Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jakup Skjedsvoll

[#60834] Kari Hansdotter på Hevle i Oppdal i 1779. Kvar vart det av henne deretter?

Recommended Posts

Gjest Jakup Skjedsvoll

Den 24.01.1779 vart det døypt ein gut med namnet Hans Ingbrigtsen Blæstre i Oppdal kyrkje. Mora var Kari Hansdatter Waage. Oppgjeven far var Ingbrigt Blæstre. Foreldra var ikkje gifte og faren hadde også eit anna barn utanfor ekteskap til dåpen tre veker tidlegare. Fire av fadrane var frå Hevle og ein frå Rise. Eg tolkar det slik at mora til dåpsbarnet budde på Hevle.Vi meiner å ha funne nokså sikkert at den oppgjevne faren var frå søre Blestra på Dovre og at han seinare kom til Håmmårbekk under Ishol på Oppdal, gift med Rågjerd Arnsdotter og med etterslekt også der.Mora Kari Hansdotter meiner vi også nokså sikkert å ha identifisert som ei Kari Hansdotter fødd i Øygarden under Øver-Øy i Vågå i oktober 1754. Vi har ikkje funne ho nemnt etter at ho hadde guten til dåpen anna enn at ho er nemnt i skiftet etter faren i 1799, og det er da sagt at ho var gift, men ikkje med kven eller kvar ho budde. Sonen Hans Ingbrigtsen kom attende til Vågå før 1801, da han budde hos morbroren i Øygarden og var skreddar.Vi har prøvt å søkje etter Kari i kyrkjebøkene for Oppdal og i folketellinga for 1801 for eit større område, men ikkje funne nokon opplagt kandidat.Kan nokon hjelpe oss med kvar Kari var seinare, kvar ho budde som gift i 1799 og når og kvar ho døydde. Alle opplysnigar om ho ellers er sjølvsagt også av interesse.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×