Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#60212] S&F: Ingebrigt Ingebrigtsen Lysne, f.ca. 1801 - til Solund? Opphav? Oppslag BB?

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Ingebrigt Ingebrigtsen Lysne gifte seg i 1827 i Gulen.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 19 (1826-1836), Ekteviede kvinner 1828, side 187.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11451&idx_id=11451&uid=ny&idx_side=-175>LenkePermanent bildelenke: LenkeNr. 21Far hans skal vere I.I. Lysne.Kan dette vere I.I. Lysne som seinare gifte seg i 1827?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Her er i så fall I.I. nemnd i (1), nr. 4 på lista:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 3 (1783-1804), Fødte og døpte 1799, side 84.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11595&idx_id=11595&uid=ny&idx_side=-87>LenkePermanent bildelenke: LenkeFar Skaalevold og mor Haugene.*********Men det finnes eit anna alternativ her, nr. 2 på høgre side:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 3 (1783-1804), Fødte og døpte 1800, side 89.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grete Jøraas

Jeg har bygdebøkene for Gulen, men finner ingen av disse gårdsnavnene under Gulen. Ikke Lysne - Lysne er i Lærdal, ikke brudens gårdsnavn -Dumben, ikke forlovernes gårdsnavn Krogvåg - Grønnevig. Kan alle være tilflyttet i forbindelse med ekteskapet? Eller har du noen andre spor jeg kan se etter i disse bøkene? vennlig hilsen Grete

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei!Ingebrigt og Marthe havna i Dumben/Dumba i dagens Solund kommune.Marthe kom med foreldrene sine til Dumba, far hennar var frå Lærdal, mens mora var frå Hyllestad.Lysne er i Lærdal og det eg er interessert i er å finne den rette Ingebrigt som havna i Solund.Krogvåg = Kråkevåg og Grønnevik ligg i dagens Solund kommune.Eg har sjølv BB for Solund/Gulen/Brekke/Askvoll/Hyllestad, men skulle gjerne ha visst kva BB for Lærdal sa om Ingebrigt og hans foreldre.MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Sæther

I Lærdal bygdebok bind V s. 65 under Haugane går det fram at Tomas Baltzersson si dotter Guri (f. 1770) hadde ein son Ingebrigt f. 1799 med Ingebrigt Ingebrigtsson på Skålevollen. Det står vidare at Ingebrigt i 1827 vart gift med Marta Knutsdotter Mo (Saltkjelen), og det blir vist til Dumba i Solund.I bind III av det same bygdebokverket kan vi s. 370 under Skålevollen lese at Ingebrigt Ingebrigtsson (f. 1771) hadde eit barn Ingebrigt med Guri Tomasdotter Haugane, Erdal. (Her er fødselsåret til Ingebrigt oppgjeve til å vere 1800. I bygdeboka for Solund står det at han var f. 1801.)Helsing Knut Sæther

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Mange takk Knut!Men kvifor er I.I. nemnd som Lysne (Ljøsne) i 1827?MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Sæther

Den einaste linken eg så langt kan finne mellom Ingebrigt Ingebrigtsson og namnet Lysne, er gjennom kona hans, Marthe Knutsdotter. Foreldra hennar, Knut Olsson og Magnhild Larsdotter, tente på Øvre Lysne i 1801: Lenke Andre koplingar kan kanskje finnast, utan at eg kan bidra med så mykje i så måte da eg ikkje kjenner slektene i dette distriktet. Kanskje Ingebrigt tente på Lysne før han kom til Solund, slik at namnet har vorte hengande ved han seinare? Lysne (Ljøsno) er elles omtala i bind II av Lærdal bygdebok, men her er det nokså mange sider å pløye igjennom for den som måtte vere på leiting etter opplysningar.Helsing Knut

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Takk!Eg får slå meg til ro med at det kan vere grunnen til at Lysne er nemnd i 1827.I.I. dø i 1831, nr. 58:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 19 (1826-1836), Døde og begravede menn 1831, side 229.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11451&idx_id=11451&uid=ny&idx_side=-214>LenkePermanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Marthe gifte seg oppatt i 1845 (nr. 33):Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 20 (1837-1847), Ekteviede 1845, side 228.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11452&idx_id=11452&uid=ny&idx_side=-227>LenkePermanent bildelenke: Lenkeog i 1860 (nr. 26):Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 22 (1859-1869), Ekteviede 1860, side 156.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Lenke til ein debatt som kan vere av interesse: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.