Gå til innhold
Arkivverket

[#62353] Jevnførslister.


Gjest Lindis rokstad
 Del

Recommended Posts

Gjest Lindis rokstad

Hei.Jevnførselslister er greit å ty til. Men om en person bare står oppført på rubrikken gift betyr det at vedkommende var innflytter eller var født før listene ble ført????Vennlig hilsen Lindis Rokstad

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Jamføringslistene vart innførte med det første trykte skjemaet for kyrkjebokføring, altså i 1812 - og teke i bruk etter kvart som prestane skreiv ut gamle protokollar. I det reviderte skjemaet som kom i 1820 (og teke i bruke etter kvart som ..) er jamføringslista ikkje med. Det vil seie at slike lister vart laga (i høgda) for 1-2 tiår tidleg på 1800-talet, og dei fleste er ikkje innførte med meir enn ei eller to handlingar.Svaret på spørsmålet ditt er sannsynlegvis at han/ho var fødd før presten tok til å føre listene. For dei fleste bøkene (men kanskje ikkje alle) er listene førte så kort tid at det er få som er både fødde og gifte innafor denne tida.Men for det konkrete tilfellet kan du sjå etter kva tid listene vart førte. Dersom den gifte var fødd i soknet etter at presten i prestegjeldet tok til å føre jamføringslistene, burde han/ho vere med der. Du kan også sjå etter kor nøye presten har ført listene: Til dømes ved å sjå på ei side frå dåpslistene om alle finst att i jamføringslista. Og ved å sjå på brudefolk som er unge nok til å vere døypte innafor tida med listeføring - om vigsel og dåp (og konfirmasjon) er ført på same plass i jamføringslista.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.