Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#60313] Berit Halvorsdotter - f. Aukra 1812 - budde i Molde 1865 - kvar vart det av ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1865 for Hovedgaten 52a i Molde syner desse innbuarane:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Theodor Brekke Husfader g Skibsfører 1825 StaveernSara Sophie Brekke hans Hustru g 1830 BergenKnud Olai Brekke deres Søn ug 1855 Herø i Søndre SønmørBertha Marie Brække deres Datter ug 1857 MoldeTheodor Brekke deres Søn ug 1859 HerøSophus Lars Brekke deres Søn ug 1863 MoldeBerit Halvorsdatter Inderst Pige ug Arbeide ved Vaskning m.v. 1812 AgerøAxel Guinsgaard ug Polytekniker 1844 MoldeOline Christine Andersdatter ug Tjenestepige 1843 Gryttens Prgj.Guri Pedersdatter ug Tjenestepige 1840 Veø Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Berit Halvorsdotter er jenta som eg har interesse av. Ho var fødd på Setet i Aukra kring 1812, og eg skulle gjerne ha visst kvar det vart av ho?Eg har lest gjennom dødsfall i Molde 1865 til 1886 og 1894-1901, men finn ho ikkje. Kan ho vera avlidi i perioden 1886-1894? Dei kyrkjebøkene finn eg ikkje i Digitalarkivet...!?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Setet, der Berit er fødd, ligg etter det eg kan finne ut i gamle Sør-Aukra kommune, no Midsund. Der er det komme bygdebøker som kan vere verdt å studere for å sjå om ho er omtalt. Eg har dessverre ikkje tilgang til rette boka i dag. Bjørg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Hei!Eg veit ikkje om dette kan vere til noko hjelp i å kome vidare med Berit, men under døypte i Molde 1844 står omlag følgjenda:Nr. 19 27/5 19/6 Axel Lassen. Foreldre Pigen Berith Halvorsdatter Sæter af Agerø Præstegjeld og Byfoged ... Axel Quinsgaard. Uægte. Faddere: Lasse Madsen Lillevig, Peder Sigerset og Arent Olsen Hougen samt Elisabeth Halvorsdtter Lillevig (f. i Hafslo?), Berith Pedersdatter og Martha Larad. Hougen. Ikke hjemmedøbt. Den oppgivne Barnefader nu Foged i Bamble som har vedkjendt patroniteten i Skrivelse av 10 Mai 1844.Foged Axel Quinsgaard står oppført i FT 1865 for Bamble Ladestedet Stathelle, Kjellestad, aftreed Foged.Ser du har lese Setet, og eg har kanskje lese feil når eg har lese Sæter.Elles ser eg at ei Berith Halvorsd. er konf. i 1828 på Hagseth, Misund og budde hos Einer Nilsen og Ales Johnsd. Ho er fødd i 1812. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Hei. Sitter med bygdebøker for Aukra og kan ikkje finne nokon som heiter Berith Halvorsdtr Sæter. Men i dåpen i 1844 meiner eg det står Sætet.Dette høyrde til Aukra prestegjeld.Har sjekka døde i Aukra i aktuelt tidsrom, og eg finn ikkje Berit der heller.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Nei - det er nok Setet i Misund kommune og foreldra var nok Halvor Kristensen frå Hafslo og Synnøve Olsdtr.Elisabeth Halvorsdatter var nok søster til Berith og var gift til Lillevig (Bjørset) med enkemannen Lasse Madsen som også var fadder i 1844.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

Jeg har gjort et notat i Midsund I s 142 at Elisabet Halvorsdatter, f ca 1805, ikke var gift med Lasse Madsen Lillevik (som opplyst i boka), men 1.g. med Peder Knutsen Haukebø Bjørset og 2.g?. med en Ola. (Datter Laura Olsdatter Setet). Jeg har også notert meg at faren Halvor Kristensen er f 1763 i Hafslo og død 1832 (Kilde: Lars Øyane) så kanskje er de andre notatene jeg har gjort også fra ham?Lasse Madsen er sønn av Mads Larsen Helset Kringstad og Anne Larsdatter Malme, og ble gift med Elisabeth Halvorsdatter Bjerkeset.Om Berit står det bare f. 1812, konf. 1831 på Hagset.Om broren Ole f, 1803 i Sogn har jeg skrevet Nei! til opplysningen/spørsmålet i boka (Kan han ha busett seg på Mek i Molde?). Men jeg har ikke notert hvor han bosette seg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørg, John og Osvald for fleire spennande innlegg; særleg var det interessant det John fortel om barnet som Berit fekk i 1844. Kanskje finn me lagnaden til Berit dersom me finn ut kvar det vart av sonen Axel? I 1865 er han polyteknikar og bur i lag med mor si i Molde (Guinsgaard). Kanskje var det ein tanke å starta eit nytt tema på bakgrunn av dette funnet?Elles til Osvald når det gjeld innlegg #6; eg refererer frå manuskriptet mitt om Elisabeth:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~c. Elisabeth Halvorsdotter, døypt i Hafslo 21.9.1806, flytte med foreldri sine til Romsdalen kring 1808 og d. som husmannskone i Lillevik i Bolsøy 20.4.1890. Elisabeth gifte seg første gongen i Bolsøy 6.11.1831 med enkjemannen Lasse Madson, opphavleg frå Kringstad i Bolsøy, døypt i Bolsøy 1.2.1763. Elisabeth og Lasse var husmannsfolk i Lillevik under Bjørset i Bolsøy der Lasse d. 21.10.1850. Elisabeth gifte seg so att i Bolsøy 16.7.1854 med Peder Knutson frå Haukebø i Aukra, f. Aukra 5.7.1827. Han d. som husmann i Lillevik 12.10.1901. Elisabeth og Peder heldt fram som plassfolk i Lilleviki under Bjørset i Bolsøy, men Peder var òg fiskar. Elisabeth fekk to døtrer, båe frå første ekteskapet.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Dersom Elisabeth ogso hadde ei dotter Laura Olsdotter, er kanskje ho fødd mellom dei to ekteskapi? Nei, sjå kva eg finn på Bjørset i FT1865:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Peder Knudsen Husf. g Husmand med Jord 1818 Agerø Prgj.Elisabet Halvorsdatter dennes Kone g 1807 Hafslo Prgj.Elen Lassesdatter deres Datter ug 1830 Bolsø Prgj.Laura Olsdatter hendes Datter ug 1857 Bolsø Prgj.Serianna Pedersdatter ug deres Tjenestepige 1849 Frenens Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~So Laura Olsdotter er dotterdotter av Elisabeth...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.