Gå til innhold
Arkivverket

[#60297] Sivert Halvorson Sætet i Aukra (1809-1887) og andre kona Anne Martha - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Sivert Halvorson Sætet, fødd i Aukra 15.10.1809, døydde som kårmann på Setet i Aukra 16.2.1887. Sivert gifte seg første gongen i Aukra 20.4.1834 med Berit Arnesdotter frå Tornes nedre i Fræna, den gongen ein del av Aukra. Ho vart døypt i Aukra 1.11.1801 og døydde som gardbrukarkone i Sølvika 23.4.1871. Sivert gifte seg att i Aukra 28.6.1873 med Anne Martha Pedersdotter frå Heggdal i Aukra, fødd på Gjelstenli i Vestnes 12.6.1834. Sivert tok over heimeplassen på Setet under Svinset i Aukra, men kjøpte ut plassen og vart sjølveigar. I 1861 vart han og første kona Berit gardbrukarar i Sølvika i Aukra og flytte dit, men kva skjedde so?* Det ser ut som Sivert og andre kona flytte attende til Setet i Aukra, for Sivert døydde der. Men kva skjedde med Anne Martha? Er det kanskje den kårenkje som døyr på SETER i Aukra 24.10.1921 (LenkeKanskje det finst einkvan med lokal kunnskap i Aukra som kan bidra med å kasta ljos over dette problemet? Er det ikkje nyss kome ei ny bygdebok for dette området?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørg Hukkelberg

Ane Martha som dør 24.10.1921 er fødd 7.9.1843 i Løvik, Aukra. Foreldre Iver Olsen og Olava Iversdtr. Gift i 1865 med Lars Olsen i Nerigarden på Sæter. Gift 2.gong 1872 med Peder Olaus Arnesen. Han dør i 1918.Så det er nok ikkje ho du ser etter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørg Hukkelberg

Sivert Halvorsen og Berit Andersdtr Setet har ein son Sivert f.24.9.1841, d.18.2.1887. Han omkom på sjøen i Sporsemosen, Aukra.Gift 3.1.1875 med enke Berith Hanna Pedersdtr på Skarshaug nedre, Aukra. Born: Olava Fredrikke f.1875 og Berith Severine f. 1877. Dette er på øya Gossen i Aukra kommune. Dei andre plassane er på Otrøya i gamle Sør-Aukra, no Midsund. Aukra prestegjeld

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Til opplysningene i (1). I bygdebok for Midsund I s 142 står det at Sivert Halvorsen giftet seg 2.g med Anne Marta OLSDATTER, og jeg lurer på om opplysningen din om Pedersdatter er feil eller om det er boka som gir feil opplysninger? Johan Julnes sier at Anne Marta er f 1807 og datter til Ole Olsen og Guri Pedersdatter Gjelstenli, gnr, 77, bnr 9, Ystelia i Vestnes.I Rekdals 'Fiksdal sogn' s 419 står det at Ane Marta Olsdatter (07) i 1836 ble gift med Knut Pedersen Bårdsnes på Gjeilplassa i Bårdsnes, så hun må ha vært gift før hun gifter seg med Sivert Halvorsen. Jeg kjenner Bårdsnesnavnet, men er usikker på hvor det ligger på sørsida av Romsdalsfjorden, men nok innenfor Vestnes, tror jeg.Jeg har lett etter Anne Marta Pedersdatter på Gjelsten/Gjelstenli, men finnner ingen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Jeg kan føye til litt mer: Side 142 sto det at familien flyttet til Sølvika ca 1861. Under Sølvika s 183 er ikke den andre kona til Sivert nevnt og Sivert er skrevet som Kristoffersen, det er nok en trykkleif og skulle vært Halvorsen, for data ellers er som s 142.Sønnen Kristoffer blir bruker i Sølvika. 'Kristoffer bygde ei tømmerstove nedmed nausta i Sølvik som han så demonerte og fløtte ut i Setet. I det huset budde far hans. Kristoffer bygsla bruket ca 1872 og måtte arbeide 6 dagar i slåttonna for presten. Dei siste åra sine budde Kristoffer ute på Finnøya hjå dotra Ingeborg'.Det står ikke noe om Anne Marta, om hun også budde i huset i Setet eller om når og hvor hun døde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørg og Osvald for fleire spennande innlegg.Eg stiller meg spørjande til Osvald (innlegg #6) og syner til vigsli i Aukra 28.6.1873 ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6372&idx_id=6372&uid=ny&idx_side=-59>Lenke) der Anne Martha tydeleg er kalla Pedersdotter, og der fødesteden er oppgjeven. Og fødsli hennar fann eg hin dagen på Gjelstenli i Vestnes 12.6.1834. Sivert og Anne Martha fekk dessutan ein son i lag, Ole Bernt, fødd på Setet i Aukra 11.5.1874 (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg ser at Ole Bernt Sivertson vart konfirmert i 1888, og då budde han på Hollingseter (Lenke). Dette var året etter at far hans døydde...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helge Bjerkevoll

I følge Tomrefjord (Vestnes) Gard og Slekt så hadde Knut Pedersen Bårdsnes og Ane Marta Olsdatter f. Gjelstenli en sønn Peder fødd 1841. Ane er oppgitt død i 1886. Paret er registrert på Bårdsnes i folketellingen 1875.Ingeborg Olsdatter Gjelstenli (1804) er da søster til Ane Marta Olsdtr. O Rekdal skriver: Ingjebær får 1834 dotter Ane Marta med ungkar Peder Knutsen Øvre Nakken. Ane Marta gift i Aukra med kårmann Sivert Halvorsen Sædet. Og så får Ingjebær i 1841 son Gunnar... 'Gunnar blei sver kar i Ålesøndå, arbeide fine korsa'.Har gått gjennom dåp Vestnes 1829-1836 og finner bare 2 Ane Pedersdtr. Den ene døde 1 1/2 år gammel. Så at det er Ane Marta som dør i 1810 fødd i Vestnes er høgst sannsynlig. Om det da ikke skulle være skjult en Ane under en håndskreven lapp i 1830 som skjuler 2-3 dåpsinnførsler i kirkeboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helge Bjerkevoll

Kan her legge til fra Midsund I at Ole Bernt budde i Ålesund i 1900, titulært som skreddermester.Han kan jo ha fått hjelp av onkelen Gunnar nevnt ovenfor til å etablere seg.vh Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Osvald og Helge for nye spennande innlegg. Det var spennande å høyra at ole Bernt er dukka opp i Ålesund, men eg er i grunnen meir interessert i mori, Ane Martha Pedersdotter og vil gjerne komma attende til innlegg #5 frå Bjørg:Ane Pedersdotter på Hole i 1900 er ikkje enkje, men gift:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Amund Eriksen hf g Kårmand 1827 Akerø RomAne Pedersdatter hm g Kårkone 1835 Akerø Rom~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Truleg hadde Amund kår av ein husmannsplass under Hole.Men so ser eg òg at Amund Erikson døydde på Hole 17.1.1909, og då er han kalla husmann og enkjemann! ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3850&idx_id=3850&uid=ny&idx_side=-174>Lenke)Men, AHA, denne vigsli var jo spennande: enkjemann Amund Erikson Hole og enkja Ane Pedersdotter frå Norhegdal - vigde i Sør-Aukra 18.7.1891 (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.