Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Torbjørn Hillersøy

[#60958] Oppslag i BB for Naustdal, Simon Martinson/Mårson Hove f. ca 1765

Recommended Posts

Gjest Torbjørn Hillersøy

Kan nokon hjelpe med å finne ut om ein Simon Martinson eller Simon Mårson var fødd på garden Hove i Naustdal ca 1765?Dersom det er tilfelle, kven var foreldre og syskjen til Simon?Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

I 1790 fekk Simon Mårson Hove skøyte på jord på Knapstad i Kinn pr.gj. I 1801 budde et ein Simon Martinson (35 år) på Knapstad. Han var gift med Kari Andersdtr.. Har ikkje funne giftermålet, men dei vart gift truleg i 1800 eller 1801. Eg prøver å finne ut om Simon Martinson er den same som Simon Mårson. Den du Grethe har funne, har ein alder i 1801 som iallefall stemmer bra med alderen til Simon Martinson Knapstad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Eg siterer frå bygdeboka, bd. II, s. 90, under Husmannsfamiliar på Hove:'Hovskletten. Plass under bnr. 1.Kr. 1763 til 1804Mår Sørensson f. 1734 på Skei bnr. 2, d. 1799 på Hove. Gift 1761 med Magnhild Olsdotter f. 1743 på Fimland bnr. 4, d. 1804 på Hove. Familien budde kortare tid andre stader; på Reiakvam, Fitje, på Skei og på Kleiva.Born: a. Ananias f. 1761, d. 1761 på Skei. b. Simon f. 1764, bst. Knapstad i 1799 og 1804. c. Anna f. kr. 1766. d. Søren f. kr. 1769. e. Ola, bst. Knapstad i 1799 og 1804. f. Massi f. kr. 1775, neste brukar. g. Lars f. 1785, truleg d. før 1799.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Takk for hjelp, Torodd!Då er nok dei to Simon'ane same person.Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.