Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#62422] Å Vestland, Vestland

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Det er i år 100 år sidan songen Å Vestland, Vestland fyrste gongen vart offentleggjort i avisa, Den 17de Mai. Songen vart skriven av Tore Ørjasæter f. 1886 i Bråtådalen i Skjåk. Tore hadde anane sine i Geiranger på Sunnmøre og det vert sagt at det meste av songen vart til på ein tur som Tore gjorde mellom Skjåk og Geiranger. Eg har sett at ein av dei mest aktive deltakarane her på forumet har sagt at morfar hennar var han som dikta Vestlandssongen. Eg vil gjerne veta om det er sant at Tore dikta det meste av songen på ei reise til Geiranger, eller om slekta sjølv ser på dette som oppspinn? Når eg spør om dette, så er det fordi eg tykkjer at denne songen er så vakker, og kanskje mest når Sissel Kyrkjebø syng han. Eg har vore glad i denne songen sidan fyrste gongen eg høyrde han, truleg ein gong fyrst på 1980-talet i TV-programmet; 'Syng med oss'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Skal ikke uttale meg for mye om Tore Ørjasæter, annet enn at han var en av morfars gode venner og at han skrev teksten til 'Å Vestland, Vestland'. Den ble første gang utgitt som korarrangement (altså med noter) i april 1910, så vidt jeg husker i det første nummeret av Norsk Toneblad. Det var Paul M. Gjærder som ga Norsk Toneblad i Volda, et musikktidsskrift med korarrangement. Disse finnes i dag på Aasen-tunet i Volda. Familien vår har et eks av dette første tonebladet, men jeg har det ikke selv. Kan legge til at morfar var lærer i Skjåk i 1910, da han altså komponerte melodien til sangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Forøvrig trodde jeg at også diktet ble offentliggjort 1. gang i 1910. Har du kilden til at det ble offentliggjort i 'Den 17de Mai', var det 1908 eller 1909, Finn?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Det er Terje Aarset som skriv om dette i siste utgåva av Dag og tid. Han fortel at diktet stod i avisa Den 17. Mai, den 8. september i 1908, altså ganske nøyaktig for 100 år sidan. Under diktet står det Geiranger sumaren 1908. To år etter, altså i 1910 kom debutsamlinga til Tore Ørjasæter, I dalom. Der var det gjort nokre endringar, noko som hende ved seinare utgjevingar også.Aarset gjev elles andre opplysningar enn deg Arnfrid når det gjeld utgjevinga i Norsk Toneblad. Aarset seier at dette var i Norsk Toneblad nr. 4 (april) 1913, men at tonen vart til i Skjåk i 1911 (i følgje Solveig Tesdal).Elles står det eit fint bilete av Sigurd Førsund som altså sette tone til Å Vestland, Vestland. (Eg rota litt då eg trudde det var diktaren og ikkje tonesetjaren som som var morfar til Arnfrid).Eg ser frå den nemnde artikkelen at Førsund var frå Kyrkjebø på sørsida av Sognefjorden. Dette er vel eit anna Kyrkjebønamn enn det som Sissel er knytt til?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

OK. Da er sikkert 1911 korrekt. Det var tante Solveig som ble født da de bodde i Skjåk, hun var 98 forrige helg. Da er det sikkert korrekt at den sto i Norsk Toneblad i 1913, og ikke 1910 også. Det er tante som har dette tonebladet. Skal ringe henne og høre, men nå sover hun middag. Ellers er jeg blitt fortalt av morfar ( morfar og mormor bodde hos oss på 50-tallet), at han og Tore var på tur til Tafjord eller Geiranger, men dette må jeg også sjekke en gang til. Kan du skanne artikkelen og sende den til affi alfakrøll online no[url="http://nn.wikipedia.org/wiki/Å_Vestland>http://nn.wikipedia.org/wiki/Å_Vestland,_Vestlandhttp://nn.wikipedia.org/wiki/Sigurd_Førsund

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Jeg bestiller det, Finn.Mvh Arnfrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Da har jeg mottatt bladet som PDF fra Dag og Tid. Sissels farsslekt er fra samme Kyrkjebø som morfars slekt. Det er slekt, ja.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Eg fann også ut at ein kunne kjøpa einskildutgåver som PDF-fil direkte frå Dag og tid som ein vanleg netthandel. Det var bra for eg har endå ikkje funne ut korleis eg skal bruka den nye scanneren min.Elles burde du jo abbonnera på Noregs beste avis; Dag og Tid ;-))

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jarl V. Erichsen

I min vestlandske svigerfamilie er det gjort et stolt poeng av at det er perspektivet som møter oss når vi kjører over Strynefjellet - mot vest - som gav inspirasjonen til teksten. Der finnes jo også veien til Geiranger og vi har Skjåk 'i ryggen', så helt galt er det vel ikke. Men tolker jeg det dere har skrevet som at forfatteren ikke så ned i Oppstryn m.v., men så utover Geirangerfjorden? - Jarl -

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jarl V. Erichsen

I min vestlandske svigerfamilie er det gjort et stolt poeng av at det er perspektivet som møter oss når vi kjører over Strynefjellet - mot vest - som gav inspirasjonen til teksten. Der finnes jo også veien til Geiranger og vi har Skjåk 'i ryggen', så helt galt er det vel ikke. Men tolker jeg det dere har skrevet som at forfatteren ikke så ned i Oppstryn m.v., men så utover Geirangerfjorden? - Jarl -

