Gå til innhold
Arkivverket

[#61240] Hølje Høljeson


Gjest Egil J. Tveit
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil J. Tveit

30.03.1820 døyper Kari Egilsdtr. Aasen i Treungen kyrkje den uekte dottera Targjerd f. 20.03.1820. Faren blir oppgjett til å vere ein Hølje Høljeson. Lenker til Ministerialbok Nissedal/Treungen 1814-1845. [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?show=18&uid=3145&urnread_imagesize=full&hode=nei&ls=1>Lenke Klokkerbok Nissedal/Treungen 1814-1862 Lenke23.07.1820 døyper Anne Eivindsdtr. Almelien i Treungen kyrkje den uekte dottera Aslaug f. 15.07.1820. Faren blir oppgjett til å vere ein Hølje Høljeson. Lenker til Ministerialbok og Klokkarbok. Lenke LenkeKari Egilsdtr. og dottera Targjerd er greie. Dei finn ein på s. 614 i Nisssedal Bygdesoge, Treungen Sokn. Det er stor etterslekt etter dei. Anne Eivindsdtr. Almelien er og grei. Ho finn ein på s. 528 og 280 i same boka. Dotter Aslaug er ikkje nemnt. Truleg døyr ho som lita.Men kven er så Hølje Høljeson. Det er svært sannsynleg at det er same Hølje som er far til både Targjerd og Aslaug. I 1817 blir ein Hølje Felle, 21 år, konfirmert i Treungen kyrkje. Foreldra er Hølje Olsen og Aslaug Sigurdsdtr., bopel Lønnegrav. Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest erling t. endresen

Kan dette være et spor: Jeg finner på Familysearch at Hølje Olsen og Aslaug Sigurdsdatter får barna Aslaug f. 19.06.1796, Gunhild f. 09.03.1793 og Turid f. 26.08.1798, alle ført på Sandviken i Tinn kommune.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest erling t. endresen
LenkeVel feil spor, her ser det ut til at denne Hølje Olsen er i 1801 med to av sine barn, og gift med ny kone. Ingen sønn Hølje her.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aslak Bekhus

Dette er truleg den Hølje som er døpt i Tinn (Hovin) i feb. 1795. Son til då avdøde Hølje Olavson og Aslaug Sigurdsdtr på Dalen (eller Rui) i Rudsgrend.Aslaug gifte seg att med Knut Olavson og dei er på Dalen i 1801. Det ser ut som Hølje har feil patronym og litt feil alder i ft. 1801.Familien (eller delar av han) flytte før 1820 til plassen Dalen u/Øy i Vrådal. At dei er på Lønnegrav i 1817 er derfor ikkje usansynleg.Helsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil J. Tveit

Beklagar at lenkene mine ikkje virka. Tusen takk til Erling og Aslak for oppklaring av problemet Hølje Høljeson. Dette er nok rette karen. Det var på forhånd ikkje lett å tenke seg at ein måtte til Tinn for å finne opphavet til Hølje Felle.Med helsing Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jarl V. Erichsen

Dette er interessant. Min oldemor - Helliksen - slekter fra Tinn og en Hølje Helliksen - fra Rabben. Det virker som om der er noen felles navn nevnt, men dette kan jeg ikke få sjekket i feriemodus.Er Hølje et navn av samme opphav som Helge?- Jarl -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jarl V. Erichsen

Her er en liste med min Helliksen-rot. Weaasen er nevnt både som faddere i kirkeboka i innlegg 6 og i min liste. Lenke - Jarl -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aslak Bekhus

Hølge, Hølje, Helje, Helge er same navnet, uttalen varierar litt mellom bygdelaga. Enkelte stader i Telemark er også forma Høye, Høie nytta.Ellers så kan 'Aagot Weeaasen' som er fadder (inlegg 6) godt vera same person som Aagot Hansdatter Rabben i slektoversikten din. Om eit ev. fadderskap kjem av slektskap eller naboskap vil kansje framtidig gransking vise. Lykke til vidare !Helsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Ættesoga for Kviteseid har ein del av denne familien, men Laupedalen har nok her blanda inn feil familie. Slekta blir kalla 'Fjælerud', noko som eg meinar er heilt feil.http://www.jfredpeterson.com/kvites/kvsog050.htmSigurd som nr. 5 og Jon som nr. 8 er brør eller halvbrør av Hølje, dei andre søskna der er eg usikker på. Alt over er feil.Det har tidlegare vore ein debatt her inne om ein av brørne, men eg finn den ikkje att.Aslak, hugsar du den debatten?Mvh Gro Berit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aslak Bekhus

Det er debatt 56250 'Sterkenils' og innlegg 5 til 35 omhandlar til ein viss grad etterslekt til Jon Knutson, som er halvbror til Hølje Høljeson.Ellers så er eg enig i at Sigurd og Jon Knutssøner er barn av Knut Olavson og Aslaug Sigurdsdtr og at ættesoga for Kviteseid er feil her.Helsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aslak Bekhus

Ein finn 'Knud Olsen Dahlen og Hustrue Asloug Sigusdatte' innflutt til Vrådal 1819. Ingen barn er nevnt, men eg har funne fylgjande konfirmera i Vrådal.John konf. 1819 født 'Aar 1803'Ole konf. 1822 født 'Tind 1802'Margit konf 1822 født 'Tind 1804'Sigurd konf 1824 '25 Aar'Helsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunn Marit Dalen

Har sjekket litt i bygdeboka for Hovin, da Rudsgrend er med i den boken. Der står det: Hølje og Aslaug Dalen på Ruedalen, Barn: 1. Margit f.1785 2. Ågot f.1789 g1835m Tore Larsson Gvåleviken 3. Bergit f.1791 4. Ola f.1793 5. Hølje f.1795. Aslaug g2g 1797 m Knut Olsson. Barn: 1.Hølje f.1797 2.Sigurd f.1798 3.Ola f.1800. Eiendommen ble solgt i 1805. Mulig Hølje og Ola i første ekteskap ikke levde lenge, eller bare ett utslag av dårlig fantasi. Veåsen og Rabben ligger forresten på andre siden ganske rett over Tinnsjøen for Ruedalen. HIlsen Gunn Marit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.