Gå til innhold
Arkivverket

[#60198] Foto frå ukjent stad med ukjent statue – truleg Søraustlandet


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Eg manglar stadfesting av dette fotografiet i eit av albuma etter dei avdøde foreldra mine. Den unge mannen framfor statuen skal vera Herbjørn H. Lurås f. 1915 i Austbygde i Tinn. Biletet er truleg teke om lag 1935–40, men ikkje i Tinn. Bygningen i bakgrunnen skaper assosiasjonar til landbruksskule for meg, men det kan vera eit blindskot.Statuen skulle vere eit særs handfast utgangspunkt for å lokalisere fotostaden. Eg er ikkje sikker på kven som står på sokkelen, men har tenkt på både Christian Krogh og Svend Foyn. Men kor skulle det vere naturleg å setje Kristiania-mannen Krogh på sokkel i landlege omgjevnader som her? Krogh sit elles som kjent på Dassloket ved Karl Johan.Når eg forstørra opp biletet kan det verke som om det står ein H til slutt i eit namn på sokkelen. Men det kan også vera ein N. Resten av namnet er skjult av den unge mannen. Det kan likevel godt vera ein heilt annan kar enn Krogh, eventuelt Foyn, som står der i bronse.Nokon som kjenner seg att?

bilete5000.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.