Gå til innhold
Arkivverket

[#60453] Anders Olsson og kona Ingeborg, Bjørntvet i Eidanger 1900


Gjest Torodd Kinn
 Del

Recommended Posts

Gjest Torodd Kinn

Kjenner nokon til denne familien:LenkeAnders sitt fulle namn var Anders Matias Olsson, og han var fødd i 1857 i Eikevika i Kinn, no Flora.Anders flytta til Stavanger i 1874, reiste til sjøs og rømde i Sundsvall i Sverige i 1877. Så dukkar han opp att i sjømannsrullene for Brevik i 1890, og då reiser han til sjøs frå Skien, Porsgrunn, Horten, Arendal, Brevik m.m. fram til 1894, då han mønstrar av i Skien. I sjømannsrullene i kolonnen Thinglag/Opholdssted står det Eidanger R.nr. 45 Birkedalen.Ved folketeljinga i 1900 budde han altså på Bjørntvet i Eidanger med kone og ein son.Eg skulle gjerne finne ut meir om denne familien.-- Kor var Anders mellom 1877 og 1890?-- ekteskap? (kan ikkje finne dei i Østre Bærum (der sonen var fødd, Lysaker) eller i Eidanger eller i Sauherad (Saude, der Ingeborg kom frå)-- dåpen til sonen (kan ikkje finne han i Østre Bærum, Eidanger eller Sauherad)-- identiteten til Ingeborg (det vart døypt fleire Ingeborg-er i Sauherad i 1861 og åra før og etter)-- den vidare lagnaden til familien (Eg finn ikkje sonen konfirmert i Eidanger, Skien eller Porsgrunn.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Det ser ut til at eg snakkar mest med meg sjølv her? Ingen som kjenner til Anders, Ingeborg eller Henry?Her meiner eg å ha funne dåpen til Ingeborg i 1860, på Haugen under Tvedten i Sauherad, foreldre husmann Johannes Hansson og kona Margit Hansdotter.Permanent sidelenke: Lenke , nr. 35

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ragnar Halvorsen

Hei ToroddDu burde prøve å legge inn en forespørsel her:LenkeDer er det mange dyktige folk som kan hjelpemvh Ragnar Halvorsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørg Aasen

Hei. Antagelig heter Birkedalen Bjørkedalen nå. Bjørkedalen ligger i retning mot Larvik. I gamle Eidanger kommune, som nå inngår i Porsgrunn kommune. Hilsen Bjørg Aasen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørg Aasen

Hei igjen. Jeg har sett innlegget ditt under Grenland Ættehistorielag, men velger å informere litt om 'geografien' her. Den gamle grensa mellom Eidanger og Porsgrunn gikk omtrent ved Bjørntvedt. Det er kort veg til Østre Porsgrunn kirke fra Bjørntvedt. I Bjørkedalen er/var det flere gårder, men jeg vet ikke hva de heter. Mvh Bjørg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Av kartet kan det sjå ut til at Siljan, Holtet, Flogstad, Lunde, Kvestad o.fl. matrikkelgardar ligg i området Bjørkedalen. I folketeljingane er folk registrerte på dei ulike gardane -- bortsett frå i 1900, der Bjørkedal stasjon har éin husstand. Togstrekninga der vart visst opna i 1882.Men det ser ikkje ut til at nokon kjenner til denne familien?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Der fann eg vigselen til Anders og Ingeborg -- i Østre Porsgrunn 1898, nr. 5: Permanent sidelenke: LenkeSkulle sjølvsagt ha leitt i den kyrkjeboka før, men sidan FT1900 seier at sonen vart fødd i Akershus i 1899, rekna eg med at dei budde der på den tida.Men her dukka neste gåte opp: Anders var enkjemann. Kven var den første kona hans?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Og straks fann eg sjølvsagt dåpen til sonen Henry -- òg i Østre Porsgrunn! Etter å ha rota rundt med Akershus og Oslo i lengre tid ...Permanent sidelenke: LenkeNr. 42.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Så fann eg det første ekteskapet òg, med Sara Isaksdotter i Eidanger 1886, nr. 34: Permanent sidelenke: LenkeDå avsluttar eg for min del denne tråden, men om nokon kjenner til korleis det gjekk med familien etter 1900/1913, vil eg gjerne vite det!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.