Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#60064] Hermund Aamundson, f. Hafslo 1770 - busett på Bakkane under Straume i Solund?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Etter litt graving i kyrkjebøker og i Bygdeboki for Solund band I, side 206 har eg sett saman følgjande huslyd med tilknytting til husmannsplassen Nauststodi under Beim i Hafslo:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Hermund Aamundson, døypt i Hafslo 19.8.1770, flytte i ung alder til Solund der han 2.1.1794 gifte seg med Elisabeth Hermundsdotter fr?¤¤¤ (kven var ho? - f. i Lærdal 22.3.1772 som dotter av: Hermund Olson og Eli Johannesdotter, eller døypt i Solund, Gulen 10.8.1769 som dotter av Hermund Polden??)Ho var f.¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsel? - kring 1768?)Hermund og Elisabeth var ei tid plassfolk under Rørdal i Solund, men flytte visstnok i 1801 til Bakkane under Straume i Solund og budde der levetidi ut. Elisabeth d. som husmannskone i Bakkane 16.5.1834, medan Hermund d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - bygdeboki seier Rørdal 1845, men der finn eg han ikkje!?)Dei fekk fire born i lag:a. Anders Hermundson, døypt i Solund 20.3.1794, vart gravlagd i Solund 9.7.1794.b. Ingemar Hermundson, døypt i Solund 10.8.1802, vart gravlagd i Solund 8.5.1803.c. Maria Hermundsdotter, døypt i Solund 5.8.1804, d. ugift i Bakkane 16.8.1863.d. Anna Hermundsdotter, døypt i Solund 16.10.1808, d. som kårenkje i Bakkane 4.5.1868. Anna gifte seg i Solund 14.1.1836 med Hans Mikkelson frå Syslak i Lindås. Han vart døypt i Lindås 7.3.1791 og d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - før 1865!)Anna og Hans tok over som plassfolk etter foreldri hennar i Bakkane under Straume i Solund der dei budde levetidi ut. Dei fekk tre døtrer i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Hermund og Elisabeth kan godt ha hatt fleire born; der var lange ''avstander''; elles er det underleg at dødsfalli til Hermund og svigersonen Hans synest å mangla...?Og kven var no Elisabeth Hermundsdotter??Eg takkar so mykje på førehand for alle tips som bidreg til utfylling av ''hòli'' mine.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Bygdebok for Solund, bind 2, Pollen, s. 203, avsnittet: Andre som har budd på garden:(sitat):'52. Hermund Nilsson. I 1770 var det skifte etter honom. Enkja var Botilde Monsdtr. som vart attgift med Åmund Olsson (Br. 1). Der var 3 born:a. Anne, f. 1764, d. 1785b. Henrikke, f. 1769, gift 1798 med Ole Andreas Rasmusson Vaulen. (Gåsvær 1801).c. Lisbeth, f. 1769, g. 1793 m. Hermund Åmundsson Steinsrud. B. Bakkane u. Straumen. (Soldal).Berre Lisbeth er innførd som døypt her. Skiftebuet var 25 Rd. Fredrik Monsson Steindal var oppnevnd som verje for borna.'Under Pollen, bruk nr. 1 (s. 190 i samme bygdebok) står det at Åmund Olsen Maurstig. var f. 1738 på landslegd (altså ikke Maurstig). Han ble gift i 1771 med Botilde Monsdatter som skulle være herfra. Det er forsåvidt riktig. Hun var enke etter Hermund Nilsson som hadde bodd her noe av sin tid. Hun hadde tre døtre i første ekteskap. Bare den yngste var født her.Åmund og Botilde hadde to sønner, men bare den yngste, Ingemor, f. 1775, levde etter faren. Der ser vi av skiftet. Åmund døde i 1784 og Botilde døde i 1785. I skiftet etter Botilde var brutto 79 Rd, men det var bare 20 Rd. netto. De fire barna hennes levde.Hilsen Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg! Eg tek ikkje med dødfødde born i mine manuskript, men det bidreg til å tetta ''hòlet'' (i barnerekkja!).Dei opplysningane som du kjem med om Elisabeth ''Polden'' verkar svært ''suggestive''; særleg likte eg at ho hadde ein halvbror Ingemar og ei søster Anna; båe oppkalla av Elisabeth. Mor hans Hermund heitte Mari!Då sit me att med eit spørsmål som gjeld opphavi til Hermund Nilsson og Bothilda Monsdotter (rimelegvis søster av Fredrik monsson Steindal)?Elles har eg ved saumfaring av dødslistene for 1840- og 1850-åri nett fune dødsfalli både til:* Hermund Aamundson på Bakkane 4.11.1844, og* Hans Mikkelson på Bakkane (drukna) 26.10.1855.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Under Steindal i Solund finn me svaret på opphavet til Bothilda Monsdotter; ho var derifrå og vert sagt ha gift seg med Hermund Nilsson HumleDAL, kvar no enn den garden kan liggja...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars!Eg har ikkje klart å finne opphava til Hermund Nilsson [Humledal / Humlevåg] og Amund Olsson [Maurstig].Dei to første borna til Hermund og Botilde har eg plassert under Nessen [Nese/Nessa]. Så kanskje det står noko meir i BB der?Du skriv elles Bakkane under Straume, men det skal nok vere Straumen [strømmen].MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Kan det være snakk om Homledal i Evindsvik?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Sande

