Gå til innhold
Arkivverket

[#61213] Albrigt-namnet i Sogn - kvar kjem det ifrå?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ein Albrigt (farsnamn ukjent) dukkar opp som gardbrukar på Klokkargarden Kvam i Hafslo sist i 1620-åri og skal ha vore gift med ei dotter til den rike storbonden Gunder Alme, som hadde slekt spreidd i store delar av indre og midtre Sogn.Albrigt-namnet er kjent frå Slinde i Sogndal, der ein Albrigt Thomasson er nemnd frå 1661. Han er truleg for gamal til å vera ein soneson av ''min'' Albrigt, men kanskje er han i slekt?Elles ser eg at Albrigt-namnet sporadisk er nytta lenger utover Sognefjorden og i Sunnfjord, men mange er dei ikkje.Om nokon har tips å koma med når det gjeld bruken av dette namnet kring 1600, ville eg setja stor pris på å få greie på det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Hei, Lars. Eg har fram til 1626 funne følgjande med dette namnet i Sogn (både Indre og Ytre. Då har eg gått gjennom det aller meste av lensrekneskapane fram til 1626-27. Rimelegvis er det tale om berre tre personar, ettersom det er rimeleg å rekna med at dei tre i Vik er ein og same mann, og at drengen på Beim i 1625 er identisk med drengen på Kvam i 1626 og utetter. Husmannen i Tjugum skipreide er neppe identisk med nokon av desse. For tida etter 1626 har eg ikkje gjennomgått kjeldematerialet.Albrikt husmann i Tjugum. 1625 (LR 40.1): landskatt av hm Albret husmandAlbrikt på Beim (Haf 57) i Solvorn. 1625 (LR 40.1): skatt for halvlønsdreng Laurids Beumbs Albert och LauridsAlbrikt på Kvam (Haf 43/45) i Solvorn. 1626 pinse (LR 42.3): skatt for fullønsdreng Joen Quammis Albr(e)tt. 1626 jul (LR 43.2): skatt for fullønsdreng Albert paa QuammeAlbrikt i Orvedal (Vik 16) i Vik. 1625 (LR 40.1): landskatt Albert Oruedall. 1626-27 (LR 41.4): leidang Peder och Albret Oruedall. 1626 pinse (LR 42.3): landskattAlbrikt på Rislåg (Vik 18) i Vik. 1620 (LR 31.5): landskatt Albret Rißlou. 1621 (LR 33.6): landskatt av øgm/hm Alberdt Rißlouff. 1622-23 (LR 34.4): sakefall Albredt Rißloch for vlydighed...Albrikt på Voll (Vik 27) i Vik. 1623 (LR 36.6): landskatt Albredt Vold

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.