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Oppstryn er nok ein fin stad det, men det var neppe i dei traktane at Tore Ørjasæter skriv songen. I følgje artikkelen i Dag og Tid, så er det så ymse versjonar om akkurat kvar i Geirangertraktane at songen vart til, men sidan førsteutgjevinga også har Geiranger som tilskrift under diktet, så er det vel ikkje særleg tvil om at det er rette staden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Har konsultert den delen av slekten som har hatt kontakten med Terje Aarset. De har hatt mye kontakt og han besøkte også min tante midt på 1990-tallet.Min familie er overbevist om at Tore Ørjasæter skrev diktet Vestland i Geiranger i 1908. Terjs Aarset har hatt mye kontakt med de fra den slekten som har tilhold i og rundt Geiranger. Han kommer forøvrig ut med en bok til våren om nynorske songar gjennom tidene, der Å Vestland, Vestland er viet et helt kapittel.Morfar bodde i Skjåk fra oktober 1909 til sommeren 1911, 2 skoleår. Skoleårene var kun på 12 uker, 6 uker høst og 6 uker vår, på denne tiden. Med vielse i Sveio 27.9.1909, fotografering i Haugesund to dager senere, skal de ha rukket skolestart fint. Sommeren 1910, da mormor var gravid med sitt første barn, gikk de to fra Skjåk til Fortun innerst i Sognefjorden. Derfra må de ha fått båtskyss til Kyrkjebø, der de tilbrakte første del av sommerferien hos morfars foreldre. Så dro de til Sunnhordland til mormors familie i Sveio, der hun fødte 29. august 1910. Tante ble døpt 13 dager senere, og de har rukket greit opp igjen til Skjåk til nytt skoleår.Dette skoleåret, 1910-1911, ble diktet Vestland tonesatt av morfar. Tante forteller at Tore var tilstede da morfar spilte tonen på orgelet. Dette er hun selvsagt blitt fortalt av foreldrene. Sommeren 1911 flyttet morfar, mormor og tante til Hem, Lardal, i Vestfold.Mvh Arnfrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

3. avsnitt 2. linje skal stå, '...fra Skjåk til Skjolden innerst....'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk så mykje for interessant orientering Arnfrid!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarset

Sidan det er eg som har skrive artikkelen i Dag og Tid, har eg lese med interesse det som har stått på denne debattsida siste dagane.Solveig Tesdal hadde eg første gongen kontakt med om 'Vestland' i 1977. I fjor (ikkje i midten av nittiåra) var eg i Arna og vitja henne og sonen Jon, som eg har hatt kontakt med i fleire år. Norsk Toneblad 4/1913 har familien fått av meg.Artikkelen i Dag og Tid laut eg skjere ned til om lag 7000 teikn, slik at han kom inn på ei side. I lokalavisa Møre-Nytt (Ørsta) fekk eg breie meg litt meir i laurdagsnummeret (6.9.). Der er også fleire og til dels andre bilete og illustrasjonar. Men den artikkelen som skal i bok (truleg til våren), er dobbelt så lang, med langt fleire detaljar om tekst og korleis songen vart til i Geiranger sommaren 1908.Eg vil til slutt nytte høvet til å kome med ei retting. Eg skriv om Kyrkjebø på sørsida av Sognefjorden. Det rette skal vere at Sigurd Førsund var frå Kyrkjebø i Sogn og voks opp på garden Førsund på sørsida av Sognefjorden. (Garden Kyrkjebø ligg på nordsida av fjorden.)Dersom nokon har opplysningar som kastar nytt lys over historia til 'Vestland', kan dei kontakte meg på Høgskulen i Volda.Beste helsingTerje AarsetBeste helsing

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Terje,Det var eg som mistolka Jon då eg skreiv at du hadde vitja tante på 90-talet. Det ber eg om orsaking for.Elles har vel Jon formidla det eg so langt har. Eg er, som sagt, overtydd om at Vestland vart tonesett medan Sigurd og Arnfine budde i Skjåk, og truleg det andre skuleåret, 1910-1911. Dette meiner eg å hugse morfar fortalde den tida vi budde saman med dei, 6-7 år.Mvh Arnfrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Til Terje!Er det lov å spørja om kva andre songar boka di vil omhandla? Eg er oppvaksen med songboka til Søraa og kan vel framleis både tekst og tone til mange av songane der. Vil boka di ta føre seg nokre av songane der kanskje?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarset

Her er eit oversyn over songane som er med.Aa.O. Vinje: Blåmann (1860) Ivar Aasen: Nordmannen (Mellom bakkar og berg) (1863) Ivar Aasen: Dei gamle fjelli (1863) Kristofer Janson: Ung Åslaug (1867) Per Sivle: Den fyrste song (1877) Arne Garborg: Gud signe Noregs land (1878) Elias Blix: Gud signe vårt dyre fedreland (1889/90) Anders Vassbotn: Å leva det er å elska (1893) Elias Blix: Å eg veit meg eit land (1896) A.H. von Fallersleben, oms. Peter Hognestad: Fager kveldsol smiler (1904) Anders Hovden: Fagert er landet (1907) Tore Ørjasæter: Vestland (Å Vestland, Vestland) (1908) L.F. Hov: Mot jol (Kaldt og mørkt og lite sol) (1912) Anders Hovden: Joleklokkor yver jordi (1923) Jakob Sande: Det lyser i stille grender (1931)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Tusen takk til Terje for dette oversynet. Her var jo mykje kjend og kjært, ikkje minst for slike som meg. Eg trur vi song Fager kveldssol smiler annankvar skuledag gjennom 7 års skulegong.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.