Humledal er det samme som Humlevåg i Solund.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Under G.nr. 40 Nese (Nessa) står det under fødde:1765. Anne, og i 1768 Henrikke, det skal vera Hermund Nilsson og Bothild Monstr. som finst under Pollen i 1769-70. Humlevåg er forresten G.nr. 43 i Solund.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle, Kjellaug og Terje for nue spennande innlegg.Til Gisle (#10): Hermund Nilsson frå Eikjaberg i Hafslo døydde ugift i Hafslo i 1768, so han kan det ikkje vera, men Hermund-namnet vert nytta ein del i indre Sogn, so det er ikkje utruleg at Hermund Nilsson kan vera derifrå.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Kanskje litt på siden av tema, men sønnen til Botilde i 2. ekteskap, Ingemor Amundsen Pollen, ble gift i Askvoll 15.7.1799 med Anne Jørgensdatter. Men det visste du vel allerede...LenkeGrethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Kan dette være registrering av skifte etter Ingemor Aamundsen? LenkeGrethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Takk for oppklaringa.Hermund-namnet var også brukt i Brekke/Gulen så han kan jo ha komme derfrå, men eg har ikkje nokon gode kandidatar. Skal sjekke han frå Sætre (Brekke) ein gong til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Anne Jørgensdtr. var frå Hersvik, dp. 3.2.1779, d. 24.2.1843.Ingemor d. 1805 (Gåsvær).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Og for å trekke denne debatten vidare så har du Lars hatt tema der Ingemar Ingemarsen er med, og som gifte seg andre gong med Anna Jensdtr. (nemnd som nr. i i denne debatten: Lenke).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Og Ingemar Ingemarsen er son av Ingemar Åmundsen og Anne Jørgensdtr.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Når det gjeld Hermund Nilsson Sætre ser det ut til at han dø ung, iallefall referer L. Engesæter ikkje Hermund blant dei 6 borna som er nemnde i skiftet etter faren.Så då må det nok leitast andre stader etter Hermund.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Dette hjelper oss ikkje så mykje vidare, men i soknepresten i Eivindviks sjeleregister frå 1760 er Hermund Nilsson nemnt under Humlevåg som 'ungdom som var confirmeret'. Konfirmasjonsåret er oppgjeve til 1749. Det kan tyda på at han er konfirmert i Eivindvik, for ungdommar som er konfirmerte andre stader, er gjerne oppgjeven utan årstal. Amund Olson er oppskriven under Maurstig som 'ungdom som icke har været confirmeret'. Så han har kome tidleg til Solund viss så er at han er fødd på landslegd.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Dette var litt pussig. Ser i sjeleregisteret under Maurstig at Amund Olsen er nevnt sammen med Jørgen Olsen LenkeFaren til Anne som ble gift med Ingemor Amundsen, het Jørgen Olsen. Anne og Ingemor ble gift i Askvoll. Men dette er vel helst tilfeldigheter og har ikke noen rot i den genealogiske virkeligheten.Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Det er rett at Jørgen Olson Maurstig er far til den Anne Jørgensdtr. som gifter seg med Ingemar Amundson. Men Amund Olson er ikkje bror til jørgen, i alle fall ikkje nemnd i skiftet etter far til Jørgen, Ola Haldorson.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei Alf!Greit å få avklart dette. Tenkte bare det kunne vært en mulig forbindelse, siden Ingemor giftet seg i Askvoll og Jørgen Olsen altså dukket opp både på Maurstig og Hersvik. Men da er vi vel like langt mht Amunds opphav...Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

(19): Er det mogeleg å finne denne konfirmasjonen til Hermund Nilsson om han vart konf. i Eivindvik?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Presten har ikkje ført lista over konfirmantane inn i kyrkjeboka, han berre skriv at han har halde konfirmasjon.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Ja det er sant :-)Kor gamle var det vanleg at konfirmantane var ved konfirmasjonstidspunktet den gongen?MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.