Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#60689] Ole Ellefson Helsø, f. Hitra 1859 - til Ørkedalen 1875 - og so til Minnesota?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1865 for Helsø på Hitra syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ellev Jokomsen Husfader g Gaardbruger Selveier 1817 Hitterens Prgj.Anne M. Ellevsdatter hans Kone g 1821 Hitterens Prgj.Johannes Ellevsen deres Søn ug 1843 Hitterens Prgj.Johan E. Ellevsen deres Søn ug Hjelper Faderen med Gaardsbruget 1846 Hitterens Prgj.Anders Ellevsen deres Søn ug 1854 Hitterens Prgj.Ole Ellevsen deres Søn ug 1857 Hitterens Prgj.Karen G. Ellevsdatter deres Datter ug 1850 Hitterens Prgj.Bereth A. Ellevsdatter deres Datter ug 1852 Hitterens Prgj.Anne M. Ellevsdatter deres Datter ug 1862 Hitterens Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~Sonen Ole Ellefson, her med feil alder, for han syner seg vera fødd 19.7.1859, fekk i 1875 attest for å flytta til ''Ørkedalen'' (kvar no enn det er...?) (Lenke), men broren Johan Edvard (f. 1846) var alt i 1874 utvandra til Belmont township, Jackson Co., MN, og Ole følgde han dit før 1880, for då er han oppført i folketeljingi same stad.Problemi mine er:* å finna ut KVA ÅR Ole Ellefson utvandra til Amerika?* lagnaden til Ole Ellefson etter han i 1882 hadde gift seg med ei jente av sogneætt og kort etter ''forsvann''. Kanskje fór han attende til Hitra?Kanskje det finst ei bygdebok som kan klara opp i desse spørsmåli?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

Ole Ellefsen er fremdeles på Helsø i 1875:LenkeØrkedalen er Orkdal i Sør-Trøndelag.Jeg prøvde før idag å finne ham blant emigranter fra Trondheim, men uten hell.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

Kan det være ham som utvandrer her, bosted Amerika?Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid for spennande innlegg om Ole Ellefson!Det var spesielt overraskande å sjå at han utvandra for andre gongen i 1884. Han gifte seg nemleg i Minnesota i 1882, MEN kjerringi kasta han på dør alt året etter(!), og i 1885 gifte ho seg att med ein danske(!).Det har forresten ikkje vore mogeleg å finna ut kvar det vart av Ole Ellefson etter 1884, so kanskje flytte han heim att for godt?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.