Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#60298] Oberstløytnant Bodan i Trondheim og drengen Ole Halvorson - 1830-åri?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eit skifte frå Sogn dagsett 1843 fortel oss at Ole Halvorson Sætet, døypt i Hafslo i Sogn 1.11.1804, men oppvaksen på Sætet i Aukra, ''har vore i teneste hjå oberstløytnant Bodan i Trondheim og vert anteke å opphalda seg der''.Eg har leitt høgt og lågt etter denne Ole Halvorson i Trondheim, m.a. i alle vigselsprotokollane frå 1820-åri til midten av 1840-åri, men finn ikkje nokon som høver.Kanskje er det mogeleg å identifisera oberstløytnant Bodan og kvar han eventuelt flytte frå Trondheim?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

Bodan er et etternavn som ikke finnes i noen folketelling. Jeg lurer på om navnet kunne være BODOM? I FT 1865 for Sparbo finnes det en enke Susanne M Bodom med en ugift datter E M Bodom født i Trondheim:[url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=f61731&gardpostnr=186&personpostnr=1005&merk=1005#ovre>LenkeDatteren het Elen Mathilde og ble døpt 7/3-1823 i Vor Frue. Faren var 'Artelleri Capetain' Johannes Georg Bodom og Susanne Magdalene Gram.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Johannes Georg Bodum, f.7-2-1789 i Fr.hald. - Sønn av kjøpmann i Fr.hald. - Kadett 30-6-1804. - Artill.kadett 20-7 s.å. - Eksamen fra det danske artill.institutt. - Stykkj. 21-12-1804. - 2.seklnt. i artill.korpset 25-9-1805 med anc. fra 1-8-1804. - 1.seklnt. ved artill.korpset (i Danm.) 17-4-1807. 1.seklnt. ved 11.artill.komp. i Kr.ania 1-4-1808. - Prlnt.s kar. 18-12-1809. Virk.prlnt. ved samme komp. 13-6-1811.Ved den nye hærordning fra 1-1-1818 utn. til stabskpt. ved 5.batteri av 1.arill.korps. - Virks. kpt. og chef for samme batteri 19-7-1823. - Obl. 29-10-1834 og chef for 3.artill.batj. - Bopel Fr.stad. RSO. - Krigskomm. i Kr.sandske distrikt 10-9-1850. - Bopel Arendal. - Død 16-6-1853. - Gift 14-8-1820 i Sparbu med Susanne Magdalene Gram, f.10-3-1794 i Sparbu, død 16-12-1879 på Trana pr. Stenkjær. (Ovenstad).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid og Carsten for interessante opplysningar om mannen som tydeleg var oberstløytnanten i Trondheim, men diverre hjelper det ikkje i arbeidet med å kartleggja lagnaden til Ole Halvorson... Det ser ut som me lyt gje opp å finna ei løysing på dette problemet...Eller kanskje Ole Halvorson døydde tidleg utan at huslyden fekk melding om det...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.