Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Unni Lauvås

[#61875] Hvem var Berit Torsen fra Valestrand?

Recommended Posts

Gjest Unni Lauvås

'Vestavind, bygdeblad fra Sveio 14.08.08. (forkortet)I dag er det nokså nøyaktig 100 år siden 'D/S Folgefonden' forliste under ved Fyren i Skånevik. 26 menneske omkom under overfarten frå Sandvoll til Skånevik denne laurdagskvelden. Fyrlykta som lyste på staken på skjeret, var ikkje tend og grunnstøytinga var eit faktum, og 'Folgefonden' som tilhøyrde Hardanger Sunnhordlanske Dampskipsselskap sokk på få minuttar.19 år gamle Berit Torsen er ført som nr. 26 og sist på lista som lensmann Wiserøe sende til skipsinspektøren i Bergen i 1908.I ettertid har det vore vanskelig å finna ut stort meir om Berit fra Valestrand. Etne Sogelag gav ut eit årsskrift om 'Folgefondens' forlis i 1993, men trass i mykje leiting i ulike kjelder lukkast det ikkje sogelaget å oppspora identiteten til 19-åringen.Berit Torsen er ikkje fødd, døypt eller konfirmert i Valestrand Sokn. Ho er heller ikkje å finna i folketeljinga i 1901. Men foreldra hennar må ha vore busett i Valestrand. Det går fram av meldingar både i Haugesunds Avis og Bergens Tidene frå den tida.BT for 25.08.1908 melder 'Et ukjend Lig ligger i Kommunelokalet i Skånevik. Det blev fisket op af en af de første redningsbåte, og der var i Begyndelsen Liv at merke'.Foreldra hennar var inne og såg på liket, men dei kjende henne ikkje og reiste heim att med uforretta sak (liket attkjend som Anna A. Bjelland frå Austevoll). Foreldra må ha vore busett i Valestrand. Reisa til Skånevik stadfester dette. Men dei må ha vore busette i Valestrand for berre ei kort tid, sidan der ikkje er nemnd noko om familien i offentlege protokollar.'Er det noen der ute som sitter inne med opplysninger om Berit og hennes familie?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Veit du alder på denne Berit? Eller namn på foreldra? Der er ein del Berit i 1901-teljinga, men ikkje så mange frå Rogaland/Hordaland. Ho treng ikkje vera kalla Torsen, ho kan ha eit gardsnamn. Berit kan vel og vera stava annleis.Eg har lese det som stod i Etne Sogelag sitt tidsskrift. Og der var nok litt i diverse aviser i 1993, og no.Eg kan nemna at oldefar, Johannes Nilsson Markhus, var matros ombord i Folegefonden då ho forliste. Han symde i land med ein ungdom på ryggen. Oldefar vart dessverre helselaus etter ulykka og døydde i 1924. Oldemor kan eg så vidt hugsa, ho døydde ca 30 år seinare. Ho kan ikkje ha snakka så mykje med barn/barnebarn om forliset, for eg har ikkje inntrykk av at mor mi og hennar søskenbarn veit noko særleg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Unni Lauvås

Hun skal være født i 1889. Ser Vestavind kaller henne både Torsen og Thorsen. Det står ein bauta i Skånevik, like ved kaien, denne inneholder navneliste over de som omkom, hun står sist, men klarer ikke lese noe utifra bildet i avisa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.