Gå til innhold
Arkivverket

[#60459] sjømannsrulller


Gjest marit. elisebet totland
 Del

Recommended Posts

Gjest marit. elisebet totland

I dag har jeg et enkelt og presist spørsmål til alle erfarne arkivbrukere: Hvilke opplysninger gir sjømannsrullene?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Eg har ikkje så mykje erfaring med sjømannsruller, men dei opplyser om reisene til sjømennene (skip, hamner, tidsrom). Dei opplyser òg om bustad, fødestad og fødselsdato. Stundom kan du finne andre opplysningar, som død.Eg har akkurat i dag hatt nytte av ei sjømannsrulle. Ein slektning frå Sunnfjord som eg har leitt etter lenge, viste seg å ha flytta til Stavanger. I sjømannsruller frå Stavanger fann eg at han reiste ut, og rømde i Sundsvall i Sverige i 1877. Men så opplyste rulla òg at han var overført til rullene for Brevik, med presis referanse dit. Der fann eg at han reiste ute igjen frå 1890 til -94, og at han budde i Eidanger i Telemark. Dermed fann eg han òg i FT1900, trass i at teljinga hadde heilt feil alder på han og dessutan feil fødestad. Eg leiter vidare i tema 60453.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest marit. elisebet totland

Interessant. Er det oppgitt hvor skipet går i tillegg til hvem som mønstrer av og på? Hvordan kan jeg følge skipet og riktig statsarkiv å søke i; er det skipets anløp eller skipets eier sin adresse?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Det er sikkert ulikt innhald i ulike periodar, men vi snakkar visst begge om 1870-1900.Dei rullene eg har vore borti, fører kvar sjømann for seg, med opplysningar om namn, bustad, fødselsdato og -stad. Så står det t.d. at han mønstra på eit skip i Porsgrunn 7.11. 1890, at skipet gjekk til England, at han gjekk av skipet i Porsgrunn 18.12. 1890. Og på same måten for kvar reise.Om 'min mann' får eg òg vite at han var kjend udyktig for orlogsteneste i 1891.Om sjømannen like før står det dødsdato.Det siste du spør om, veit eg ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest marit. elisebet totland

Takk for orienteringa. Da skal jeg ta meg en tur på leit i også disse arkivboksene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.