Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Per-Ole Reite

[#61401] Oberst Hilmar Theodor Bru-de-Wold, Sør-Afrika

Recommended Posts

Gjest Per-Ole Reite

Hilmar Theodor Bru-de-Wold frå Sunnmøre gjorde karriere i den engelske kolonihæren i Natal, Sør-Afrika. I fylgje ei internettside var han utdanna på Naval Collage, Norway. Er det nokon som kan dokumentere kva for ein skule dette kunne vere. Eg er også interessert i å vite kva for ein båt han reiste ut med.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Ørstingar 1 (Dale, 1995), s.275 (Brudevoll): Hilmar Hansson Bru de Wold 1842 - 1912, plantasjeeigar og oberst, g, 3b, Natal. Han var son til Hans Torkelson Brudevoll og Karen Madsd., og vaks opp i Ørsta.Ut frå alderen må han ha vore i miltæret på 1860-talet, og det var vel ikkje så mange skular som kan kallast 'Naval College' her i landet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Har langt bak i minnet at han 'stakk av' frå ein båt. Var det i Durban skal tru? Men har ikkje dokumentasjon på det. Helsing H J Runde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per-Ole Reite

Han rømde visst i land i Durban i 1862 etter å ha kome i ein konfrontasjon med kapteinen på båten han var ombord i.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Naval College, - er det Sjøakademiet ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Naval College tilsvarar høgare utdanning for offiserar i sjøforsvaret/marinen. Eg meiner difor at Naval College tilsvarar Sjøkrigsskolen. For 150 år sidan var Sjøkrigsskolen i Horten (KarlJohansvern), og no er den i Bergen (Haakonsvern).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Terje (6): Språkleg og sakleg for dagens tilhøve har du sannsynlegvis rett. Spørsmålet er om det var dette Hilmar hadde gått på. Det er eit spørsmål om kva han fortalde (og sanningsinnhaldet i dette), og eit spørsmål om korleis dei han fortalde vart oppfatta der han kom. Det finst sikkert student-lister (heiter det student på Sjøkrigsskulen?) frå åra kring 1860.Dersom det stemmer at han stakk av i Durban i 1862, må det vel nesten ha vore ein sivil båt. Det vil seie at han må ha vore ferdig både med 'college' og med den tilhøyrande pliktteneste som 20-åring. Dersom vi legg på nokre år, kan det vere meir truleg.Per-Ole: Det skulle vere rart om ikkje ein slik fyr ikkje var omtala i lokalhistoriske skrifter. Om du har god tid, kunne du gått gjennom 'Ørsta-minne' (årsskrift for Ørsta sogelag) og Årbok for Sunnmøre Historielag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per-Ole Reite

Takkar for innlegg ! Eg har gått gjennom lokalhistoriske skrifter. Ragnar Standal skriv i utvandrarsoga for Ørsta:'Tidleg drog han til sjøs, for over til England og gjekk ombord i eit skip som var radt til Ny Guinea. Komen attende til Afrika rømde han i land i Natal......'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Hei Per Ole!H. T. Bru de Wold er ikkje nemnd i Sjømilitære samfunds marinekalender 1814-1934, så han har truleg ikkje vore kadett eller offisersaspirant i marinen her til lands. Kanskje i den engelske marinen, men det er litt rart at han var oberst, det skulle meir tyde på at han hadde offisersutdanning i hæren. Oberst er ikkje ei sjømilitær grad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Gunnar (9); Såg du etter Hilmar Brudevold/-voll og Hilmar Hansen også?At han var oberst har bygdebokskrivaren neppe henta frå Sør-Afrikanske militærarkiv - men bygger heller på det folk heime oppfatta det han sjølv fortalde at han var. Då har vi den same problemstillinga som eg skisserte i (7): Kva sa han, kor sant var det, og kva oppfatta mottakarane frå det han sa?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Som Gunnar nemner i innlegg (9) blir dei som går på Sjøkrigsskulen kalla kadettar, og i og med at denne Brudevold _ikkje_ finst i offisielle oversyn er det mest truleg at han, dersom han nokon gong var innom alt omtala krigsskule, anten:a.1) - ikkje fullførte/ vart sparka uta.2) - strauk til avluttande eksameneller kan hendab) - at han rett og slett bløffa litt.Ikkje for å rakka ned på mannen, men eg har diverre ei kjensle av at alternativ b) kan vera det rettaste her. Som det elles vert påpeikt er ikkje oberst ein sjømilitær grad her til lands, og har _heller ikkje_ nokonsinne vore det. Dersom Brudevold verkeleg nådde dette gradsnivået i Noreg, så ville han vore Kommandør - tilsvarande Oberst i hæren. Hakket under er Kommandørkaptein - Oberstløytnant, to hakk under finn vi Orlogskaptein - Major. Sjå elles heimesidene til Forsvaret http://www.mil.no for yttarlegare utdjuping av utdaning- og gradsystemet her til lands.No er det sjølvsagt ingenting i vegen for at Brudevold seinare verkeleg vart oberst (Colonel) i kolonihæren i Natal, Sør-Afrika. Dersom han til dømes 'berre' vart oberstløytnant (Lieutenant Colonel) ville han like fullt blitt tiltalt som Colonel.Men, igjen - det _kan henda_ at fyren berre skraut på seg det heile.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Hilmar Bru de Wold (1842-1912) var son av hattemakar Hans Christian Wold (1810-46) fra Brudevoll i Ørsta og kona Karen Marie Madsdatter (1865: 54 år gammal) fra Trondheim. Huslyden budde først i Kristiansund, seinast 1840 i Ålesund, der Hans Christian hadde brør som var kjøpmenn.Det finst eit manuskript om ætta fra Brudevoll, tilgjengelig på biblioteket i Ørsta og Ålesund (ikkje brukt som kilde i Ørstingar I). Ellers er det ei dame i Ålesund som har sett seg føre å registrere heile denne digre Brudevollætta.Det er skreve ein del om oberst Bru de Wold, også i samband med utvandringa fra Sunnmøre til Sør Afrika i 1882 (Andrew, Halland og Kjønstad: Norsk Nybyggerlib i Natal 1932-1932, Marburg 1932; ikkje lett å få tak i, denne!). Ellers har eg sett eit bilde av obersten, til hests i fulle pontifikaliar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det er liten tvil om at Hilmar Bru de Wold var oberst.Før han forlet Norge kan han ha vore innom ein styrmannsskole, som vel er ei bedre omsetting av 'naval college' enn sjøkrigsskole...Eg trur Per-Ole bør ta seg ein svipp innom biblioteket i Ørsta og t.d bla gjennom årgangar av Ørstaminne. På nettet finst ørlite om utvandringa fra Sunnmøre til Sør Afrika i 1882 i stykket mitt 'Gullsmeden i gamle dagar' skriv dette inne i søkefeltet) under avsnittet om gullsmeden Christian Fredrik Rødseth, som organiserte utvandringa i 1882.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per-Ole Reite

