Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#60082] Dorthe Andersdotter, gift i Bergen 1811, og steborni hennar - kvar vart dei av?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jens Hansson Beum, regimentstambur, fødd i Hafslo og døypt der 20.8.1763, flytte kring 1794 til Bergen med første kona Rannei Ingebrigtsdotter. Dei fekk fire døtrer i lag:* Martha Karine Jensdotter, døypt Bergen 22.2.1795, gifte seg i Bergen 7.8.1825 med Peder Andersson Skarstein frå Innvik - huslyden drøfta i tema #60081* Karen Oline Jensdotter, fødd i Bergen 26.8.1796, nemnd i 1801, KAN vera den Karen Jensdotter som i 1833 var busett på same adresse som søsteri Martha Karine og då fekk ein ''uægte'' son Carl Olai med ein Olai Larsen, elles ukjend.* Kirstine Jensdotter, fødd i Bergen 5.4.1799, nemnd i 1801, sidan ukjend.* Karen Kirstine Jensdotter, fødd i Bergen 17.5.1803, gift i Bergen 20.11.1825 med Ingebrigt Andersen, fødd i Bergen 26.4.1799. Han døydde i Bergen som almisselem 1.2.1837, og lagnaden hennar er ukjend. Dei fekk seks born i lag.So døydde Rannei Ingebrigtsdotter i Bergen 15.8.1806, og Jens gifte seg att med enkja Barbro Jensdotter frå Haugland i Arna (sjå tema #60069). Dei var barnlause, men Jens gifte seg tredje gongen i Bergen 5.5.1811 med ei Dorthe Andersdotter, og dei fekk ei dotter i lag:* Anna Bergitte Jensdotter (1812-1871), gift 1832 med Sjur Mortensen frå Brekke i Vik (1797-1883), busette i Bergen med fem døtrer.Jens Hansson (Beum) døydde i Bergen 1.4.1813, men kvar det so vert av Dorthe Andersdotter, er ei gåte... Kanskje var det ho som døydde i Bergen (6. rode 67/68) 14.6.1860, 84 år gamal?Eg er i første omgongen oppteken av å finna ut:** Kven var Dorthe Andersdotter, opphav og lagnad?** Kvar vart det av dei to stedøtrene hennar, Karen Oline og Kirstine Jensdøtrer?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og vonar det beste.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er det lyst for dem 20/4/1811, det står en del som jeg ikke greier å lese. Men tror ikke det gir noen flere opplysninger: Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Forlovererklæringer nr. II.5.1 (1776-1816), Lysninger 1811, side 324. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4578&idx_id=4578&uid=ny&idx_side=-326>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Fadrene til Ane Bergithe er Werlo, Bringeland, Hove, Døskeland og Vikøren. Kanskje det kan fortelle noe om hvor Dorthe kom fra.... LenkeHvis Jens bodde i Bergen i 1804-1805, hvorfor er han ikke da med i Undersøkelseskommisjonen? Jeg finner han ikke der. Jeg prøver å finne ut hvro de bodde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Jeg finner ingen av døtrene konfirmert i KK i aktuelt tidsrom, noe som kan bety at Dorte og barna har flyttet derfra. De bor jo heller ikke på adr R 15-20 i 1815.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.