Gå til innhold
Arkivverket

[#61209] Ingebrigt og Lars Lassessøner frå Suphellen i Balestrand – oppslag bygdebok?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Manntalet frå 1701 for Suphellen i Leikanger (Balestrand) syner fem personar:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Lars Olson 30 år oppsitjarOle Lasseson 33 år tenarMagdalene Larsdotter 50 år oppsitjarLars Lasseson 40 år sonIngebrigt Lasseson 28 år son~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Interessa mi gjeld den andre huslyden. Eg trur at alderen til Magdalene må vera feil, eller at Lars berre var ein steson og at faren Lasse Suphellen var gift to gonger.Kan einkvan med tilgjenge til bygdeboki for Balestrand fortelja meg kva Laberg skriv om denne huslyden?* Kven var foreldri til Ingebrigt og Lars?* Kva skriv Laberg om lagnadane til Ingebrigt og Lars?Eg trur at desse brørne flytte til Veitastrondi i Hafslo, Ingebrigt mellombels og Lars for levetidi, men eg kan ikkje prova det.Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Jeg har ikke tilgang til aktuell bygdebok. Vet ikke om disse skifteregistreringene fra Ytre Sogn kan ha noen interesse:Ole Larsen Supphellen 1698-1700 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=skifysog&gardpostnr=56&merk=56#ovre>LenkeLasse Olsen Supphellen 1699-1700 LenkeIngebrigt Lassesen Supphellen 1750-1756 Lenke. Hans dødsfall i 1755 Lenke like 'supph%%' ORDER BY forenam, etternamn&appinfogard=&appinfostol=&appinfourl=&id=22. Fødselsåret er 1678, og Ingebrigt som du fant i 1701, var 28 år, f.ca. 1673 Lenke like 'suphelde%' AND low_fornavn like 'inge%%' &appinfogard=&appinfostol=&appinfourl=&id=0. Kan dette være samme mannen??Og så er det denne Engelbrecht Larsen Supphellen, født 1681, som giftet seg i Balestrand i 1711. Men denne karen er jo i så fall åtte år yngre og kanskje heller identisk med ham som døde i 1755…

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for svært spennande opplysningar! Då veit me at Ingebrigt Lasseson vart buande på Suphellen, eventuelt at han tok over garden etter at han i tidi frå kring 1703 til kring 1706 hadde vore gardbrukar på Veitastrondi. Forresten so er alderen oppgjeven ved vigsli berre ''gissa'' - ut ifrå at brudgommen i snitt var 30 år ved vigsli!Men, kva då med Lars Lasseson?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ottar Solberg

Jon Laberg skriv i 'Bygd og ætter': 'Kvar Lasse kom ifrå, veit me ikkje. Me veit heller ikkje noko å fortelja om han. Han døydde 1696 og etterlet seg kona og 8 born: Lars som kom til Nesse, Ola til Våtevik, Ingebrikt fekk farsbruket, Anna gift med Lars Rødsæter, Brita med Nils Henjum og Marta, Gurid og Ingeborg som alle døydde ugifte.'Helsing Ottar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.