Gå til innhold
Arkivverket

[#60299] Arnt Martin Carlson Saugestad, f. Stod (N.Tr.) 1874 - kven var foreldri hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Kyrkjeboki for Stod i Nord-Trøndeag syner at Arnt Martin var fødd 10.1.1874 som son av gardbrukar Carl Johan Olson Saugestad og kona Anna Augusta Carlsdotter busette på garden Kløvgård i Stod (Lenke). Arnt Martin utvandra til Amerika i 1893.Eg har leitt attendse i kyrkjeboki for Stod, men finn ikkje vigsli til desse foreldri. Finst det kan henda ei bygdebok for Stod eller nokon med lokal kunnskap som kan fortelja meg:* Frå kva gard/prestegjeld hadde Carl Johan opphavet sitt?* Frå kva gard/prestegjeld hadde Anna Augusta opphavet sitt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Ove Wangensteen

Hei igjen LarsHer er familien i 1865, på gården Ulstad vestre i Beitstaden. Jeg ser også at hans far og brødre er tilstede: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=14&filnamn=f61727&gardpostnr=315&personpostnr=1911&merk=1911#ovre>LenkeJeg finner ikke dåpen til Carl Johan, men her er konfirmasjonen (nr 5 i 1849): LenkeAnna Augusta døpes i 1845 her (nr 67): LenkeVielsen i 1862 finner du her:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars Ove for nyttige og perfekte opplysningar. Eg har fått svar på spørsmåli mine, og problemet er soleis løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hei Anne. Her er avsnittet som eg har skrive om denne huslyden under gnr. 132, Heggestad i Hafslo:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Olga Marie Hansen, f. i Grand Forks Co., N.D. 7.2.1884, d. i Brooklyn Center, Minn. 21.1.1984. Olga gifte seg i St. Paul, Minn. kring 1910 med Arnt Martin Carlsson Saugestad frå Kløvgård i Stod, Nord-Trøndelag, i Amerika kjend som Arnt Saugestad. Han var son av gardbrukar Carl Johan Olson Saugestad på Kløvgård, opphavleg frå Svarte i Beitstaden, og kona Anna Augusta, kjend som Augusta Carlsdotter frå Ulstad i Beitstaden og f. i Stod 10.1.1874. Han utvandra til Amerika i 1893 og d. i Minneapolis, Minn. 19.7.1941. Arnt var snikkar (”carpenter”), medan Olga var syerske (”seamstress”). Dei budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. og fekk to born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Borni skal vera ein son og ei dotter, men nærare detaljar her eg ikkje. Far til Olga var Endre ''Andrew'' E. Hansen frå Hafslo og Jonetta Olsdotter frå Risan i Frosta, som vert emne for neste tema som eg legg inn.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.