalonsen, Bente Maria Klingenberg og Catharina Indre Rexten faddere.For deres andre barn: Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 2 (1729-1785), Kronologisk liste 1766, side 346. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeHer finner vi Henrik Olsen Kindersund igjen (nok et bevis på at her var det nære forbindelser!!), Mathias Espesætten, Bolette Tukrmann (?), Ragnilde Espesætten og Catharina Bendixdtr Indre RextenFaddere til Biørn: Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 2 (1729-1785), Kronologisk liste 1769, side 370. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeFlere folk fra Indre Rexten: Madz, Østen, Zacharias Absalonsen og HeleneCarnilsche Ytre Rexten.Maren Susannes då: Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 2 (1729-1785), Kronologisk liste 1774, side 402. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Her var det ein del både kjende og ukjende namn. Mykje slekt, og slekter som dei seinare gifta seg inn i. Eg har jo vore merksam på at det er viktig å sjå på fadderar og forlovarar, men eg må visst leggje endå større vekt på det framover.Eg har fleire tippar som eg har stått heilt fast med i mange år. Skal leggje ut spørsmål om dei etter kvart, så får vi sjå om det er hjelp å få der ... :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Du nevner Maren Susanne som yngste bornet til Tomas og Pernille.Det kan vere ho som gifte seg med Carsten Mathison Øvre Sunde 24/7 1795. Eg får ikkje til legge ut lenke, men sjå Digitalarkivet, vigde i Kinn 1689-1815.Dersom det er ho, vart ho busett på Sunde, og fekk (minst) 6 born.Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Nei, det var eg ikkje kjend med. Takk for tipset!Eg har ikkje vore i stand til å følgje Brun-linja bakover, men vil nok sjå nærare på den greina etter kvart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.