Gå til innhold
Arkivverket

[#61107] Kongsvinger 1874


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

I samband med ei gammal sak eg har hatt oppe fleire gonger har eg bruk for kyrkjebok for Kongsvinger 1874, men det ser ikkje ut til at den er mellom dei skanna. Er det nokon som har tilgang til boka?Ministerialboka for Ålesund 1891 (konfirmasjon) [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5720&idx_id=5720&uid=ny&idx_side=-218>Lenke oppgjev fødestad Kongsvinger, fødselsdato 16.mars 1874 og dåpsdato 1.april 1874 for Karoline Karlsen, dotter av ungkar og omstreifer Karl Johan Olsen og pige Karoline Johanne Karlsdtr, og denne dåpsinnførsla skulle eg gjerne fått kontrollert.I denne debatten Lenke ser eg at Finn Sollien har sjekka ein base med negativt funn, men for å vere sikker skulle eg gjerne kontrollert mot originalen. Her er ein annan debatt om dei same folka

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg beklagar min dårlege lokalkunnskap på Hedmark fylke, og takkar for hjelpa. Eg er no i ferd med å gå gjennom Vinger 1874, men har passert den aktuelle datoen, så det ser ikkje så lovande ut!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Sollien

Hei Aase! Prøv Statsarkivet i Møre og Romsdal om det der kan ha blitt oppbevart denne attesten på fødsel og dåp. For det står helt ute til høyre i kirkeboka/konfirmasjon i Ålesund at det var en attest av 12/12 1890. Den kan være en viktig brikke. Det som er av interesse er navnet på presten som har utferdiget attesten. Barnet kan ha blitt født i Kongsvinger, men dåpen utført i et annet sogn. Jeg har sjekket ut Eidskog og Brandval. Påskedagen var 5. april det året, hadde datoen vært 2. april så var det kirkedag/skjærtorsdag. Mvh. Finn Sollien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Mange takk for innspel! Ja, eg ser denne datoen, og konstaterer at det MÅ finnast ein dåp ein stad, men kvar - ? Denne Karoline Johanne Karlsdtr som er oppført som mor er ny for meg, og ikkje identisk med den Karen Pedersdtr som Karl Johan har familie med på Sunnmøre (det fyrste barnet eg kjenner der er frå 1877. Eg tenkjer på 2 teoriar:1. Den eine av dei tre innblanda prestane (døyparen, attestskrivaren og attest-lesaren) har gjort ein feil som har gjeve både mora og barnet same namn - Karoline Karlsdtr.2. Mora sitt namn er Karoline Karlstr, og ho døyr i samband med fødselen slik at barnet får hennar namn. Faren tek seg av barnet, straks eller seinare.Dette er teoriar. Sanninga kan vere eit tredje alternativ. Men er det muleg å verifisere 'Karen Johanne Karlsdtr' på nokon måte?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Sjå på lenka til konfirmasjonen og sei kva de trur om dåpsdatoen - '1-talet' er litt for tjukt, kan det vere ein forsøk på noko anna? Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Klokkarboka er heilt tydeleg på 1-talet. Lenke Eg har tenkt at attesten som er omtala var ein dåpsattest, men det er vel koppevaksinasjon som står i denne rubrikken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Sollien

(8) Er fortsatt av den oppfatning at denne attesten av 12/12 90 er en presteattest. Dåpsdatoen 1/4 er klar. Forsøk Statsarkivet om denne attesten er inntakt der. Mvh. Finn Sollien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magne N. G. Hagen-Pettersen

Da Karl og Karen får sønnen i 1877, står det ved dåpen at foreldrene ble viet i 1870.Så da kan det virke som at Karoline i 1874, hadde en annen mor enn den øvrige barneflokken.Ved Emma`s dåp i 1882. Lenke . I 1900 står Karen sitt fødested som Hamar, ved dåpen i 1882 står det Storhamar, er det byen Hamar det her siktes til eller?? (er det ikke en gård i Sør eller Nord Odal som het Hamar???)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Sollien

(10) Ingen dåp i Strøm kirke i Sør-Odal 1/4 1874. Det er en gård Hamar i Sør-Odal, også 2 i Vinger. Mvh. Finn Sollien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Ja, i 1877 står det at dei skal vere gifte i 1870, i Hustad, men eg har ikkje greidd å finne noka innføring der. Samtidig skriv presten 'Angivelige ektefolk', og eg lurer på om han er nærare sanninga med den karakteristikken.Då dei døypte dottera Kristine i 1880 står det ekteskapsår 1871 Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg klipper litt frå ein av trådane eg viser til lenger oppe - her er min hittil beste kandidat til Karen:'Paret Peder Andersen og Berte Eriksdtr gifta seg på Hamar i 1848. Han var 24 år, frå Vang, med far Anders Pedersen, og ho var 22 år, frå Stange, med far Erik Olsen.Dei fekk dottera Karen i Hamar 13.03.1848, og seinare sonen Anders i 1851. Ved folketellinga 1865 er dei på Valsigeie i Vang, og har då to born til, Johan 12 år og Pauline 10 år, begge fødde i Eidsvoll; Peder er då oppgjeven å vere 'simpel arbeider'. Seinare får dei også sonen Bernt i 1867; han blir i følgje Familysarch døypt 4 månader gammal i mars 1868 (Vang). Dottera Karen bur ikkje saman med dei i 1865, men der er minst to tenestejenter i Vang med namn og alder som kan passe (ingen av dei har Hamar som fødestad).Eg undrast på om denne Karen er den same som er busett i Ålesund i 1900, gift med fisker Karl Johan Olsen frå Kongsvinger, midlertidig opholdssted Opdal, (han blir seinare titulert handelsmann og frukthandlar).For å finne ut av dette, skulle eg gjerne hatt fleire opplysningar om den ovanfor nemnde Karen og hennar foreldre og sysken. (Konfirmasjonar, ekteskap, dødsfall, utvandring, kva som helst!) Bytellinga for Hamar 1885 inneheld arbeiderkone (N.B. ikkje -enke) Berte Eriksdtr i høveleg alder, men ikkje dei andre'.Og litt lenger nede:'Utflytterliste for Vang 1816 - 1902 inneheld opplysningar om denne familien. Dei er registrerte 20.05.1854; Peder Andersen, Virshoug, 06.04.1824, Berthe Eriksdtr, 28 år, Karen Pedersdtr, 6 år, Anders Pedersen, Storhammer, 17.02.1851, Johan Emil Pedersen, Storhammer, 26.02.1854, alle registrert flytta med 'Bestemmelsessted ikke oppgitt'. Familien er framleis interessant som utgangspunkt for Karen Olsen i Ålesund 1900'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Karl er oppført to gonger i 1900-tellinga: Heime i Ålesund, og her i Rennebu Lenke - med namnet Karl Olsen Magnor, fødselsår 1852 og ukjend fødestad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg ser no at der er gardar både i Eidskog og i Våler som heiter Magnor(d), i tillegg til Magnormoen og Magnoråsen i Eidskog. Finst det bygdebøker for desse gardane, og tru om det finst, i så fall, noko der som kan knyte Karl Johan til ein av dei på nokon måte?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.