Til Bjørn Jonsson Dale. Eg takkar for innlegget ditt. Eg har vore innom biblioteket i Ørsta og funne diverse. Men kva slags eventuell utdanning han tok her i Norge og kva for ein båt han reiste ut med har eg ikkje greidd å finne ut. Innlegget ditt om Christian Rødseth har eg også lese med interesse. Rødseth var vel ein av dei som var med å organisere. Ikkje den einaste så vidt eg veit. Eg traff forresten barnebarnet hans, Ingeborg Gorven då eg var i S-A i fjor. Etter nærare forespurnad til Norsk sjøfartsmuseum og Bergens Sjøfartsmuseum så ser eg det slik at at Bru-de-Wold kan ha gått anten på Sjømannsskolen som starta i Bergen 1853 eller Søkadetsakademiet. Sistnemnde trur eg låg i Stavern til 1864. Deretter Horten. Litt interessant at faren til Hilmar skreiv seg for Wold. Det kan vere noko av forklaringa på kvifor vår mann tok det klingande namnet Bru-de-Wold. Eg visste ikkje at familien budde ei tid i Kristiansund. Standal skriv at dei budde i Trondheim før dei flytta til Ålesund. Men at dei var komne til Ålesund seinast i 1840 er vel iallfall ei stadfesting på at obersten var fødd i Sunnmørsbyen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Flott, Per-Ole!Hilmar var tvillaust ein frekk og freidig 'demmagut'. Han var fødd i Ålesund 25. juli 1842, og døypt under namnet 'Helmar Teodor'. Sjekk her: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Omtale av Hilmar Bru-de-Wold i 'Nordmandsforbundet' 1911. Her går det fram at han har lese gjennom utkastet til artikkelen sjølv og kome med ymse korreksjonar. Dessutan er det ein nekrolog i same tidsskriftet i 1913.Det går fram at han slutta seg til det friviljuge armekorpset i kolonien, 'Alexandra Mounted Rifles' som menig i 1873. Avanserte i gradene til sersjant, kaptein, major. Under reorganisering av hæren i 1895 vart han etter kvart kommandant for 'Det sydlege distriktet' med majors grad. Forfremma til oberstløytnant, visstnok i 1900. Oberst i 19? og sjef for heile Natal-hæren i 19?. Fall for aldersgrensa i 1907 og døydde i 1913. Organiserte mottakinga av dei norske kolonistane i Marburg-settlementet. Det går ikkje fram på kva måte han kom til Natal, men det går fram at det skjedde 'omtrent midt i aaret 1862.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per B. Lilje

Digresjon, i følge Caplex og Sjøkrigsskolens hjemmeside: Det som i dag heter Sjøkrigsskolen og utdanner offiserer til Sjøforsvaret, ble opprettet i 1817 med navnet Det Kongelige Norske Søcadet-Institut. Fra 1817 til 1864 lå det i Fredriksvern (i dag Stavern), i 1864 ble det flyttet til Horten der det var til 1940. Det fikk navnet Skjøkrigsskolen i 1876. Det regnes som den norske fortsettelse av den dansk-norske flåtes Søcadet-Academi i København, som ble opprettet av Fredrik IV i 1701 (dette igjen var en fortsettelse av den navigasjonsskole for flåtens offiserer som Christian IV opprettet i 1647).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.