Gå til innhold
Arkivverket

[#62612] Kva står nederst på side 1 i kyrkjeboka for Fusa frå året 1669?


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Christian Arentz

Kjllaug (47): denne Catharina Loss (Loos) skal ha vært datter av skipper i Bergen 1696 Lauritz Madssøn Heiberg (1671 Luster - 1707 Bergen) og en Marie Michelsdatter Garberg. Hennes etternavn skal være av ukjent opprinnelse.Da runder jeg av her -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Eg takkar igjen på alle gode og kloke innspel, og trur dette var ein nyttig runde for dei av oss som syslar med Lossætta og liknande.Vedkomande denne Brita Loß så kan vi kanskje vera einige om at ho på éitt eller anna vis er i familie med dei hine Lossane. Det er vel òg semje om at ho ikkje er nokon opplagt kandidat som kona til Jens Loss (dvs. som fru X Loß), men ut frå det vesle vi veit kan det vel heller ikkje utelukkast.Eg vil i denne samanheng peika på at det er godt mogeleg at ho var ei yngre søster av Jens Samuelson Loss, eller ei svigerinna. Altså at ho antan kan vera ei dotter eller svigerdotter av gamlepresten i Os, Samuel Steffenson Loss. Og dersom ho (Brita) var yngst i søskenflokken (der Jens truleg var den eldste som levde opp) var ho kanskje ikkje så mange år eldre enn dei eldste borna til broren Jens. Sjå elles Lampe si opplisting av dei kjende borna til Samuel. Eg understrekar at dette sjølvsagt berre er ein hypotese, men - hypotesen er vel ikkje heilt urimeleg?Var Brita kona til Anders Jensson Loss? Tja, eg veit naturlegvis ikkje - det er vel mogeleg det òg, men i dei kjeldene eg til no har frekventert er det ikkje noko som tyder på at han var gift. Brørne Henrik og Niels Loss var ugifte, medan Samuel var gift og etter alt å døma også bornlaus òg. I alle høve hadde Samuel Jensson på Holmefjord ingen etterkomarar som overlevde han.Henrik Loss på Molda hadde, etter kva eg oppdaga for nokre år sidan, i alle fall eitt uekte barn i 1673 (dette har også den aldri kvilande Christian funne ut), og eg meiner òg at eg i si tid fann att dette barnet hans i eit anna prestegjeld.Men akkurat dét skal eg ta opp i ein annan tråd som berre handlar om Loss, og ikkje her. Eg takkar igjen for hjelpa, og ber om at tråden no vert avslutta. På førehand takk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.