Gå til innhold
Arkivverket

[#60391] Synneva Johannesdotter (Nagløren), fødd Hafslo 1800 - Haugianarjente Romsdalen?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Johannesson (Nagløren), fødd i Hafslo 1767, gifte seg med Britha Olsdotter, fødd Hafslo 1759. Dei var plassfolk fleire stader i Hafslo og budde truleg nokre år som plassfolk på Øyri under Nagløyri i Sogndal til kring 1821. Då forsvinn dei frå Sogn, og sidan dei truleg høyrde til krinsen av Hauges vener, har eg ein mistanke om at dei flytte til Romsdalen dit so mange andre fór på den tidi... Dei hadde fire døtrer som var vaksne på den tidi, og medan tre av dei vart gifte og budde i Luster eller Hafslo, ser denne nest yngste dotteri ut til å vera fari til Romsdalen med foreldri sine:* Synneva Johannesdotter (Nagløren), døypt i Hafslo 17.8.1800, vart konfirmert frå Nagløyri i 1818, sidan til Romsdalen??Alle opplysningar som finnast om denne huslyden i Romsdalen (eller andre stader!) vil verta mottekne med opne armar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Kan det vere nr. 18 her? Pige Sønneva Johannesdatter Tirdal, død 60 år gammal i Kinn i 1861:Permanent sidelenke: LenkeRegisteret over døypte i Kinn 1785-1814 har ingen Synnøve Johannesdotter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Det var ein god del haugianarar i Sunnfjord òg, så difor tenkte eg det kunne vere ein idé å leite i Kinn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.